HEIL PÅ DEG: Adolf Hitler og Benito Mussolini under et møte i Italia i 1938. (AP Photo)
HEIL PÅ DEG: Adolf Hitler og Benito Mussolini under et møte i Italia i 1938. (AP Photo)Vis mer

Nei, Hitler var ikke sosialist

Venstresida har mer enn nok med å forholde seg til Stalin, Mao og andre kommunistiske despoter om de ikke skal belemres med fascismen også.

Meninger

«Det er bøgernas fel» heiter ein herleg sjølvironisk, svensk song der soparane får skulda for alt som går galt i Sverige og verda for øvrig. Langt frå like forlysteleg er det stadige omkvedet om at alt er jødane, dei mørkhuda, feministane og muslimane sin feil.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

I det siste har det dukka opp eit nytt og stadig meir halsstarrig refreng i sosiale media. I eit forsøk på å skrive historien på nytt, prøver høgreradikale på forunderleg vis å avbrunifisere og blendakvitifisere fascisme og nazisme ved å synge: «Det er sossernas fel». Eller som dei seier sidan dei er norske: «Det er sosialistane sin feil.» Alt er deira feil.

Den mest hardnakka påstanden er at Mussolini og Hitler var sosialistar og at fascisme og nazisme = sosialisme. Ja, tenk så herleg det hadde vore om høgreekstreme kunne få vere høgreekstreme i fred utan at brungrumset heile tida heftar ved dei.

Som ung var Mussolini usedvanleg vinglete politisk. Fyrst anarkist. Deretter sosialist. I eit par år. Internasjonalt orientert sådan. Så til dei grader at han ville kaste det italienske flagget på søppelfyllinga. Og pasifist. Så blei han krigsforkjempar og blei kasta ut av sosialistpartiet. Med stor iver kjempa han som soldat i fyrste verdskrigen og blei glødande nasjonalist.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I kjølvatnet av krigen, med politisk kaos, enorm arbeidsløyse og inga samlande makt i italia, formulerte Mussolini sitt politiske tankegods og kalte det fascisme. Fascismen var og er sterkt nasjonalistisk, antikommunistisk og antidemokratisk. Det skal bare vere ein leiar (les diktator). Mussolini kuppa makta i Italia i 1922 og blei etter kvart den diktatoren han meinte eit fascistisk land skal ha.

I det like kaotiske etterkrigs-Tyskland, dukka Hitler opp på arenaen med politiske idear som slekta på fascismen. Idear han vidareutvikla med blant anna ekstreme raseteoriar. Dette skreiv han ned i sitt politiske manifest, «Mein Kampf», medan han sat i fengsel etter eit mislukka kuppforsøk i München i 1923. Hitler blei lenge sett på som ein politisk klovn. Det var fyrst då børskrakket på Wall Street i 1929 kasta Tyskland ut i nytt økonomisk kaos og aukande arbeidsløyse at han fekk oppslutnad. På grunn av sine løfte om eit nytt Stor-Tyskland og jobb og brød til folket. I 1933 kom han til makta, og etter ei folkeavstemming i 1934 der 89,9% av det tyske folk gav han fullmakt til å bli eineherskar, kalla han seg Der Führer og blei den despoten vi kjenner så altfor godt til.

Fleire og fleire påstår at han var sosialist sidan han kalla partiet sitt «nasjonalsosialistisk». På Twitter blei dette nyleg glitrande godt sett på plass med følgjande tweet: «Dei som plasserer Hitler på venstresida av politikken på grunn av ordet «sosialistisk» i partinamnet, heiar vel òg på demokratiet i Den nordkoreanske demokratiske (!) republikk?» Eg tenkjer: «Kvifor ikkje bare kalle Hitler det han vitterleg var: Nazist?» Er det så komplisert?

Noko av det fyrste Hitler gjorde då han kom til makta, var å forby både det sosialdemokratiske- og kommunistiske partiet. Om han hadde vore sosialist, hadde han vel heller samarbeidd med dei. Han inngjekk ei ikkjeåtaksavtale med Stalin for å kunne invadere Polen utan å vekkje den russiske bjørnen. Men hans våte draum var å knuse det kommunistiske Sovjet og Stalin og skaffe det tyske folk «Lebensraum». Hitler insisterte på at jødar og kommunistar konspirerte for å øydeleggje verda. Høgreradikale i Noreg har bytta ut jødar med muslimar og hevdar at Arbeiderpartier konspirerer med sistnemnde for å øydeleggje Noreg

Eit anna postulat som stadig oftare dukkar opp, er at høgreekstremisten og 22/7-terroristen var eit AP-produkt. «Ja, det må han vere, for han har sagt at foreldra var i Arbeiderpartiet,» er eitt av argumenta. Nei og atter nei. Det er lett å forstå at høgreradikale ikkje vil bli assosierte med massemordaren. Men han var og er ikkje eit AP-produkt. Ei heller eit Frp-produkt. Han var ingen marionette eller fjernstyrt robot. Han adopterte høgreekstreme idear og konspirasjonsteoriar om AP og muslimar og valde sjølv å bli terrorist og massemordar.

Det nyaste tilskotet til «det er sosialistane sin feil» argumenta, er at venstresida er dei eigentlege rasistane. «Ingen må påstå at Ku Klux Klan ikkje er sosialistar!» Dessutan hatar dei «blodraude» sine politiske motstandarar. Og vips, så er politiske motstandarar ein ny rase. I tillegg hatar venstrevridde menn og kvinner blendakvite menn. Spesielt om dei er over femti og ganske sinte. «Rasistisk hat», blir det hevda.

Eg forstår inderleg godt at høgreradikale desperat prøver å dytte høgreekstreme fanebærarar som Hitler, Mussolini, Quisling og 22/7-terroristen over på venstresida. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå at dei prøver å vaske av seg rasiststempelet. Men det nyttar ikkje. Same kor hardt dei gnikkar og gnur; brunflekkane kjem ikkje av. Dessutan har venstresida meir enn nok med å forhalde seg til Stalin, Mao og andre kommunistiske despotar om dei ikkje skal belemrast med fascismen òg.

Det merksnodige oppe i det heile er at medan det ytterste venstre har gravlagt tidlegare tiders tyrannar og let dei kvile i fred, driv høgreekstreme og grev opp sine og vekkjer dei til live att. Men når dei fælslege ansikta deira dukkar fram, og dei oppdagar at eigne speilbilde er som kloningar av dei, ja, då vil dei sporenstreks dytte dei frå seg og ut til venstre der dei slett ikkje høyrer heime.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook