Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Nissar i gettoen

Hip-hop begynte på ei juleplate av James Brown.

EIN AV GUDFEDRANE: James Brown. Her i Molde i 1986. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
EIN AV GUDFEDRANE: James Brown. Her i Molde i 1986. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix Vis mer

Her i huset står James Brown for det meste av julemusikken. Julesongane til James Brown er stort sett som dei andre songane hans, kanskje med litt meir tamburin og bjøller enn elles, og så nemner han nissen eller Jesus av og til. Slik kan det iallfall høyrest ut på overflata.

Når skribentar skriv om hip-hop og kvar denne musikken og kulturen kjem i frå, tyr dei fleste til oppramsingar av ei lang rekke gudfedrar. Eit namn som alltid, og med rette, er på desse listene, er James Brown. «The hardest working man in show business» var ein viktig forløpar for rapmusikken på fleire måtar.

For det fyrste har me rytmane: Ingen har vel vorte sampla til så mange beats som rytmeseksjonane til Brown. Og vokalen: James Browns til tider svært prosaiske måte å både skrive og levere tekstlinjer på, kan lett sjåast som ein link mellom song og rap. Og sist, men ikkje minst, stod James Brown i spissen for den mentale frigjeringa av det afrikansk-amerikanske mindretalet i USA, iallfall innan musikken. Det Martin Luther King jr. gjorde på talarstolane, tok James Brown til scena og got funky with it.

Brown hadde vist teikn på sosialt samvit og kome med forsiktige kommentarar i tekstane sine opp gjennom sekstitalet, men det var ikkje før Dr. King vart drepen i april 1968 at Brown vakna for alvor. Under opptøyane og den turbulente tida etter drapet, vart Brown ein viktig figur som opptredde på politiske markeringar og mana til ro og ikkjevald. Men han oppmoda ikkje til å stoppe kampen, tvert imot. I august kom singelen «Say it loud — I'm black and I'm proud», ein milepåle av ein sjokkerande bodskap i amerikansk popmusikk på den tida. Og det Brown her hadde å seie, var tydelegvis så viktig at han ikkje kunne synge det, så han snakkar gjennom nesten alle versa.

Låten vart ein stor hit, og måtte sjølvsagt vere med på James Browns komande longspelar. Det var tilfeldigvis ei juleplate. Slik enda «Say it loud ... » opp på A Soulful Christmas i desember 1968. Det er ikkje så merkeleg som det høyrest ut; for den nye borgarrettsaktivisten var alt politisk, også jula. Opningslåten på albumet, «Santa Claus go straight to the ghetto», er éi lang oppmoding til julenissen om å fare direkte til gettoen, for det er der dei treng han mest.

Funken, snakkesynginga, den etniske stoltheita og den sosiale aktivismen — alle brikkene som gjorde Brown til den store inspiratoren for hip-hop falt altså på plass på denne juleplata i 1968.

I «Santa Claus go straight to the ghetto» syng Brown at nissen skal gi gåver til alle ungane, og «tell him James Brown sent you, huh / (...) / You know that I know what you will see / 'Cause that was once me». Og seinare i teksten: «Don't leave nothing for me / I've had my chance, you see». Her trår vokalisten i karakter som seg sjølv, som den faktiske personen James Brown som kom frå svært fattige kår, men no er ein rik musikar. Denne tematikken ser me igjen seinare i tallause raptekstar: Musikkarrieren som veg ut av fattigdom, og korleis denne vegen igjen vert ei forteljing i mange av låtane i karrieren.

I dag finst det eit hav av amerikanske juleraplåtar, nokre morosame, andre meir alvorlege, men stort sett alle handlar om materiell velstand, eller mangel på det same — det kjem an på kvar på denne vegen ut av fattigdomen rapparen skriv i frå. Er det ved vegs ende, er gjerne julebodskapen å dele rikdomen med dei som framleis er i gettoen.

Som i «Santa Claus goes straight to the ghetto» av Snoop Dogg, Bad Azz, Daz, Nate Dogg og Tray Deee. Merk at dei har tatt James Browns tittel og endra det frå ei oppmoding til ei konstatering. Det er som om Snoop & co. helsar tilbake til James Brown, og fortel at i dag fer faktisk julenissen direkte til gettoen, og julenissen, det er oss, rapparane. «Cause those who ain't able to get it, now can finally get it / Cause the ghetto Santa Claus has sprinkled the hood and now we ballin'», rappar Daz, mens den alltid skakke Snoop deler ut gåver, kalkunar og jointar.

God jul.