DEBATT

Noko er gale i matbutikken min

I staden for å diskutere korleis vi får meir mangfald inn i daglegvarehandelen, må Konkurransetilsynet no vurdere om vi tåler færre aktørar. Det syner oss at noko er gale.

SNEVERT UTVALG: Det er vanskeleg å sjå for seg ein norsk daglegvarebutikk utan Tine Mjølk, Gilde Grillpølser eller Freia Melkesjokolade. Men var det endå vanskelegare for nokre år sidan? spør artikkelforfatteren.
SNEVERT UTVALG: Det er vanskeleg å sjå for seg ein norsk daglegvarebutikk utan Tine Mjølk, Gilde Grillpølser eller Freia Melkesjokolade. Men var det endå vanskelegare for nokre år sidan? spør artikkelforfatteren. Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Kjenner du butikken din? Kanskje veit du namnet på han som sit i kassen, kanskje veit han namnet ditt òg, sannsynlegvis veit han om du føretrekker Tine eller Q, Se og Hør eller Dagens Næringsliv, erter eller gulrøter. Men kva veit vi om daglegvarekjedane våre?

I dag brukar vi 13 prosent av inntekta vår på mat. For femti år sidan var talet 40 prosent. Likevel klagar vi på høge prisar. Bøndene klagar på dårleg lønsemd, samvirka klagar på dårleg lønsemd og låge tollsatsar, kjedene klagar på dårleg lønsemd og høge tollsatsar, Konkurransetilsynet klagar på lite konkurranse og lovgjevarar klør seg i hovudet og veit ikkje heilt kva dei skal gjere.

Norske daglegvarebutikkar har dårlegare utval enn dei fleste land det er naturleg å samanlikne oss med. Berre to prosent av oss seier oss nøgde med utvalet i den butikken vi oftast handlar i. I detaljistleddet har vi allereie høgast maktkonsentrasjon i Europa ved at fire daglegvarekjedar står for 99 prosent av matvarene vi kjøper. Snart vert dei kanskje tre.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer