BEGGE DELER ER NORSK: Den overordna termen «norsk» må gjelde dei to skriftspråka våre, norsk teiknspråk og alle dei norske talemåla. Derfor kan bokmålet ikkje heite det same som den overordna termen, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB Scanpix
BEGGE DELER ER NORSK: Den overordna termen «norsk» må gjelde dei to skriftspråka våre, norsk teiknspråk og alle dei norske talemåla. Derfor kan bokmålet ikkje heite det same som den overordna termen, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Språk

Norsk = bokmål og nynorsk

Trond Vernegg vil døype om bokmål til norsk fordi mange seier norsk og nynorsk frå før.

Meninger

Vi har ein offisiell språkpolitikk i Noreg (St.mld. nr. 35 (2007-2008), Mål og meining). Den seier at «Det overordna målet for språkpolitikken byggjer på den erkjenninga at norsk er kløyvd i to skriftspråk. Desse er formelt likestilte, men har i røynda svært ulike rammevilkår.»

I Store norske leksikon les ein at «Norsk skriftspråk og normert talemål finnes i to hovedvarianter, bokmål og nynorsk, som hver for seg har flere vagt avgrensede undervarianter.»

Det seier seg sjølv at den overordna termen «norsk» må gjelde dei to skriftspråka våre, norsk teiknspråk og alle dei norske talemåla. Derfor kan bokmålet ikkje heite det same som den overordna termen. Ein kan heller ikkje kalle heilmjølk for berre mjølk, når ein har lettmjølk, skummamjølk og andre mjølkevariantar. Alle variantane av mjølk er sjølvsagt mjølk.

Både bokmål og nynorsk er norsk. Det same er riksmål og høgnorsk og tidlegare skriftnormalar. Alle desse representerer norsk. Dei offisielle rettskrivingane vi reknar til statsspråket norsk i dag, er bokmålsnorma frå 2005 og nynorsknorma frå 2012. Av politiske og historiske grunnar reknar vi også tidlegare danske former som norske.

Stortingsmeldinga seier at: «Den meirverdien det representerer for norsk kultur- og samfunnsliv å halda begge dei to skriftkulturane våre i hevd, er langt større enn dei praktiske utfordringane som følgjer med. Det ligg dessutan ein særleg språkpolitisk skyldnad i å vareta dei språklege rettane til nynorskbrukarane.»

Stortingsmeldinga er tydeleg på utfordringane i samfunnet: «Dessutan er språkstriden nettopp ei påminning om at språk ikkje er eit nøytralt og friksjonsfritt kommunikasjonsmiddel. Det avspeglar også sosiale motsetnader og makttilhøve i samfunnet. Språket sjølv kan også fungera som ein maktreiskap på mange plan. Dette er noko av bakgrunnen for at denne meldinga vil retta eit særleg søkjelys mot forholdet mellom språk og makt.»

Bokmål er majoritetsspråket. Men det følgjer også eit ansvar med denne posisjonen, når ein trass alt fører ein likestillingspolitikk.

Stortingsmeldinga seier klart at «norsk skal vera hovudspråk og nasjonalspråk i Noreg, at norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk, at det skal leggjast til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål».

Utspelet til Vernegg bryt med denne politikken.