Bompenger:

Nei til Ja til bilen i Oslo

Farvel gigantsatsing på kollektivtrafikk. Farvel enda meir tilretteleggjing for mjuke trafikantar og utvikling av nye bilfrie byrom. Farvel reinare luft.

Misfornøyde: I 2017 møtte rundt 4000 mennesker fram for å markere sin misnøye med bomring og økning av avgifter i Oslo. Miljøpartiet MDG fikk gjennomgå.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Misfornøyde: I 2017 møtte rundt 4000 mennesker fram for å markere sin misnøye med bomring og økning av avgifter i Oslo. Miljøpartiet MDG fikk gjennomgå. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixVis mer
Meninger

«Sorry altså, men jeg har mistet all form for respekt for syklister generelt og tar ingen hensyn til de lengre når jeg kjører ute i trafikken. Sjekker knapt nok speilet når jeg svinger av.»

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Nei, det er ikkje eg som har røyka sokkane mine. Det er ikkje mine ord.

Tenk om folk med slike haldningar skulle vere med å styre og leggje til rette for mjuke trafikantar i Oslo! Eit skrekkscenario, sjølvsagt. Eller ikkje. Dama bak fb-sitatet, Kikki Christel Nyhagen, står på tiandeplass på Bompengepartiet i Oslo si val-liste og kan såleis hamne i Bystyret til hausten.

Europas miljøhovudstad, eller Oslo som han òg heiter, har opplevd ein raudgrøn revolusjon dei siste åra.

Lufta har blitt merkbart betre til glede for alle som ferdast ute. Spesielt for barn og folk med luftvegsproblem. Det er mindre bilkjøring, færre dieselbilar og fleire el-bilar. Det har dukka opp kilometervis med raude sykkelfelt rundt i byen. Sykkelfelt Bompengepartiet forresten vil fjerne. Og det har aldri vore satsa så sterkt på byggjing av sykkel- og gangvegar som no.

I tillegg har det blitt fleire bilfrie område til glede for Oslo sine borgarar som stadig får fleire bilfrie arenaer å boltre seg på. Dette bidrar til eit yrande folkeliv over store delar av byen.

Skeptikarar til denne politikken, både politikarar og handelsstanden, har lenge spådd Oslo sentrum sin snarlege død om folk ikkje kan kjøre dit uhindra. Dette har heldigvis ikke slått til. Nyleg offentleggjorde Institutt for bransjeanalyser tal som viser at handelen ikkje har gått ned på grunn av endringar i trafikkmønsteret.

Byrådet har gigantplanar klare for ei langsiktig, vidare utvikling av ein miljøvennleg hovudstad. Det skal mellom anna byggjast t-bane til Fornebu, t-banetunnel under Grünerløkka, og det skal kjøpast inn ei mengd med nye trikkar. Ei satsing som er muleggjort gjennom ein revidert Oslopakke 3. Føresetnaden for satsinga i hovudstaden er at ho skal delfinansierast av bompengar.

Dette er altså nokre av planane for utviklinga av Osloregionen. Eller var. Heilt til Bompengepartiet dukka opp med bystyreliste og ambisjonar om å vere med å styre Oslo. Om dei andre på lista har eit like rabiat forhold til syklistar som ho som står som nummer ti, anar eg ikkje.

Dei aller fleste er såpass ukjende at det er vanskeleg å vite kva dei står for politisk. Ja, bortsett frå at kvar einaste ein av dei tykkjer det aller viktigaste spørsmålet i norsk politikk i dag, er bompengar. Det vil seie; ingen bompengar. Bilen har for dei ein slags heilag-ku-staus, og ingen skal hindre dei i å kjøre dit dei vil når dei vil. Og det gratis.

Aldri såg ein vel ein meir egoistisk og kortsiktig politikk. Dei er viljuge til å skrote Oslopakke 3 for fri flyt for bilen. Farvel gigantsatsing på kollektivtrafikk. Farvel enda meir tilretteleggjing for mjuke trafikantar og utvikling av nye bilfrie byrom. Farvel reinare luft.

Det mest ufattelege, på grensa av det absurde, er at titusenvis av osloborgarar, i fylgje meiningsmålingar, også tykkjer at å sleppe å betale bompengar er det viktigaste av alt og har planar om å stemme på Bompengepartiet.

Forresten; det mest ufattelege er at FrP og Høgre i Oslo skamlaust byr seg fram og er klare til å legge seg på rygg for antibompengerørsla for å få makt i Oslo. Grunnen er at dei mister stemmar til dei. Det kan føre til at dei blå må sjå langt etter Bystyre-taburettar i neste periode òg.

FrP, sjølvaste bompengepartiet, har i regjering ført ein samferdslepolitikk med kolossal utbyggjing av vegar. Som skal bompengefinansierast. Ambisiøs ris til eigen bak. Kjerneveljarane deira flyktar opp i fanget på dei som lover gull og gratis asfaltvegar.

Difor prøver FrP desperat å bli meir antibompengar enn Bompengepartiet. Så no er dei òg viljuge til å skrote Oslopakke 3 og samarbeide med nykommerane på den politiske kremmarmarknaden.

Sjå om ikkje Høgre òg summar rundt honningkrukka. Partiet sin byrådsleiarkandidat, Eirik Lae Solberg, opnar for samarbeid med Bompengepartiet i eit eventuelt nytt Byråd om det kan gje dei fleirtal.

No har dei vore med på å vedta Oslopakke 3, men det skal bli spennande å sjå kva dei er viljuge til å ofre for å tekkast Bompengepartiet. Hovudstaden kan plutseleg få ein koalisjon som blir ein effektiv bremsekloss for vidare utviklinjg av ein miljøvennleg by.

Vi ser stadig at politikarar snur kappa etter vinden. Det skjer langs heile den politiske skalaen. Men makan til snuoperasjonar som det vi er vitne til no, har vi ikkje sett på uminnelege tider.

Som dogg for sola dunstar dei bort; ambisjonane om ein friksjonsfri kollektivtrafikk, om å nå klimamåla, om å lage tryggare, betre og sunnare byrom, om å skape ei framtid for barna våre. Slikt blir mindre vesentleg stilt opp imot den uuthaldelege bompengebøra dei hundsa og underkua billistane må bêre. Bompengar trumfar alt.

«Et par av disse [syklistane] har vært på nippet til å ligge over panseret mitt et par ganger – dog selvforskyldt. Og i min lille, syke hjerne har jeg faktisk tenkt; «fa.. at dere ikke fikk oppleve det en gang for alle – en liten/fatal lærepenge.» Slik sluttar Kikki Christel Nyhagen si fb-melding. Ho kan snart sitte i eit Byråd nær deg.

Godt val.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.