OTAN: Jens Stoltenberg skal ha lova president Hollande å ta eit franskkurs. Foto: AP / NTB Scanpix
OTAN: Jens Stoltenberg skal ha lova president Hollande å ta eit franskkurs. Foto: AP / NTB ScanpixVis mer

NATOs mann i Norge

Eit fornuftig arrangement utan tvang.

Kommentar

DENNE VEKA er Jens Stoltenberg vist fram som ny generalsekretær i NATO. (Eller OTAN, for han har lova president François Hollande å ta eit fransk-kurs). Mens fleire av medarbeidarane konverterte til First House, har Stoltenberg gått til White House. Jobbinstruksen er å vera løpegutt for Pentagon og generalane, stå opp mot Vladimir Putin (KGB) og reisa Europa rundt for å mana kriseramma land til å bruka meir pengar på krigsmakta. Ein kan jo lura på om Stoltenberg får større suksess med å gjenskapa seg sjøl enn den meir verdskjende nordmannen, Oli Solskar, som putta ballen i tyskarane sitt nett og var stor i Molde, men trente Cardiff frå Wales ein divisjon ned. Men eitt er sikkert: Om NATO/OTAN under Stoltenbergs vakt ber Norge kriga i koalisjonar av villige, kan ikkje Erna Solberg og Segway-regjeringa seia nei etter alt dei investerte for å få eksportert han. Det må minnast om at Jens Stoltenberg ikkje er Norges mann i NATO, men NATOs mann i Norge. Ein parallell til Gerhard Heiberg, som ikkje er Norges mann i IOC/CIO, men deira mann i Norge.

NOBELPRISEN får Stoltenberg neppe før han har utretta noe, slik det var med Barack Obama. I alle fall ikkje så lenge hans gamle venn Thorbjørn Jagland leiar komiteen. Og Jagland sjøl kan vel ikkje få den før han har gått av som sjef for Europarådet. IOC/CIO er ein meir sannsynlig kandidat dersom Oslo får the best winter olympic games ever i 2022.

MOT NORMALT framstår Kristelig Folkeparti som like krigarsk som sin tidligare statssekretær, den pavelige Janne Haaland Matlary. Det må vera fordi det luktar kristenmanns blod, religionskrig og korstog. Og dei har visepresident Joe Biden on their side. Han har lova å forfølgja IS-terroristane til helvetets portar, for det er der dei skal hamna.

BJØRHEIMBYGDS nest største dotter og Arbeiderpartiets rising star, Hadia Tajik, gifta seg på Stordalen-hotellet The Thief med stortingskollega Stefan Magnus Brittmark Heggelund, som sommarvikarierte som talsmann for Høgre. Det er eit fornuftig arrangement utan tvang. I Høgres gruppe plar dei gifta seg med kvarandre. Men etter Gro Harlem og Arne Olav Brundtland er tverrpolitiske ekteskap ikkje lenger eit brot med Arbeiderpartiets familiepolitikk. Olav var medlem av bydelsutvalet på Bygdøy for Høgre og gift med Gro. Då statsminister GHB ein gong var på delegasjonsreise i Midt-Austen, brukte ein norsk diplomat den alliansen for å visa det gode samarbeidet over partigrensene i Norge. Men vertskapet var ikkje imponert: Det er akkurat som hos oss, sa dei. All makt samla i den styrande familien.

DET BLIR ROPT ulf, ulf og klaga over at Fremskrittspartiet er snikleirsteinifisert. Mens Per Sandberg meiner at Ulf Leirstein har «dræti seg ut». Som om det skulle vera noen nyhet at Fremskrittspartiet kommuniserer dobbelt. Det er partiets sjel. La oss minnast eit jungelord av Kåre Willoch, rett nok om eit anna parti Høgre var i regjeringssamarbeid med: «Man kan ikke bebreide tigeren at den har striper».

PS: Ikkje tykk «like» på denne siste før du har tenkt deg godt om.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook