Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Nok fjas

Lindmo intervjuar Eia. Eia inviterer Almås. Almås dreg på tur med Koss Furuset. Nei, ikkje enno. Men det kjem nok snart.

LEI: Torbjørn Kvitanesen skriver at han er lei av at Skavlan snakker med Linn Ullmann. Her fra en sending i 2011. Foto: Scanpix
LEI: Torbjørn Kvitanesen skriver at han er lei av at Skavlan snakker med Linn Ullmann. Her fra en sending i 2011. Foto: Scanpix Vis mer
Meninger

Eg er lei tompreiket, skrattinga og osloironien. Lei av at dei rosar kvarandre, tømer sine kjensler nedover ryggen på kvarandre og at Skavlan snakkar med Linn Ullmann.

Dei kan reisa til Hardanger, stå utanfor butikken og skaffa seg betre folk. Det er ikkje sikkert at dei har tenkt ut alle svara på førehand, dei har ikkje rosa skjerf i halsen eller spisse sko og høge helar.

Men dei har kanskje lese heile forfattarskapet til Einar Økland (ja, kvifor er aldri han på Skavlan?), ei er ukrainsk advokat og har henta plommer på Aga på fjerde sumaren, ein har stengt vegen for grannane, det er ein gut som ville hoppa på fossen for ei jenta frå Nestås, men har funne lukka med ein kar frå Karmøy.

Her kan det vera mykje å grunna på for ein programleiar. Ein bonde har seld mjølkekvoten og starta opp med å laga tøfler, ein røyrleggjar har vore i Afrika sytten gonger og veit alt om bend og band mellom folk.

Artikkelforfatter Torbjørn Ljones. Foto: Ingvil Skeie Ljones
Artikkelforfatter Torbjørn Ljones. Foto: Ingvil Skeie Ljones Vis mer

Det kjem gåande ein kar som høyrer sju stemmer og ikkje får sova, han vaknar av at han er ordførar i Finse kommune og har kontor i ein skavl under Juklen. Slike karar kan ha litt å fortelja. Ei kona kan alle Landstad sine salmar utanboks og har møtt Trumph i knebukser og krusa hår på femtitalet då ho var i Amerika.

Det finst folk som kan, som har levd eit liv utanfor latterdørene på Karl Johan. Dei er upolerte, av og til upopulære, nokre er sinte og andre er galne, men veit det godt. Snakk litt med katten, det er han so er varast i garden.

Innlegget ble først publisert på Torbjørn Ljones Facebook-side. Innlegget er gjengitt med tillatelse og har også stått på trykk i Bergens Tidende.