BOK: Når eg les den nye sympatiske, nye boka til Nils-Øyvind Haagensen, er det to andre diktsamlingar som dukkar opp i tankane; den eine er Pedro Carmona-Alvarez si drivande «Prinsens gate», og den andre er «Mor Godhjertas glade versjon. Ja» av Jan Erik Vold.
Haagensen si bok liknar ikkje på nokon av desse, sjølv om alle tre startar ut med å referera til kartet; Vold nemner ei sprekk i ruta i Johannes Brun gate 12 A, Haagensen nemner Christies gate 34 a, og Carmona-Alvarez opnar symptomatisk meir generelt og famnande.
Vitalt
Meir er det slik at Haagensen utnyttar nokre av dei same strategiane, innfallsvinklane. Og han gjer det på sitt svært personlege vis. Her dreier det seg om å trekkja poesien endå eit hakk nærare, tettare, inntil den gjenkjennelege personen, den som skriv, slik tittelen fortel om. Kjærleik er ikkje «Kjærleik» med stor K, men det at Anna er glad i Nils-Øivind.
Ein vert trekt inn i den mest private og sårbare sfære i ei kvardagsskrift, eit dagbokslandskap. Og me trivst der. Me har det fint. Me er triste på kveldane.Pedro Carmona-Alvarez og Nils-Øivind Haagensen representerer med sine nyeste bøker ei velkomen vitalisering av den forteljande poesien på norsk. Nå er dei sjølvsagt ikkje einslege svaler, og mange andre arbeider seg òg fram mot ein flytande og energisk poesi.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger