Norge og Israel

«Snakkar med låg røyst om kva Norge eigentleg meiner, og med ei atskilleg høgare røyst om det som Israel likar å høyra.»

Norsk Midtausten-politikk har sidan Oslo-prosessen tok til i 1993, vore prega av sjølvmotseiingar. Den har pendla mellom klare standpunkt forankra i FN-Resolusjonar og folkeretten på den eine sida, og ei meir nøytral haldning til konfliktspørsmåla på den andre. Korleis har den utanrikspolitiske leiinga greidd det? Jo, ved å snakka med låg røyst om kva Norge eigentleg meiner, og med ei atskilleg høgare røyst om det som Israel likar å høyra, nemleg at det bare er partane sjølve som kan løysa konflikten. Ei sterk fokusering på Israels okkupasjon, stadige landkonfiskeringar og alvorlege brot på folkeretten har måtta vika til fordel for fråsegner om at volden og terroren må stoggast. Dette er det Israel som tjener på. Sidan den jødiske staten konsekvent bryt folkeretten og ignorerer sentrale FN-resolusjonar, er det i staten si eiga interesse at vold og terror vert hovudfokuset.

Ingen stader er sjølvmotseiingane i norsk Midtausten-politikk klarare enn i posisjonspapira som UD offentleggjer kvar haust i samband med møta i FNs generalforsamling. I posisjonspapiret for haustsesjonen i fjor går det fram at ei fredsløysing mellom Israel og palestinarane må ha som utgangspunkt FN-paktas prinsipp, resolusjonane 242, 338, 476 og Oslo-avtalene. Dei to fyrstnemnde resolusjonane krev at Israel trekkjer seg tilbake frå dei områda staten okkuperte i seksdagarskrigen i 1967. For palestinarane gjeld dette heile Gazastripa og Vestbreidda m/Aust-Jerusalem. Resolusjon 476 gjeld Jerusalem sin status. Norge tek avstand frå alle forsøk på å endra byen sin status og er imot bygging av israelske busettingar i dei okkuperte områda, inkludert Aust-Jerusalem. I det nemnde posisjonspapiret står det imidlertid rg at Norge «har inntatt en balansert og upartisk holdning til de ulike konfliktspørsmålene». I tillegg til flyktningspørsmålet gjeld desse konfliktspørsmåla Jerusalems framtidige status, den palestinske staten sine endelege grenser, dei israelske busettingane og kontroll over ressursane. Det verkar underleg at Norge på den eine sida tek avstand frå til dømes bygginga av israelske busettingar i dei okkuperte områda, men samstundes har ei balansert og upartisk haldning til dette og dei andre konfliktspørsmåla.

Norge sitt forsøk på å vera ein nøytral aktør for å kunna ha tillit hjå båe partar, tyder i praksis at Norge beveger seg mot høgre, fordi israelsk politikk har vorte stadig meir ekstrem etter valet av Ariel Sharon til statsminister. Midtpunktet mellom dei to partane er såleis lenger til høgre enn det var medan Ehud Barak var statsminister. Regjeringa Bondevik har sendt ut fleire pressemeldingar om Midtausten. Dei gjeld fordømming av palestinsk terror, alvorleg bekymring og uro over utviklinga i Midtausten og reiseråd til nordmenn i regionen. Det kjem diverre inga pressemelding om den svært øydeleggjande israelske busettingspolitikken. Ein av dei viktigaste grunnane til det pågåande opprøret i dei palestinske områda er den kontinuerlege israelske konfiskeringa av jord for å byggja nye eller utvida eksisterande busettingar. På den litle Gazastripa har Israel nyleg konfiskert fleire hundre mål jord for å byggja bru mellom fleire busettingar. Dette kan den jødiske staten gjera fordi det kjem få internasjonale reaksjonar og ingen frå Norge.

Norge avstod 14. desember i fjor frå å røysta over eit resolusjonsframlegg i Tryggingsrådet som galdt utplassering av observatørar i dei okkuperte palestinske områda. Petersen grunngav dette med at resolusjonen ikkje tok sterkt nok avstand frå palestinsk terrorisme. Det var ei underleg forklaring, for resolusjonen fordømde all bruk av terror.

