Nordahl Griegs urolege minne

I dag ville Nordahl Grieg fylt 100 år. Det er på tide at hans liv og handlingar blir sett inn i sin historiske samanheng, skriv Edvard Hoem.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

FORFATTAREN NORDAHL GRIEG som døde i 1943, da Lancaster-bombeflyet han var om bord i fall ned over Berlin, ville ha fylt hundre år fredag 1. november. Trass i at han fekk heltestatus etter den andre verdskrigen, er det noko uoppgjort i ettermælet hans, og det har to grunnar: haldninga hans til rettssakene mot politiske avvikarar i Sovjetunionen i 1934- 38 og motiva bak hans siste reise, som enkelte har hevda meir var eit produkt av forfattarens dødslengsel enn av hans heltemot.

Ved hundreårsjubileet er det på tide at hans liv og handlingar blir sett inn i sin historiske samanheng. For det første: Det er ikkje kome fram eit einaste bevis for at Nordahl Grieg skifte syn på Sovjetunionens rolle og dei famøse prosessane i Moskva. For det andre: Nordahl Grieg døde ikkje fordi han var dumdristig, men på oppdrag, da han saman med andre krigskorrespondentar vart med på bomberaid over Berlin.

Flyet som førte han i døden tok av frå ein flyplass utanfor London ved 18-tida den 2. desember 1943. Etter omfattande undersøkingar utførte blant anna av den tidlegare norske ministerråd i Berlin, Sverre Jervell, veit vi no ein heil del om dei siste minutta i Nordahl Griegs liv. Da flyet vart råka i eine vengen av eit antiluftskytsbatteri bemanna med hitlerjugend ved den vesle byen Kleinmachnow i Potsdam-området, trur militære ekspertar at ein ville kvitte seg med den store sprengbomba ein hadde om bord, sidan bombesjakta var rømningsveg dersom ein skulle kaste seg ut i fallskjerm, men at dette skjedde for seint.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer