IKKJE DONERE: Ingen organ skal tas ut av kroppen min verken før eller seinare. Eg vil ha meg fråbedt at nokon endrar retninga livet mitt frå naturens side skulle ta, skriv kronikkforfattaren. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix
IKKJE DONERE: Ingen organ skal tas ut av kroppen min verken før eller seinare. Eg vil ha meg fråbedt at nokon endrar retninga livet mitt frå naturens side skulle ta, skriv kronikkforfattaren. Foto: Shutterstock / NTB ScanpixVis mer

Nei til liv etter døden

Når det finst eit kort som heiter «Ja til organdonasjon», bør det finnast eit antikort.

Meninger

Honnør til nevrologen Morten Horn som i Dagbladet 5. august skreiv om det å halda kunstig liv i nokon og organtransplantasjon. Det er prisverdig, ja på sin plass, at dei profesjonelle snakkar sakleg om det i det offentlege rom. Det gjer mellom anna at ein er betre førebudd om temaet skulle verta aktuelt på eit personleg plan, og det skaper større forståing for sjølvråderetten til nokon som ikkje kan snakka for seg sjølv.

Lilly Vinje
.
Lilly Vinje . Vis mer

Eg vil foreslå noko konkret som kan letta dette praktisk: Nett som det finst eit kort som heiter «Ja til organdonasjon», bør det finnast eit antikort.

Horn begynte interessant og klokt nok med å beskriva korleis ein turgåar på naturleg vis veit om det er ein livlaus person som ligg der i fjellet. Overlegen skifta så til sjukehussenga og formidla vel indirekte at det kunne vere det beste å ikkje halda ein person folk flest vil oppfatta som død, der hjernestamma er uoppretteleg øydelagt, kunstig i live.

Det er naturleg å vilja hjelpa. Nettopp også av den grunn har kort noko ved seg, i dette tilfellet også eit «Nei til kunstig livredning»-kort. «Reddar» du eller forlengjer livet til ein person mot hans vilje, anerkjenner du han ikkje og begår eit overgre. Du handlar uetisk mens du trur du er etisk.

Viss me kjem i ein sånn situasjon, så la meg dø, for livet er mitt til eg er død. Døden er også min, så ingen organ skal tas ut av kroppen min verken før eller seinare. Eg vil ha meg fråbedt at nokon endrar retninga livet mitt frå naturens side skulle ta, og ein kan ikkje lita på at pårørande vil sei det same. Dei tenkjer kanskje ikkje klart heller på grunn av følelsar.

Pårørandes autonomi i spørsmålet om organdonasjon trur eg vil dreie seg om kva dei trur den døande meiner. Det gjeld vel eventuell hjertelungeredning og, dei kan måtte ta stilling til det om det er forventa at eg skal dø. I sånne augneblinkar er tid dyrebar. Eit Nei-kort vil spara tid og tvil for pårørande og helsepersonell.

Den tidlegare leiaren av Rådet for legeetikk, Reidun Førde, har i Tidsskrift for Den norske legeforening mellom anna sagt: «For mange pårørende er det, når pasienten dør under intensivbehandling, et offer at man har gitt avkall på en naturlig dødsprosess. Videre har vi vært opptatt av å hindre en praksis som kan øke folks skepsis til organdonasjon som livreddende virksomhet.»

Eg vil ikkje auka den skepsisen, og merkar meg forresten at regjeringen til og med oppmuntrar til å bruka «Ja til organdonasjon»-kortet. Eg vil berre sikra meg mot min eigen skepsis til at kroppen min kanskje ikkje forblir intakt eller ikkje får gå hen.

Eg vil ikkje komma i konflikt med legeetikk og pårørandes eventuelle beslutningvegring eller feiltolking av ynskjet mitt. Derfor vil eit Nei-kort vera eit alternativ og helst Nei til kunstig livredning-kort og hjerte-lunge-redning-minus-kort og. Fyrstnemna er moglegens lettare å få aksept for.

I teorien kan jo pårørande sei kva dei vil, for med mindre det finst skriftleg bevis på kva pasienten meiner, kan pårørandes anbefaling i verste fall vera det motsatte av det pasienten meiner.

Det kan tenkjast dei set si eiga, motsatte, overbevisning fyrst. Pasienten vil jo aldri merka det likevel, dei kan kanskje redda eit anna liv, noko anna tykkjer dei kanskje vil vera uetisk – hensynet til ein som enno er i live veg kan hende tyngre for dei enn hensynet til haldninga til ein som er halden kunstig i live, eller velgjer hjertestart og risikerer eller direkte forårsakar forlenga liding. Fundamentaletikken kan gå fundamentalt feil, så kvifor ikkje gjera alt for å forhindra det?

Det er vel ikkje noko kontroversielt i å nekta livsforlengande behandling eller nekta å gi organ? Eg seier ganske enkelt at det må jo berre vera rettferdig at det også finst nei-kort. Dessutan er det vanskeleg å nekta når ein ikkje er seg sjølv lenger, for å sei det mildt.

Bortsett frå organdonasjon føler eg nevrologens kronikk mellom linjene slo eit slag for det naturlege, og teleologisk sett er naturen på hans side for å sei det sånn, men at medisinen idag kan gjera meir og meir av det som er unaturleg, her - få hjertet til å slå og lungene til å pusta sjølv om du teknisk sett er død.

Så spør du kanskje: Kva er naturleg, kor er dei etiske grensene? Vel, forutan at ikkje alle dokterar er einige om det, så vil eg ikkje at dette skal bli ein semantisk diskusjon, for då kan du gå frå å sei nei til resusitasjon til eutanasi, for øvrig ein diskusjon som ikkje for ein kvar pris bør unngås, og såkalla «verdig død», i seg sjølv eit ekstremt suspekt begrep.

På tidsskriftet.no kan du klikka deg frå den eine diskusjonen til den andre, for eksempel: «Er norsk lov for streng i forhold til å stille dødsdiagnosen?» Eller: «Det kan skape vansker for behandlende lege å forklare de pårørende til en pasient med livstruende hjerneskade-/sykdom at man ikke finner grunnlag for å sette igang behandling, men at man gjerne vil iverksette tiltak for å bevare og bruke pasientens organer.»

Uansett kva Horn, andre dokterar eller medisinske etikarar meiner, eg veit kva eg meiner. Ingen skal sei til meg at eg er unormal viss eg ikkje vil ha livreddande behandling eller at eg blir mindre verdt eller ein mindre god samfunnsborgar viss eg ikkje gir kroppen min til fordel for andres kropp.

Kan ein tenkja seg eit framtidsmenneske som ikkje dør? Han får eksempelvis eit nytt hjerte, og eitt til, og enno eitt via resirkulering av organ. Vel, sånn det er no kan uansett ikkje kven som helst bli donor, ifølge organdonasjon.no: «De som faktisk blir organdonorer er som regel personer som dør av en hode- eller nakkeskade (ulykke, blodpropp eller blødning) og som blir behandlet i respirator.»

Men kven som helst kan komma til å ikkje få sett døden i augo, eller enda i den situasjon at det ikkje er håp. Då er det nok best å ha gitt sitt samtykke til enten det eine eller andre på førehand. Det er også empatisk overfor pårørande.