Norge ut av Afghanistan

SV kommer ikke til å forlate sin utenrikspolitiske linje.

15. SEPTEMBER prøver Dagbladet på leiarplass å gi SV ein leksjon i kva det inneber å ta ansvar for landet sin utanriks- og tryggleikspolitikk. Første bod er at vi må venna oss til at slik politikk blir utforma på kammerset gjennom breie kompromiss. Vi må slutta å kjempa for ein ny utanrikspolitisk kurs, og kravet om at norske styrkar skal ut av operasjon «Enduring Freedom» i Afghanistan må vi legga på hylla. Kristin Halvorsen har ei stor pedagogisk oppgåve i å forklara oss dette, skal vi tru Dagbladet. USA har no i årevis drive aktiv krigføring i Afghanistan, der det uttalte målet har vore å få tak i Osama bin Laden og restane av Taliban-militsen. I jakta på terroristar og talibanarar kjem dei uheldigvis igjen og igjen til å drepa sivile afghanarar. Bare i løpet av dei første månadene av krigen passerte tapstala dei nesten tre tusen amerikanske sivile som måtte bøta med livet i terroråtaket som skulle rettferdiggjera invasjonen. USA kjem uheldigvis også til å skiftevis alliera seg med den eine, andre og tredje krigsherren, forsyna dei med våpen for deretter å skifta allianse igjen. Fangar får ikkje den behandlinga som dei har rett på etter Geneve-konvensjonane, men blir sendt til fangeleirar som den på Guantanamo, utan lov og dom og med utstrekt bruk av tortur. Uheldigvis. Alt under mottoet om å skapa fred, stabilitet og ikkje minst fridom - derav det orwellianske namnet på krigføringa: «Enduring Freedom». Operasjon «Enduring Freedom» skjer under USA-kommando og manglar eit klart FN-mandat. Fleire Nato-land bidrar ikkje med eigne styrkar. Men vesle Noreg har altså lojalt stilt opp og sett godkjent-merket sitt på, med helsing frå fredspris-landet. Utruleg nok er SV, også i regjeringsforhandlingar, så naive å krevja ein slutt på slik aktiv krigføring på den afghanske landsbygda. Vi klarer dessverre ikkje venna oss til tanken på at norske spesialsoldatar skal ta ut mål for amerikanske fly som bombar sivile. SV har til no stått åleine blant partia på Stortinget med denne haldninga. Men vi veit at det er ein aukande uro over dette også i Sp og Ap, og tilbaketrekking frå «Enduring Freedom» burde vera ein sjølvsagt ting for ei ny regjering som er samstemte i målet om å styrka deltakinga i FN-operasjonar.

VI REGISTRERER at Dagbladet ønskjer seg ein brei konsensus om norsk utanrikspolitikk. No krev ein at også SV må tilpassa seg den konsensusen som har vore dyrka fram i dei lukka romma, utan plagsam offentleg debatt eller folkeleg påverknad. Men kanskje skal ein heller lytta til Nupi-forskar Henrik Thune, som kritiserer den norske konsensuskulturen og vil ha debatt om dei grunnleggande premissa for utanrikspolitikken: «Disse [nedarvede] forestillingene er mer styrende for politikken enn den faktiske utviklingen i verden rundt oss. Det er en serie tause sannheter som utgjør kjernen av norsk utenrikspolitikk.» (Morgenbladet, 16. september.)Dagbladet sine krav om at dei mest utålmodige elementa i SV skal settast i skule av partileiaren, slik at SV i neste omgang skal forlata ein utanrikspolitikk som respekterer folkeretten og har global rettferd som mål, har vi slett ikkje tenkt å gå med på. Vi ser at opinionen har endra seg i synet på norsk og amerikansk utanrikspolitikk dei siste åra, og det sterkt i retning av SV sine standpunkt. Dersom konsensus i det heile skal vera eit mål, må han bygga på den samstemte haldninga som kom til uttrykk i demonstrasjonane mot Irak-krigen 15. februar 2003. Verda har endra seg, opinionen har endra seg. Då er det heilt på sin plass at norsk utanrikspolitikk også endrar seg.