Den andre grunngjevinga var at Norge ikkje ville vera med og skapa inntrykk av dissens. Men sidan resultatet av røystinga blei at USA røysta mot, Norge og Storbritannia avstod, og dei resterande tolv medlemslanda, inkludert Frankrike og Irland, røysta for, viste dette at det er usemje i Tryggingsrådet. Norge hadde her eit gyllent høve til å markera det som er eit sentralt tema for Norges arbeid i Tryggingsrådet, nemleg internasjonal tilstedeværelse i konfliktområde.

Betre vart det ikkje då Petersen på ein pressekonferanse 11. januar lot vera å fordømma at Israel hadde rive 58 sivile hus i den sørlege delen av Gaza. Først to dagar etter pressekonferansen og etter at den israelske utanriksministeren Shimon Peres hadde teke avstand frå rivinga, gjekk Norge ut og fordømte dette overgrepet mot fleire hundre sivile palestinarar. I «Redaksjon 21» onsdag 16. januar grunngav Petersen tenkepausen med at Norge fyrst måtte finna ut kva som faktisk hadde skjedd. Det Norge så fann ut var, ifylgje Petersen, at «Israel hadde brukt feil strategi». Feil strategi? Dette var ikkje eit spørsmål om bruk av strategi, men snarare om bruk av eit kriminelt og folkerettsstridig verkemiddel mot ein okkupert og hardt prøva palestinsk sivilbefolkning. Når Petersen nyttar eit omgrep som «feil strategi», kan det røpa ein viss motvilje mot å kalla tinga ved deira eigentlege namn. Det er typisk for den type språkbruk som har utvikla seg etter at Oslo-prosessen vart innleia i 1993. I ein artikkel i Dagsavisen 27. februar 1999 skreiv statsminister Kjell Magne Bondevik til dømes at han under ei reise i Midtausten like før hadde råda dåverande israelsk statsminister Benjamin Netanyahu om «ikke å ty til ensidige handlinger som kunne skade fredsprosessen, for eksempel jødiske nybyggingsprosjekter i svært omstridte områder».

Omgrepet «svært omstridte områder» er mykje meir uklart enn det presise «okkuperte område». Det er juridisk sett klart kva dei okkuperte områda refererer til, men heilt uklart kva «svært omstridte områder» viser til. Sistnemnde omgrep tyder for det fyrste at dei okkuperte palestinske områda i røyndommen ikkje er okkuperte, berre omstridde, noko som gir dei ein annan status.

Dinest er det uklart om Bondevik her meinte at Israel bør avstå frå nybyggingsprosjekt overalt i dei okkuperte områda eller om nemninga «svært omstridte områder» bare refererer til delar av dei okkuperte områda, slik at nybyggingsprosjekt andre stadar er greitt.

Det norske handlingsmønsteret i Oslo-prosessen går ikkje upåakta hen i dei palestinske områda. I eit intervju med Klassekampen 4. februar sa Norsk Folkehjelp sin representant i Gaza, Nora Ingdal, at «Norge' blant palestinerne tidligere ble assosiert med Oslo-avtalen. Nå sier de jeg møter at Norge, det er {lsquo}de som støtter USA'». Ingdal sa vidare at den norske røystinga i Tryggingsrådet har øydelagt og at tilbakemeldingane frå Norsk Folkehjelps mange samarbeidsorganisasjonar er sterke. Men desse fråsegnene gjorde ikkje inntrykk på UD, som dagen etter sa til Klassekampen at Ingdal tek feil og at det norske arbeidet i dei palestinske områda ikkje er påverka av den norske røystinga i Tryggingsrådet.

Den kontante avvisninga av einkvar kritikk av norsk handlemåte i Oslo-prosessen har utvikla seg til eit velkjent mønster. Sjølv ikkje når forholda i dei palestinske områda er dei verste sidan krigen i 1948 og den okkuperte palestinske befolkninga skrik etter ei sterkare involvering frå andre land enn USA, syner den norske utanrikspolitiske leiinga nokon vilje til å spørja seg om Norge burde leggja bort si nøytralitetslinje, som gagnar Israel, og heller satsa på å flagga klare standpunkt i samsvar med FN-resolusjonar og folkeretten. Ei av målsettingane med det norske medlemskapet i Tryggingsrådet er å bidra til konfliktløysing gjennom FN. Då møter Norge seg sjølve i døra når regjeringa let vera å røysta for ein resolusjon som tek til orde for eit sterkare FN-engasjement i konflikten. Samstundes er det påfallande og svært uheldig at utanriksminister Jan Petersen i den offentlege debatten har vanskar med å kommunisera standpunkt som er i samsvar med FN-resolusjonar og folkeretten.