VIL UTVIDE ÅPNINGSTIDENE: Erik Ulfsby, teatersjef Det Norske Teatret.
VIL UTVIDE ÅPNINGSTIDENE: Erik Ulfsby, teatersjef Det Norske Teatret.Vis mer

Nei til sommer-opne teater

Behovet er størst i helgene.

Debattinnlegg

Dagbladet etterlyser på kommentarplass 5. august opne teater på sommaren. Vi er glade for oppmodinga om å vere tilgjengelege og opne. Det Norske Teatret er godt i gang med å leggje til rette for fleire speledagar gjennom året, men desse blir nok ikkje lagt til sommaren. Det er det gode grunner til.

Det er optimistisk å tru at det er ein marknad for teatra i juli. Var det tilfelle, kunne ein vente at privatteatra ville kaste seg over denne perioden der dei elles ikkje møter konkurranse. Men dei er meir eller mindre heilt usynlege dei òg - og det er det gode grunner til. Folk trekkjer ikkje til dei store teatra i fellesferien.

At teaterdrifta gjer sommaropne hus komplisert er òg ein del av bildet. Ferieavviklinga for dei tilsette i eit repertoarteater må leggjast til eit samla tidspunkt på året. Og det er ikkje utan grunn at denne perioden fell saman med perioden for den lågaste etterspurnaden. At store deler av personalet vårt, både kunstnarleg og teknisk, tar seg sommarjobb på spel, uteteater, i Dyreparken og på tallause sommarshow over heile landet, er dessutan med på å gi eit solid tilbod for ferie-Noreg som mange har stor glede av.

Påstanden om at teatra står låste frå sankthans til midten av august, gjeld nok berre for dørene i publikumsinngangen. For med drift store deler av døgnet året rundt, er det tid for teknisk arbeid og vedlikehald i sommarvekene. Berre i år har vi skifta tak, fortau og ein heis. Vi har flytta og oppgradert kontor, bygd om maskeavdelinga og bytta ventilasjonsanlegg. Det er med andre ord høgt arbeidstempo her i dei vekene publikum ikkje er innom teaterhuset.

Men det er riktig at vi i lang tid har sett på å utvide talet på speledagar. Vi har merka at etterspurnaden i helgene er større enn elles i vekedagane og arbeider derfor mot å opne teatret på søndagar. Dette er krevjande og tar tid. Vi er i samtalar med tilsette og fagforbund om arbeidstidsordningar og andre forhold. Likevel starta vi i fjor haust med nokre søndagsframsyningar, som ei gradvis innføring av teater på søndagar. Teater er til for publikum, og vi, som andre kulturinstitusjonar må kunne tilby framsyningane våre når publikum ønskjer å sjå dei. Ingen kan sjå for seg stengde museum eller kinoar på søndag. Det er på høg tid at teatra opnar dørene. Det handlar også om å oppretthalde eller auke inntektene utan å måtte kommersialisere repertoaret. Vi ønskjer altså å utvide talet på seter vi har ute til sal, og dermed også kapasiteten. Dette vil vi gjere på dei tidspunkta som er attraktive - og dei er altså i helgene, og ikkje i sommarferien.