Norsk kultur inn i grunnlova

TIDA ER KOMEN

for å grunnlovfeste omsynet til norsk kultur. Samisk språk og kultur har vern i den norske Grunnlova, men i vår globaliserte tid verkar det paradoksalt at ikkje hovudkulturen har slik posisjon. I EØS har omsynet til norsk kultur mindre vekt enn om Noreg var EU-medlem. Dette kan bøtast på ved grunnlovfesting.

I globaliseringa med auka frihandel har kultur fått sterkare varekarakter. Og kulturen i små språksamfunn, ja kanskje alle andre språksamfunn enn dei angloamerikanske, står under eit trykk, som treng mottrykk. Eit rettsleg mottrykk vil kunne vere å ta inn i Grunnlova ei føresegn om omsynet til norsk kultur.

NASJONAL OG REGIONAL

kulturutvikling er i vår tid påverka av utviklinga på tre rettslege nivå. For det første er det ei utvikling i WTO. Forholdet til kultur var eit av dei tema som ikkje vart endeleg avklart i forhandlingane i Uruguay-runden før skipinga av WTO i 1994. Frontane stod sterkt mot einannan. Grunnleggjande stod usemja mellom EU, som ville ta kulturomsyn i det internasjonale handelssystemet, og USA, som ikkje ønskte dette. Dette var striden om det såkalte «l'exception culturelle», omtalt med eit fransk uttrykk fordi det særleg var Frankrike som har framheva omsynet. Krav til at ein i europeisk fjernsyn skal vise ein viss andel europeisk film, er eit typisk eksempel på eit omstridd tiltak. Spørsmålet er framleis ikkje løyst og vil kunne kome opp igjen i Doha-runden. Men grunnleggjande er WTO også no prega av amerikanske synsmåtar i større grad enn europeiske. Og dette betyr at omsynet til vern og utvikling av nasjonale kulturar står svakt i WTO-regelverket og i rettspraksis i WTO.

For det andre har EU hatt ei skiftande utvikling. Frå ein situasjon der EF-traktaten iallfall tilsynelatande i stor grad la opp til fjerning av handelshinder utan omsyn til kulturelle verdiar, har ein på 1990-talet traktatfesta kulturomsyn både i EU- og EF-traktaten (EF art. 6 (3) og EU art. 151 (4)). Og i utkastet til konstitusjonstraktat, den såkalte grunnlova i EU, er dette ført vidare. Ein kan nok drøfte om ikkje kulturomsyn heile tida likevel har vore lovlege omsyn å ta i EU for nasjonalstatane, men det går vi ikkje inn på her. Generelt er ein del EU-medlemsstatar, særleg på kontinentet, svært opptatt av å verne både dei nasjonale europeiske kulturane og ein meir uspesifisert europeisk kultur overfor amerikaniseringa. Dette gjeld både språkleg og andre kulturformer, med film særleg i fokus.

EØS-SAMARBEIDET

er det tredje viktige området. I EØS er det inga traktatfesting av omsynet til nasjonal kultur som lovleg grunngiving for å innføre og halde oppe tiltak som kan hindre frihandel. Traktatendringane i EU, har ikkje blitt innført i EØS-traktaten. Dette har m.a. å gjere med at rettsutviklinga i EØS er mindre dynamisk enn i EU: det er tungt å reforhandle EØS-avtalens hovuddel, der slike reglar ville ha inngått, på andre punkt enn der det er tvingande nødvendig av tekniske grunnar.

Og i EØS har EFTA-domstolen tatt traktaten på ordet. For å styrke islandsk språk hadde Island 14% moms på bøker på islandsk, mot 24,5% elles. Spørsmålet var om dette streid mot EØS-traktaten. Retten fann at det var tilfelle, og måtte då ta standpunkt til om reguleringa likevel var lovleg på grunn av «the public interest in enhancing the position of the national language» (Einarsson-saka E-1/01 (39)). Domstolen fann at det ikkje var lovleg. Den islandske regjeringa hadde i retten m.a. vist til utviklinga med dei omtalte endringane i EF- og EU-traktatane. Dei argumenta vart forkasta av ulike grunnar, reelt vel fordi retten meinte at partane måtte halde seg til ordlyden i EØS-traktaten slik den var inngått i 1992. Etter mitt syn eit svakt resonnement, men slik resonnerte det øvste EØS-rettsorganet. Dette inneber i så fall den noko absurde situasjonen at i Noreg og på Island er kulturomsyn mindre tungtvegande i forhold til frihandel enn mellom EUs medlemsstatar. Dermed er EØS-traktaten, som var meint å lage grunnlag for eit mindre integrert samarbeid enn EF-medlemsskap, på dette punktet blitt meir integrert enn tilfellet ville ha vore ved medlemsskap.

