Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Norges hovudstad i dansketida

DANSKETIDA: «København var Norges hovedstad» i dansketida. Dette er Øystein Rian og Trygve Riiser Gundersen samde om (15.januar). «Eg går i gatene i Norges gamle hovudstad, København, med ei viss kjensle av nostalgi», skreiv eg sjølv i 1993 (Nasjon eller union: 13). Men denne utsegna bør problematiserast. Ho heng saman med Norges folkerettslege status i perioden, som folk kjenner dårleg.

«Ut fra folkerettens prinsipper (var) Norge et eget rike gjennom hele unionstiden» (F.Castberg). Kongeriket Norge var folkerettsleg ein stat innanfor Den oldenborgske dynastistaten (overstaten). Andre statar der var det danske kongeriket, som Norge ikkje var del av, og hertugdøma. Vesterhavsøyane høyrde til, som deler av det norske riket.

Det er uproblematisk at København var hovudstad i det danske kongeriket, og i Den oldenborgske dynastistaten. Likeeins at landet og kongeriket Norge politisk sett vart dominert frå København, der kongen over begge rika sat, og at Norge økonomisk sett vart sterkt utnytta derfrå. Men var byen med dét hovudstad i kongeriket – den folkerettslege staten – Norge? Dersom staten Norge i denne perioden hadde ein hovudstad, så var det vel endå Oslo/Christiania? Der sat kanslaren til 1679, og statthaldaren (med avbrot) frå 1572.

Kan det ikkje vere det same kva vi seier om dette? Ikkje dersom det får oss til å gløyme Norges rettslege stilling i perioden. Det rettslege er viktig som heimel for krav, same korleis skiftande politiske tilhøve er. Som Norges fremst folkerettslærde, Frede Castberg, skreiv: «Rikets kontinuitet gjennom 1000 år er en nasjonal verdi. Og har vi rett til å bygge på den, bør vi også sørge for at den ikke blir borte under en historisk behandling som feilbedømmer de rettslige momenter eller endog helt taper dem av syne.» (Statsforfatningen i Norge I, 1964: 80). Castberg irettesette oss historikarar. Under 1905-jubileet for to-tre år sidan var det ymse slags autoritetar som fortalde oss at «Norge er en ung stat», «bare 100år». Slik skuslar vi vekk den arven Castberg ville vi skulle ta vare på.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media