Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Når Stjernø-støvet har lagt seg

Forskarar og studentar, rektorar og direktørar, distrikts- og nasjonalpolitikarar: Alle raser mot Stjernø-utvalet for høgare utdanning sine tiltak for å rydde opp i nokre av problema i norsk akademia. Eller mangel på akademia, sia ein del av dei korte profesjonsutdanningane ved høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg knapt kan kallast forskingsbasert, slik dei er pålagt å vere etter norsk lov.

Allmennlærarutdanninga har fått kritikk for både manglande forskingskompetanse og dårleg kopling mellom teori og praksis; sjukepleiarutdanningane fekk stryk i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningens (NOKUT) evaluering for to år sia. Stjernø-utvalet foreslår å samle fagmiljøa meir, og om nødvendig tvinge fram samarbeid der det i dag er konkurranse og delvis unødvendig ressursspreiing.

Utvalet foreslår å la norske høgskular og universitet alliere seg i åtte til ti universitet. Viss dei ikkje er interesserte i dette, vil utvalet at regjeringa skal avgjere kven som må leike med kven. Og det skaper naturleg nok ramaskrik hjå menneske som er vande til å bestemme sjølve. Det er sjølvsagt freistande å seie at utvalsleiar Steinar Stjernø er ein fusjonskåt sentralist som av prinsipp trur statens klamme hand best kan styre dei frie fagmiljøa.

Det er ikkje sikkert storfusjonar over ein låg sko er løysinga på alt. Men kva er alternativa? Kanskje er det økonomiske incentiv for samarbeid. I dag lønner det seg ikkje økonomisk å samarbeide for høgskular og universitet. Kanskje er det meir pisk frå Kunnskapsdepartementet, som årleg møter utdanningsinstitusjonane for å fortelje dei kor landet ligg, eller bør ligge. Eller kanskje ordnar det seg slik at dei som er naturlege samarbeidspartnarar finn kvarandre, slik det til ein viss grad fungerer på kjønnsmarknaden. Universitets- og høgskolerådets leiar Jarle Aarbakke er blant dei som er ein stor tilhengar av romantikkens metaforar når han i diverse fora snakkar om fri vilje og tvang i fusjonsdebatten. Venstres Odd Einar Dørum er for avtalte institusjonsekteskap, så lenge dei er frivillige og partane kjenner til medgifta.

Å kategorisk avvise tvang som ein måte å betre ressursbruken i norsk høgare utdanning på sikt, er feil. Eitt av problema i dag er at Regjeringa medvite kuttar i basisløyvingane til høgskulane og universiteta. Når kutta i rettleiing, undervising, og nedlegging av økonomisk ulønnsame fag kjem, seier dei at institusjonane sjølve har eit ansvar for å prioritere rett. Og det er frustrerande for ein sektor som sia 2003 har vore i gang med å gjennomføre ei kvalitetsreform, og som ikkje har fått midla som skal til for å gjennomføre det Stortinget har bestemt.

Høgare utdanning er eit statleg ansvar og må ha eit nasjonalt perspektiv. Da må det vere lov å be om at det ikkje nødvendigvis er dei som ropar fusjons-alarm høgast som skal vinne fram. Dei fleste av oss er glade i status quo, men meir pengar takk! Det siste er det legitimt å be om frå ei regjering som i to år har kutta i løyvingane til dei som skal utvikle «hovuda vi skal leve av etter oljen», som Kristin Halvorsen og andre er flinke til å seie når dei omtalar «Kunnskapsnasjonen Norge». Men da bør ein samtidig godta premisset om at kvalitet i utdanninga må gå framfor å ta vare på alle høgskulane og universiteta vi har i dag. Vi treng å samle dei fagmiljøa som er mest sårbare, i tillegg til å gi dei korte profesjonsutdanningane det årlege 100-millionars kompetanseløftet som Stjernø-utvalet foreslår.

Ein skigard kan ikkje vara evig, sjølv om han er sett opp i dei norske distrikta. Eit anna lite land, Nederland, slo seg opp på skipsfart og handel på 16- og 1700-talet. Og om vi er tilhengjarar av den globale finanskapitalismen eller ikkje, kan vi forsiktig innrømme at nederlendarane gjorde det bra mellom anna fordi dei var smarte, innovative og internasjonalt orienterte gründerar, ikkje fordi dei hadde naturresursar som olje, gull eller kaffe. Den nederlandske stordomstida varte fram til dei, som så mange andre, tapte i den økonomiske konkurransen med det britiske imperiet på tampen av 1700-talet.

Jamstore Noreg har hatt ein økonomisk gullalder sia slutten av 40-talet. Men indikatorane på både lesekunna hjå 15-åringane så vel som midla landet brukar på høgare utdanning (private og statlege midlar kombinert) tyder på at vi kjem til å slite i kompetansekonkurransen med utlandet om 15-20 år, kanskje før.

Det er ikkje mange i dag som ønskjer seg tilbake til 100 statlege høgskular, slik situasjonen var i 1994. Og dei som ønskjer seg tilbake, bør ha fått nok tid på seg til å venne seg til den nye situasjonen. I dag har vi 25 statlege høgskular. Kunnskapslandet har ikkje ramla utfor stupet av den grunn. Tvert om, vi har 20 prosent fleire studentar no enn for ti år sia.

På slutten av skuledagen er ein kanskje nøydd til å finne ut kor få studentar eit studium kan ha før det er lurt å flytte saman nokre av utdanningane som driv med det same. Talet på studentar gikk ned i 2007, og som Stjernø-utvalet skriv i rapporten «Sett under ett»: ungdomskulla her på bjerget blir berre mindre frå 2020.

Kva er så best for studentane, som er framtidas garantistar for eit godt velferds-Noreg som samtidig er konkurransedyktig med resten av verda? (Saman med den overnemnte oljen.) Nærleik til utdanninga eller store campus med varierte studie- og fagmiljø? Studentane er heller ikkje alltid samde om kva som må skje framover, og det finst ikkje ålmenne fasitsvar på kva som er best av tvangsfusjon og fri vilje. Følelsan dæm slit i oss, og vi parafraserer Åge Aleksandersen: Kva bør utdannings-framtida gi? Det verste Stjernø-støvet som har blitt virvla opp av dei ryggmargsrefleksive fusjonsreaksjonane har snart lagt seg. Til slutt håpar Studentenes Landsforbund at kvalitet i utdanninga blir viktigare enn å ta vare på alle høgskulane og universiteta vi har i dag.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media