BRUKER SKYPE: Å gjennomføre asylintervju via Skype sørgjer for at asylsøkjarane får behandla saka si raskare, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB Scanpix
BRUKER SKYPE: Å gjennomføre asylintervju via Skype sørgjer for at asylsøkjarane får behandla saka si raskare, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Asylpolitikk

Noreg har Europas strengaste asylpolitikk. Det gjer meg stolt!

Alle som kan dokumentere at grunnane til at dei er på flukt er reelle, vil få beskyttelse i Noreg.

Meninger

Emilie Hansen skreiv eit kjensleladd innlegg 10. juni, der ho kritiserte UDI og var bekymra for «gutta sine.» Eg ynskjer i dette innlegget å fortelle fakta om korleis «gutta til Emilie» faktisk etter lova skal behandlast av UDI.

Lovise Nikoline Voldsund
Lovise Nikoline Voldsund Vis mer

Alderstesting av asylsøkjarar er ein av tiltaka for å sjekke om dei som kjem er reelle asylsøkjarar. Tal frå Sverige viser at mange som kjem som einslege mindreårige asylsøkjarar faktisk er over 18 år. Asylsøkjarar over 18 år skal behandlast som vaksne. På grunn av dette, er alderstesting eit viktig hjelpemiddel for å sjekke alderen på asylsøkjarar, heilt uavhengig av eventuelle ID-dokument dei måtte ha.

Å bruke Skype effektiviserar gjennomføringa av asylintervju. Det var nødvendig i kjølevatnet av flyktningkrisa i 2015. Då kom det over 31.000 asylsøkarar hit, og dei fleste av desse kom fordelt på to-tre månadar på hausten. Å gjennomføre asylintervju via Skype sørgjer for at asylsøkjarane får behandla saka si raskare. PST har også bekrefta at dette er ei trygg løysning.

UDI sit på stor kompetanse, og dei har gode system for å behandle asylsøknadar. Vedtaka er basert på kunnskap og fakta, og dei forvaltar lova som Stortinget har vedteke. Om Hansen er misnøgd med lova, er det Stortinget sine vedtak ein må kritisere. UDI gjer jobben sin. Vi i Framstegspartiet meinar at lova må være så streng som mogeleg, slik at vi sikrar at det er dei som verkeleg treng beskyttelse som får hjelpa.

Alle som kan dokumentere at grunnane til at dei er på flukt er reelle, vil få beskyttelse i Noreg. Alle som ikkje kan det, skal bli sendt heim.

Frp ynskjer å hjelpe flest mogeleg ved å hjelpe dei i nærområda. På denne måten kan vi hjelpe enda fleire for den same summen som vi bruker på noken få i Noreg. Vi slepp også at flyktningar legg ut på den farlege reisa til Europa.

Eg er stolt av at Noreg har Europas strengaste asylpolitikk med Frp og Sylvi Listhaug ved roret. Eg er stolt av landet mitt, og eg er stolt av våre verdiar. Nettopp derfor ynskjer eg Europas strengaste asylpolitkk. Eg ynskjer at mine barn og barnebarn skal vekse opp med ytringsfridom, likestilling og det norske flagget i 17. mai-toget. At døra vår ikkje er opa for alle, tyder ikkje på at vi er barbariske og ugjestfrie, men vi ynskjer å sikre vår nasjons framtid.