Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Noreg fortener verdas beste politi

Alle tilsette i politiet må ta sin del av ansvaret, og så må regjeringa gi betre rammevilkår.

BERRE PENGAR? «Handlar det berre om pengar, vert eg ofte spurt om. Svaret er nei, men det handlar også om pengar,» skriv Fellesforbundets Arne Johannessen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix
BERRE PENGAR? «Handlar det berre om pengar, vert eg ofte spurt om. Svaret er nei, men det handlar også om pengar,» skriv Fellesforbundets Arne Johannessen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix Vis mer

Høgskulelektor Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger er i ein kronikk i Dagbladet særs kritisk til det han skildrar som ein ukultur som gjennomsyrar heile politiet og som han meiner Politiets Fellesforbund må ta mesteparten av ansvaret for å ha skapt gjennom lønnskamp.

Hovudfokuset for Politiets Fellesforbund, som alle fagforeiningar, er løns- og arbeidsvilkår for medlemmane. No er det sjølvsagt slik at me kjempar ikkje for betre løn for ein kvar pris. Dei aksjonane han skildrar, var ein sak med sjukemeldingar i eit politidistrikt, og to situasjonar med bomskyting i eit par andre politidistrikt. Dette er sjølvsagt verkemidlar i lønskamp som er uakseptable. Frå sentralt hold i forbundet vart det gitt stoppordre straks.

Politiets Fellesforbund er ei fagforeining som har heldt fast på hovudfokuset, samstundes som me beviseleg har teke eit mykje breiare perspektiv enn løn. Me har oppigjennom engasjert oss både på eit overordna nivå i kriminalpolitikken, og på eit nivå der dei einskilde faktorane vert diskutert.

Allereie for seks-sju år sidan spelte me til dømes inn til Regjering og Storting at det burde gjennomførast ei brei politistudie, tilsvarande den studia som vart gjort av forsvaret tidlegare. Me kjempa lenge for gjennomgangen av bemanninga i norsk politi, som resulterte i den såkalla «bemanningsrapporten». For å auka bemanninga, har me kjempa for eit høgare tal studentar på Politihøgskulen.

Me har påpeika den særs vanskelege IKT-situasjonen i politiet i alle innspel til statsbudsjettet dei siste åra. Me har engasjert oss i behov for utstyr, diskusjonar om kva for metodar politiet skal ha, og kva både nasjonalt og internasjonalt trusselnivå betyr for politiet.

Når me har teke eit så breitt perspektiv, har målet alltid vore at politiet skal verta betre. At etaten skal levera fleire tenester, og at desse tenestane skal ha betre kvalitet. Me har alltid hatt eit underliggjande mål: at publikum skal få ein betre polititeneste. Gjennom den breie kriminalpolitiske ståstaden me har hatt, har me før Gjørv-kommisjonen presenterte sine konklusjonar førre uke, sett mykje av det som kommisjonen no trekk fram som fundamentale forbetringspunkt i politiet.

Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund.
Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund. Vis mer

Til dømes kjempa me for å få gjennomført ei evaluering av politiet si Spesialeining, noko som vart ein realitet i 2009. I samband med dette arbeidet konkluderte leiar av utvalet, professor Liv Finstad, allereie den gongen at politiet må verta betre på å læra av dei feila som vert gjort.

Leiing i politiet har også vore eit tema i mange år. Som fagforeining starta Politiets Fellesforbund eit eiga leiarprosjekt for eit par år sida, nettopp fordi me opplevde at leiarmedlemmane våre etterlyste eit betre tilbod til dei frå fagforeininga. Dei ynskja fagleg utvikling, fokus på dei spesielle utfordringar leiarar har og mogelegheit til å diskutera leiarrolla.

Som fagforeining har me og, gjennom fleire år, sett ei utvikling der avstanden mellom dei tilsette på grunnplanet og leiarane aukar. Dei som jobbar på grunnplanet, opplev at leiarane ikkje forstår kvardagen i gata. Me har fått signal om at det politioperative perspektivet ofte vert utelatt. Studentane på Politihøgskulen fortel at dei politioperative faga får mindre fokus på høgskulen. Desse tendensane kom også fram i ein forskingsrapport Liv Finstad og Christin Thea Wathne frå Universitetet i Oslo og Arbeidsforskningsinstituttet gjorde på oppdrag for Politiets Fellesforbund i 2008.

Spørsmålet vert no kva som skal til for at politiet dei neste åra skal utvikla seg i rett retning? Handlar det berre om pengar, vert eg ofte spurt om. Svaret er nei, men det handlar også om pengar. Ein må starta med å utvikla organisasjons- og leiarkulturen frå toppen av. Rolledelinga mellom justisministar og politidirektør må verta tydleg og den politiske detaljstyringa må verta mindre.

Politidirektøren må få tydlege mål og rammer for jobben som skal gjerst. Samstundes må styringsdialogen mellom politidirektør og politimeistarane vera tydleg, og det må vera klare prioriteringar og forventningar om resultat.

Ein må utvikla ein kultur som prioriterar erfaringslæring. Ein må læra av øvingar og aksjonar. Fagleg ekspertise må lyttast meir til. Ein må få meir politifagleg kompetanse og erfaring i toppleiinga lokalt og sentralt.

Det må vera større takhøgde for å retta kritikk oppover i systemet. Politiet må verta meir audmjuke i høve til kritikk og læring frå miljø utafor eigen etat. Politiet er gode på planlegging, men ikkje lika gode på gjennomføring. Alle leiarnivå må ansvarleggjerast på gjennomføring av vedtekne strategiar og planar.

Det må leggast mykje større vekt på kunnskapsbasert politiarbeid. Ein må analysera kriminalitetsbildet, miljø, individ og behov for tiltak. Det må satsast mykje meir på å velga dei rette leiarane og sørgja for at leiarrolla vert høgare prioritert.

Politiet må verta betre på samhandling mellom ulike distrikt og innad i politiet, men ikkje minst mellom politi og andre offentlege etatar og privat næringsliv. Det førebyggjande perspektivet må løftast øvst på dagsorden. Den viktigaste jobben er å hindra kriminalitet og terror. Tilgjengelig politi og patruljering er viktig i det førebyggjande arbeidet, men også for å skapa dialog og nærleik mellom publikum og politi.

Etterforsking som fag må styrkast. Ein treng kraftig satsing både på teknisk og taktisk etterforsking. Svært mykje kriminalitet vert aldri etterforska.

Kvardagsberedskapen må styrkast. Responstid må innførast, men ikkje før politibemanning er betydeleg betre. Ein må på alle nivå erkjenna at politiet er ein beredskapsorganisasjon. Politifaglege vurderingar og analysar må få større gjennomslag.

Noreg fortener å ha verdas beste politi. Skal ein nå det målet må alle tilsette i lag med leiinga ta sin del av ansvaret, og så må politikarane sørgja for at rammevilkåra vert betydeleg betre.

Følg oss på Twitter
Utforsk andre nettsteder fra Aller Media