OGSÅ EIT FJERDE

rettsleg nivå kan det kanskje vere grunn til å trekkje fram i forhold til grunnlovfesting. Konkurransetilsynet vurderer for tida den bransjeavtalen for bokbransjen i forhold til konkurranselova. Tilsynet synest ikkje ta omsyn til at litteratur har eit innhald, men vurderer som om det gjaldt marknaden for papir med heilt anna formål. Ein grunnlovsregel ville gitt tilsynet plikt til spesifikt å vurdere kulturomsyn.

Men vil ein grunnlovsregel ha noko å seie i realiteten? Ja, men ein bør ikkje ha overdrivne forventningar. På det nasjonale planet er verknaden tilsynelatande grei. Kjem spørsmål om avveging av kulturomsyn opp for norske domstolar, lyt dei ta omsyn til Grunnlova. Den går prinsipielt føre alle traktatar og vanleg lovgiving. Og forvaltninga må ta omsyn til kultur når det vil vere relevant ved skjønnsutøving. På det internasjonale planet vil verknaden kunne vere noko annleis. I forhold EFTA-domstolen vil det vere ein påverknadsfaktor at det i Noreg er grunnlovfesta at ein iallfall kan ta like mykje kulturomsyn som etter EU-retten. Og dersom EFTA-domstolen ikkje gav seg, ville i så fall norske domstolar la Grunnlova gå føre dersom det kom på spissen. I forhold til WTO ville grunnlovsfesting vere eit argument til støtte for den generelle europeiske posisjonen og ei påminning til dei norske forhandlarane.

Høver ein kulturregel i Grunnlova? Det finst alt i dag ein regel om vern for samisk språk, kultur og samfunnsliv (§ 110 a). Formålet med å vedta denne i 1988 var å sikre og leggje grunnlag for å utvikle vidare minoritetskulturen på det norske territoriet mot majoriteten. No i vår meir globaliserte tid er det majoritetskulturen som treng støtte i grunnlov. Då Grunnlova vart vedtatt, var på ein måte formålet med heile lova å verne om og skape grunnlag for norsk kultur. Det var så opplagt at ein ikkje skreiv det inn i lova. No er både den faktiske utviklinga av verdssamfunnet og dei nyutvikla internasjonale rettslege banda slik at det sjølvsagde må seiast.

KORLEIS BØR

ein grunnlovsregel utformast? Den bør vere på linje med dei nyare reglane om vern av samisk kultur, av menneskerettar og av miljø. Eg meiner den bør utformast slik:

«Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at sikre Udvikling og Værn af norsk Kultur og Sprog.»

Dette er ei føresegn som i utgangspunktet ikkje gir den einskilde personen rettar overfor staten, men som vil ha dei nemnde funksjonane. Å fastleggje presist omgrepet kultur er som kjent vanskeleg, men i denne samanhengen vil tilknytinga til norske språklege uttrykk vere kjernen. Dermed vil litteratur i vid tyding, film og radio og andre media vere sentrale. For andre kunstformer, og kultur i vidare tyding, blir det noko vanskelegare. Viktig her blir å unngå misbruk av nasjonale omsyn. I praksis vil nok kultur i form av bildekunst og skulptur vere norsk dersom den blir utført i Noreg eller av norske borgarar. Men ein bør ikkje la vere å vedta ein grunnlovsregel som har ein sentral kjerne, fordi det kan bli vanskar med visse grensetrekkingar. Framlegget går ut på ein regel som til dels har symbolkarakter, og som ikkje skal gi einskildpersonar særrettar, og då er ei skarp avgrensing mindre viktig.

Dermed går oppmodinga til våre folkevalde: kan ein slik grunnlovsregel vere ein måte å forme i ei handling noko av det kulturmeldinga og debatten om den har vist?