DYREVELFERDA DET ESSENSIELLE: Norsk pelsdyrnæring er leiande på kvalitet, helse og velferd for dyra, skriv pelsdyrbonde Sigbjørn Kirkebøen. Her sølvrevmor med kvelpar. Foto: Sigbjørn Kirkebøen
DYREVELFERDA DET ESSENSIELLE: Norsk pelsdyrnæring er leiande på kvalitet, helse og velferd for dyra, skriv pelsdyrbonde Sigbjørn Kirkebøen. Her sølvrevmor med kvelpar. Foto: Sigbjørn KirkebøenVis mer

Norsk pelsdyrhald er berekraftig og framtidsretta

Sjølv om Norge har liten andel av verdensproduksjonen, er norsk pelsdyrnæring leiande på kvalitet, helse og velferd for dyra.

Meninger

Dagbladet hadde på leiarplass julaften grove påstandar om pelsdyroppdrett i Norge. Det blir hevda at: «konseptet med ville dyr som mink og rev i bur, bærer tydelig preg av dyremishandling». Av argumentene som Dagbladet brukar er det tydeleg at det er dyrevernarar og ytterlegåande aktivistar sine «fakta», og metodar med skjult filming og identitet som er kjelder og grunnlaget bak dokumentasjonen som Dagbladet byggjer sitt populistiske standpunkt på.

Det er forunderleg at det er så vanskeleg for Dagbladet som ein av dei største medieaktørane, på eigenhand greier å innhente kunnskap om realitetane for dyra på ein pelsdyrgard, sjølv om det ikkje er pelsdyrhald i det næraste nabolaget.

Det er svært respektlaust og krenkande av Dagbladet med eit slikt grunnlag å stemple alle pelsdyrbønder som dyremishandlarar, og betegne gardsdyra som «ville». Det er direkte feil å hevde at mink og rev i oppdrett er ville og ikkje domestiserte dyr. Fyrstehands kunnskap finn ein ute i pelsdyrgardane, og korrekt fakta frå dokumentert forsking og frå andre fagpersonar som kjenner dagens pelsdyrhald.

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) er ein uavhengig vitenskapleg, fagleg komité, oppnemnt av statlege myndigheiter. På oppdrag frå desse gav VKM si faggruppe på dyrehelse og dyrevelferd i 2008 ut ein rapport som omhandla velferd for pelsdyr. Denne konkluderte med at: «rev og mink har god velferd, og liten fare for liding under dagens driftsformer, men det er forbetringsmoglegheiter både med omsyn til hus og handtering av dyra».

VKM-rapporten vart så fylgd opp av Mattilsynet og myndigheitene, og i 2011 kom ny forskrift for pelsdyr, basert på denne rapporten. Pelsdyra får her enda betre rettar og styrka velferd i fleksible oppstallingsmiljø, og fleire andre velferdsforbetringar, samt strenge krav til pelsdyrbøndene, med ettersyn og godt stell for dyra.

Regjeringa satte i 2013 ned eit utval som på uavhengig grunnlag skulle vurdera den norske pelsdyrnæringa. Rapporten frå dette utvalet: «NOU 2014: 15 Norsk pelsdyrhold», vart gjeve ut i desember 2014. Dette er ein grundig fagleg gjennomgang av norsk pelsdyrnæring, og eit fleirtal i utvalet går inn for berekraftig utvikling for norsk pelsdyrhald, med anbefaling om ytterlegare krav for betre systematisert avlsarbeid og sterkare fokus på auka dyrevelferd. Denne rapporten er det faglege grunnlaget for politisk behandling av pelsdyrnæringa i løpet av 2016, og som bør konkludera med at Norge skal vera førande i pelsdyras velferdsutvikling.

Alle pelsdyrbønder må for å kunne vera sertifisert ha minimum tre tilsynssbesøk i året av veterinær. Veterinærar som har kunnskap om pelsdyrhald gjennom denne ordninga er då også generelt positive til dyrevelferda og tilstanden i norsk pelsdyrhald. Dette vert bekrefta gjennom ein høyringsuttalelse til nevnte NOU-rappport, der 76 veterinærar som har god kunnskap til dagens pelsdyrhald er positiv til berekraftig utvikling av næringa, men med visse forslag til tiltak som vil styrke dyrevelferda ytterlegare.

For alt husdyrhald er det strenge krav for dei som har ansvar for dyra, og Norges Pelsdyralslag har det siste året vist handlekraft ved eksklusjon av medlemmar som ikkje har greidd å oppretthalde dyrevelferda for sine dyr, og dermed krav for å for å vera sertifisert pelsdyrbonde.

Dagbladet er opptatt av at eit fleirtal i opinionen er imot pelsdyrhald. Det er nok ikkje ein særleg overraskande situasjon, når ein ser korleis delar av media er mest opptatt av av å formidle dårlege sider av næringa som langt frå er representativt for fleirtalet av pelsdyrgardane. Når pelsdyrbøndene dei siste åra har opna opp gardane, og invitert politikarar og folk flest til å sjå på realitetane for gardsdyra, så vert mange overraska over kor rolege, tilltitsfulle og godt domestiserte gardsdyra er. Slik openheit bør i eit normalt fungerande samfunn, med media som formidlar realitetar og fakta på ein balansert måte, gjera til at opinionen får eit korrekt grunnlag å gjera opp sine meiningar ut av.

Hvis store delar av media derimot fortset med ubalanserte oppslag og artiklar om næringa, og framtida blir vurdert utifrå propaganda og usannheiter, kan nok Dagbladet få rett i at næringa kan bli avvikla. Det ville i så fall vera eit nederlag for det norske demokratiet, som byggjer på rettferdig behandling av alle delar av befolkninga, uavhenigig av etnisitet og bakgrunn, og avgjerdsler basert på fakta og kunnskap. Hvis derimot realitetar og sannheiter om dyrehaldet og korleis pelsdyrhald er i verkelegheita blir teke omsyn til og vektlagt av politikarar som skal behandle framtida, bør norsk pelsdyrnæring ha gode framtidsmogelegheiter.

I den nyleg mykje omtalte klimaavtalen som vart vedteke i Paris før jul, spelte Norge ei viktig rolle i forhandlingane, og Norge blir rekna som sterk pådrivar innan klimatiltak internasjonalt. Det er mykje på same måten med pelsdyrhald. Sjølv om Norge har liten andel av verdensproduksjonen, er norsk pelsdyrnæring leiande på kvalitet, helse og velferd for dyra. Norske pelsdyrbønder er på grunn av dette konkurransedyktige på pris for pelsdyrskinna, også mot lågkostland.

Pels er eit ettertrakta naturprodukt over heile verda, og vil nok heilt sikkert vera det i lang framtid. Det etisk riktige - som det er med alt husdyrhald - må vera at dyrs levevilkår og dyrevelferda skal vera det essensielle, og at forsking og utvikling heile tida skal ha fokus på auka dyrevelferd. Eit politisk vedtak om berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa vil gjera Norge til førande for pelsdyras velferdsutvikling også i framtida, og dermed sikre betre rettigheiter for pelsdyr også globalt sett. Hvis det vorte slutt for pelsdyrhald her i landet, ville ikkje dette lenger vera ein realitet.

Skal Norge fortseta med å vera pådrivar for velferdsutvikling for pelsdyr også internasjoinalt, er det sjølvsagt heilt avhengig av ei sterk framtidsretta og berekraftig pelsdyrnæring på heimebane.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook