No har du sjansen, Aasheim

SPRÅK: Dagbladet skal legge om papiravisa og legge meir vekt på kultur og debatt. For to som tykkjer kultur og debatt er mellom dei mest spanande delane i avisa er dette gledeleg. I same artikkel skriv de òg at de skal endre Magasinet Fredag, sånn at det blir eit større, breiare og meir tilgjengeleg magasin. Vi vil gjerne applaudere desse visjonane. Men det er noko som manglar. Nynorsken sjølvsagt.

Om de ønskjer fordjuping, og om de vil vere større, breiare og meir tilgjengelege: Kva er meir naturleg enn å sleppe nynorsken til? Om det er noko det norske folk har avgrensa tilgong til så er det riksavisar med godt kultur- og debattstoff på nynorsk! Vi veit at mange norske elevar slit med å lære nynorsk, som ein direkte konsekvens av språkpolitikken ført frå Akersgata; dei får rett og slett ikkje lese nok nynorsk i kvardagen. Samstundes er det mange ressurssterke journalistar som kunne ha skrive gode artiklar på nynorsk i avisa. Vi trur det hadde vore med å auke både breidda og djupna i avisa, samt at det ville gjere Dagbladet til ei meir ope, relevant og interessant avis.

Dagbladet er ei avis for heile landet, for heile folket; by og land. Det er på tide å ta inn over seg at mange engasjerte, kultur- og politikkinteresserte menneske vil ha nynorsk inn i rikspressa. I 2007 signerte så mange som 36 000 menneske Noregs Mållag sitt opprop for nynorsk inn i Dagbladet og VG. Det er ganske mange! Vi kan ikkje sjå noko argument for å halde fram med den gamaldagse språkpolitikken som stoppar journalistane dykkar frå å nytte nynorsk, som gjer at store delar av folket ikkje får møte målet sitt i dagleg i avisa.

På den positive sida er det ikkje sånn at Dagbladet er heilt nynorskfritt heller: bokmeldar og poet Helge Torvund får skrive på nynorsk. Debattinnlegg og kronikkar er på nynorsk. Ikkje har de ein einskapleg språkprofil elles heller, ved at de har både radikalt og konservativt bokmål og til og med engelsk, i form av ei rekke reklamar. Det kan verke som om de ikkje har nokon språkleg profil i det heile. Det gamle argumentet, sist høyrt frå Gudleiv Forr i Dagsavisen 2007, om at «det må vera orden på språket, elles blir lesarane forvirra» blir dermed heilt meiningslaust. Nynorsken har så og seie foten i dørsprekka. No er det på tide å sleppe resten inn. No har du sjansen, Aasheim, no har du sjansen!