BUDSJETTKONFERANSE:  Unorsk politikk? Det er i alle fall eit faktum at statsrådane ikkje pynta seg med busserull eller strikkegenser. Foto: NTB  Scanpix
BUDSJETTKONFERANSE: Unorsk politikk? Det er i alle fall eit faktum at statsrådane ikkje pynta seg med busserull eller strikkegenser. Foto: NTB ScanpixVis mer

Nordmanns vis

Det ein kan få gjort mellom omstillingane.

Kommentar

DENNE VEKA var regjeringa samla til budsjettkonferanse i Hurdal. Arbeiderpartiets franske åpning, Jonas Gahr Støre, har påstått at dei blå-blå fører ein unorsk politikk. Det er i alle fall eit faktum at statsrådane ikkje pynta seg med busserull eller strikkegenser. Elles plar slike samlingar vera eit høve til å markedsføra regional husflid, også dei gongene konferansen var på Staur gård. Erna Solberg vil nok unngå å bli assosiert med Per Bortens bidrag til norsk politikk: Å bera sprikande staur.

REGJERINGA har fått mye juling, men det står fast at ho har innført ståhjuling. Etter grundige studiar i utlandet har denne spalta funne ut at heller ikkje der har segway slått an hos folk flest. Derimot er det vanlig med ein slektning med to små støttehjul. Ein skal heller ikkje sjå bort frå nytten av to små tulleparti.

15. MARS 2015 er ein merkedag i Fremskrittspartiets historie. Då avskaffa Siv Jensen ei vedtatt avgift før ho var innført. Ifølge Erna Solberg den minst dumme av alle dumme avgifter. Jensenposen skal fortsatt vera fri. Per Sandberg har lagt ut ein pent brukt ryggsekk på finn.no.

OPPRUSTAREN Jens Stoltenberg kallar seg ein glad gutt, men han har slutta å fleipa i NATO fordi ingen ler av vitsane hans der. Nå må impulshandlingane vera meir gjennomtenkte. Det kan trengast når han skal balansera hauken Strangelove, NATOs militære øvstkommanderande.

Artikkelen fortsetter under annonsen

SV HAR LANDSMØTE denne helga i dødsskuggens dal. Der skal dei dyrka frihet sammen for å avskaffa partiets politiske fattigdom. Audun Lysbakken har skrive bok om at nederlaga i regjeringa ikkje var stolte nok. Ved neste korsveg vil han heller satsa på å vera eit lite tulleparti enn å bli mergstole av Arbeiderpartiet.

BØRSKURSEN på Norwegian steig då det var utsikt til å dumpa pilotane og få omstilt seg til unorske modellar. Nå er flya i lufta igjen, og Bjørn Kjos er letta. Den normale arbeidsdelinga er også gjenoppretta: Når det er bruk for smil, stiller Kjos. Når budskapet er bistert, stiller kommunikasjonsdirektør Anne-Sissel Skånvik.

OLE TORP (63), Davy Wathne (65) og Steinar Mediaas (69) skal byttast ut med noe som ungdommen liker. På vegne av dei bønnhøyrde som tørstar etter dynamisk fornyelse og ikkje har gidda å sjå på mølet på lange tider, hadde den gamle mellomdistanseløparen og direktøren i Statens kantiner, Håkon Lutdal (72), denne helsinga til Ole Torp i VG: «Aktuelt er et håpløst konsept, elendig ledet av en gammelmodig, jålete og selvhøytidelig programleder». Ikkje rart at Torp er månebedotten.

FORNYELSE og kontinuerlig omstilling er tidens løsen. Men det kan også føra til sløsing med tid og kunnskap. Eg hitsetter ein blue note frå samfunnsøkonom og tidligare arbeids- og administrasjonsminister Victor Norman: «Ingen lever av å omstille seg, men av det en får gjort mellom omstillingene».