Nore gs Mållag er 100 år

Tilhøvet mellom nynorsk og bokmål har framfor alt vore prega av stabilitet den siste mannsalderen. Det nynorsken har tapt i stor, men lite stabilgeografisk utbreiing etter den andre verdskrigen, er vunne att ved at nynorsk i dag er meir rotfest i det norske samfunnet enn nokon gong, skriv kronikkforfattarane.

I DAG ER NOREGS MÅLLAG hundreår. Sidan «maalmannsstemna» i Turnhallen i Kristiania 4. februar 1906, har synet på språk endra seg radikalt - både i Noreg og i verda. I hundre år har hovudspørsmålet for norske styresmakter vore korleis ein skal bli kvitt eit av dei to norske skriftspråka, noko som fyrst og fremst har kome til uttrykk gjennom den offisielle samnorskpolitikken. Samnorsken vart endeleg lagt bort i 2002. I det neste hundreåret vil eitt spørsmål i stadig større grad oppta språkforskarar, kulturaktivistar og globaliseringskritikarar verda over: Korleis kan vi berge det språklege mangfaldet for etterkomarane våre?Hundreåringen Noregs Mållag er i dag del av ei brei internasjonal rørsle med tusenvis av organisasjonar og institusjonar som kjempar mot den språklege og kulturelle einsrettinga. Mållagets jubileumsmottoer då òg Mange røyster, felles mål. Då målstemnet i Turnhallen i 1906 vart avslutta mellom klokka eitt og to natta til 5. februar, var hovudkravet til målfolket at «den eine skriftlege prøva til artium skal vera på nynorsk (landsmål)». Tidspunktet var ikkje tilfeldig. Dagen etter opna landsmøtet i Venstre der sidemålskravet fekk fullt gjennomslag. Eit år seinare, i mai 1907, vedtok Stortinget ordninga med obligatorisksidemålsstil til artium med over to tredels fleirtal. Målsak hadde tradisjonelt vore venstresak, men no røysta mellom anna 13 av 31 Høgre-representantar i Odelstinget for.

Artikkelen fortsetter under annonsen

NOREGS MÅLLAG og sidemålsordninga var ektefødde barn av den store nasjonale og demokratiske mobiliseringa kring unionsoppløysinga og striden om republikk eller kongedøme året før. Etter at nasjonen hadde vunne politisk sjølvstende frå Sverige, spurde mange seg korleis ein òg kunne oppløyse den språklege unionen med Danmark og vinne kulturelt sjølvstende. For fleire og fleire var svaret nynorsken. Det norske skriftspråket Ivar Aasen rekonstruerte på grunnlag av dialektane, hadde vore i sterk framgang etter at parlamentarismen sigra i 1884. Riksmålsrørsla prøvde seg i 1908-09 på ein siste omkamp og kravde folkerøysting om språkspørsmålet for å få reversert alle stortingsvedtak som hadde gjeve nynorsken rom. Men det var for seint. Då den fyrste offentlege statistikken kom i 1910, var nynorsk alt fyrstespråk i 22 prosent av skulekrinsane i landkommunane - frå 1938 til 1952 i over halvparten av skulekrinsane. På det meste gjekk over ein tredel av norske folkeskuleelevar på nynorskskular. Trass i språkstriden var dei språkpolitiske frontane stort sett samde om éi sak: Det varuheldig for Noreg å ha meir enn eittnasjonalmål. Staten etablerte i mellomkrigstida samnorskpolitikken i ein freistnad på å normere nynorsk og bokmål saman til eitt språk. Målrørsla stod på at det framtidige norske nasjonalmålet i all hovudsak måtte byggjast på nynorsken.

DÅ STORTINGET i 2002 strauk den såkalla «samnorskparagrafen» i lov om Norsk språkråd, var ikkje hovudsaka eit offisielt farvel med ein normeringspolitikk som alt lenge hadde vore ute av kraft. Det prinsipielt viktige var ei offisiell godtaking av at Noreg har to jamstelte nasjonalspråk og at språkpolitikken må byggje på at Noreg vil ha det i all tenkjeleg framtid. Tospråkstoda er ikkje lenger noko det er mogleg eller ynskjeleg å kome seg bort frå, med språknormering eller andre verkemiddel. Tilhøvet mellom nynorsk og bokmål har framfor alt vore prega av stabilitet den siste mannsalderen. Det nynorsken har tapt i stor, men lite stabilgeografisk utbreiing etter den andre verdskrigen, er vunne att ved at nynorsk i dag er meir rotfest i det norske samfunnet enn nokon gong. Over ein halv million har nynorsk som fyrstespråk, noko som gjer nynorsk til eit stort og veletablert språk i global samanheng. Ein fjerdedel av norske kommunar og ein tredel av norske kyrkjer bruker nynorsk, og det har etablert seg eit vestlandsk nynorskområdeder nynorsken blir brukt på alle samfunnsområde, også i næringslivet. I bokmålsområda er nynorsk meir akseptert enn nokon gong. Riksmålsforbundet aksjonerte mot tre prosent nynorsk i NRK i 1930-åra - i dag reagerer ingen på rundt 50 prosent nynorsk i TV2-nyhenda.

MEN TRASS I at nynorsk truleg står sterkare enn nokon gong, og trass i at mykje positivt har skjedd for dei samiske språka og kvensk, er det språklege mangfaldet i Noreg framleis alvorleg truga. Og trugsmålet kjem i fyrste rekkje av den sterke stillinga til bokmålet - ikkje i kraft av å vere eit «betre» språk, men i kraft av makt, prestisje og kjøtvekt. Dette krev framfor alt at den offentlege språkpolitikken blir brukt til å etablere ei effektiv motmakt. Regjeringa har innsett dette. I stortingsmeldinga om offentleg målbruk som kom før jul, heiter det: «Særskilt tilrettelegging for at nynorsken skal kunna utvikla seg på ein godmåte vil vera ein del av den offensive språkpolitikken som regjeringa meinerdet er nødvendig å føra for å styrkja posisjonen for norsk språk generelt.» Spørsmålet er no: Kva politiske verkemiddel vil bli sette inn?

DEN FRAMTIDIGE hovudutfordringa for nynorsken og Noregs Mållag vil vere å få bukt med dei nynorskfrie sonene som i praksis eksisterer i delar av dagspressa, vekepressa og store delar av næringslivet. At 36 000 i fjor slutta seg til aksjonen «Slepp nynorsken til! Opphev forbodet mot nynorsk i VG og Dagbladet!», viser at det ikkje er det folkelege engasjementet det står på. Det andre store trugsmålet er presset frå engelsk. Vi ser alt tendensar til ei kraftig svekking av norsk språk på samfunnsområde som forsking og visse økonomiske sektorar. Nynorskfolk har lenge stått i spissen for forsvaret for heile det norske språksamfunnet, og Noregs Mållag har i årevis etterlyst ein meir aktiv politikk for å demme opp mot den engelske språkimperialismen. Ein ser no konturane av ein meir aktiv offentleg forsvarspolitikk på språkområdet, mellom anna fordi Regjeringa slår fast i Soria Moria-erklæringa at dei vil lage ei utgreiing om språk og makt. Språkrådet konkluderte også med i rapporten «Norsk i hundre!» hausten 2005 at det trengst ein offensiv norsk språkpolitikk.Skipinga av Noregs Mållag i 1906 var ein grunnstein i oppbygginga av språkleg forsvarskamp og språkstrid. Denne tradisjonen er i dag den største ressursen Noreg har i kampen for norsk språk i dei neste hundre åra.