Når trollene sprekker

Det er to troll i vår tid, som har vakse seg store, så store at dei snart vil sprekka. Det eine heiter Eurovision, det andre heiter Olympiske Leikar.

ABSURD: - Er det ingen lenger som bryr seg om at kultur, språk og musikk frå eit mangearta kontinent druknast i eit støyande og absurd sceneshow? spør innleggforfatteren. Her er årets vinner av Eurosong, dragartisten Conchita Wurst fra Østerrike. Foto: Bjørn Langsem
ABSURD: - Er det ingen lenger som bryr seg om at kultur, språk og musikk frå eit mangearta kontinent druknast i eit støyande og absurd sceneshow? spør innleggforfatteren. Her er årets vinner av Eurosong, dragartisten Conchita Wurst fra Østerrike. Foto: Bjørn Langsem Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Det er to troll i vår tid, som har vakse seg store, så store at dei snart vil sprekka. Det eine heiter Eurovision, det andre heiter Olympiske Leikar. Kven som skal kasta ljoset på dei, som får dei til å sprekka, veit vi ikkje enno, men vi kan vera med på det om vi vil.

Om ein har sett på det tiltakande absurde i sceneshowa i Eurovision det siste tiåret, der meining og formidling av noko ein vil seia fosvinn meir og meir, år for år, så blir ein sitjande og undrast kvifor ingen spør: Kva vil dei med dette? Er det ingen lenger som bryr seg om at kultur, språk og musikk frå eit mangearta kontinent druknast i eit støyande og absurd sceneshow? Den kulturelle falitten nådde i år så langt at den store europeiske kulturnasjonen, Tyskland, ikkje eingong våga å bruka sitt eige språk til ein song. Er det ingen i den merkverdige heiagjengen for konkurransen som stussar over det dei ser?

Og Olympiske Leikar for vinter og sommar, kva har det blitt til med tanke på idrett og likeverd i kappestrid mellom folk frå land rundt om i verda? Etter gigantomane opningsshow i London og Sotsji kan ein her og spørja: Kva er meininga? Kva vil dei anna enn skryta av seg sjølv? Kvar er det blitt av grunntanken om sunn sjel i ein sunn lekam som eingong skulle bera idretten? I Sotsji hadde dei klart å laga fristilløyper som var så krevjande at det gjekk på liv og helse laus. Og konkuransepresset har blitt så ille at ein ikkje lenger veit om det er fornamn eller etternamn til doping.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer