Nok tåkeprat

KORRUPSJON: Den nye justisministeren presterte skivebom frå feil standplass då han måndag sa til NRK1 at vi «i større grad bør ha offentlig ansatte fagfolk til å komme med slike uttalelser» om korvidt straffedømte skal sleppe å sone. Sandstrøm var jo offentleg tilsett i 1989 da Nå avdekka forhold som førte til etterforsking av Sandstrøm. Den andre som blir etterforska no, er oberst. Dei fleste legar, psykologar og juristar er ærlege, slik som andre folk. Og nye reglar hjelper heller ikkje. Dei som er rike og råtne kan kjøpe seg rundt kvar einaste regel. Om vi ser på korrupte aktørar i Oslo, er det mest alvorlege at toppleiinga i politiet har vori handlingslamma i 20 år. Dette er ingen kritikk av alle politifolk. Dei fleste er ærlege der og. Det handlar om svikt i leiarsjiktet i politiet og i justisdepartementet.Ta eitt eksempel: Ei sak der han som i dag er assisterande politidirektør, var på begge sider. Politijuristen Knut R. Mikkelsen vart i 1987 advokatfullmektig hos Morten Kjensli. Året før hadde psykolog John Sandstrøm hjelpt ein av sine underordna på fengselssjukehuset, slik at han slapp ubetinga fengsel for promillekøyring. Sandstrøm ba advokatven Morten Kjensli vere forsvarar. Så dikta han ein så «sterk» attest at hjelpepleiar Tordmod Lien skulle sleppe å sone. Så ba han ein psykologven ved Stovner psykiatriske poliklinikk, som aldri hadde sett Lien, skrive under «attesten». I retten gjekk det greitt, akkurat slik Kjensli på førehand sa til den skeptiske klienten sin. Då Lien året etter søkte om å få tilbake førarkortet, fekk han hjelp frå Kjenslis nye advokatfullmektig: Knut R. Mikkelsen. Problema melde seg hausten 1989. Da var Mikkelsen tilbake i politiet. Lien tok kontakt både med Hans Chr. Finstad i Nå og med kriminalsjef Aukrust og sa sanninga. Da måtte Stovnerpsykologen og forklare seg. Dermed sat politiet med to vitneforklaringar om at advokaten som nyleg hadde vori Mikkelsens sjef, hadde prosedert i retten på ein falsk attest. Og Mikkelsen var no sjef for retts- og påtaleseksjonen.

EG SYNST sjefane i Oslopolitiet «løyste» dilemmaet på ein måte som står til stryk. Daverande kriminalsjef Aukrust skreiv i DN sist onsdag at han flytta påtaleansvaret til visepolitimeisteren som blei vurdert til å vere habil. Det hjelpte ikkje stort. Dei to forklaringane som var farlege for Sandstrøm og Kjensli, vart nemleg fjerna frå saksmappa før Oslopolitiet innstilte på at saka skulle leggjast vekk. 13. september 1990 følgte førstestatsadvokat Huitfeldt dette rådet. Fordi Lien ikkje ga seg, måtte politimeisteren starte leiteaksjon. Og så - i november 1990 - vart dei to forklaringane gjenfunni. Dei låg på kontoret hos visepolitimeisteren! Det vart ny etterforsking og tiltale. Men rettssaka vart avlyst nokre dagar før Stovnerpsykologen skulle møte i retten.Kven som fjerna dokumenta veit eg ikkje. Men at jobben vart gjort, var hjelpsamt for Mikkelsens tidlegare sjef Morten Kjensli.

VI BØR SLUTTE å avfinne oss med den slags leiarskap i politiet. Vi bør og slutte å avfinne oss med alt det tåkepratet som ulike rikspolitikarar har levert den siste veka, etter at Dagens Næringsliv påviste at ein viss type korrupsjon lever like godt i 2005 som i 1990. Norge treng ein uavhengig etterforskings- og påtaleinstans som har makt, evne og vilje til å slåst mot korrupsjonsbeskyttarar «på høgt nivå i politiet», for å låne eit uttrykk Lasse Quigstad brukte i ein samtale med Hans Chr. Finstad i 1989. Jobb nr. 1 for Riksadvokaten er å flytte etterforskinga av Sandstrøm-systemet vekk frå Oslopolitiet.