Noreg - ikkje eigna for kyr?

Bønder og Tine kjempar no med nebb og klør mot at norske kyr skal få gå ute.

SLIK ER DET IKKJE: «Vi framhevar vår reine natur og flotte beiter, men rein natur og flotte beiter kan visst ikkje nyttast for kyr», skriv artikkelforfattaren. Foto: Geir Bølstad
SLIK ER DET IKKJE: «Vi framhevar vår reine natur og flotte beiter, men rein natur og flotte beiter kan visst ikkje nyttast for kyr», skriv artikkelforfattaren. Foto: Geir Bølstad Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Tine køyrde i 2010 romantiske reklamefilmar på tv der dei påstod at alle norske kyr går på beite i åtte veker. Dette er bløff då Tines eigne tal viser at tretti prosent av alle kyr i lausdrift aldri er utanfor fjøsets fire veggar. Lausdriftsfjøs er fjøs der kyrne går lause på betongen.

I skrivande stund er eit nytt tema på dagsorden. Frå og med 2013 kjem eit krav at alle norske kyr skal få kome ut og lufte seg sommarstid, inkludert lausdriftskyr og ikkje berre kyr på bås, slik kravet er i dag. Protestane let, som forventa, ikkje vente på seg, og blant dei som protesterer høgast, finn ein, ja nettopp, Tine.

«Tine fryktar at beitepåbod for kyr i lausdriftsfjøs kan føra til mindre mjølk», seier styreleiar Trond Reierstad til Nationen 12. juni. Reierstad meiner kyr har det like godt inne som ute. På same tid som dei kjempar mot luftekrav, reklamerer Tine med beitande kyr på sine melkekartongar.

Kravet om at norske kyr frå nyttår skal få krav på å gå ute åtte veker kvart år blir av ei rekke bønder omtalt som rein galskap, seier Steinar Reiten (KrF) til Nationen. Ja, tenke seg til, dyr som skal få gå ute. Det er ganske interessant at bøndene sjølv meiner at utegang er galskap.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer