Norske «DDR-arkitektar»

Trur dei funksjonalismen alltid er det rette?

SVARAR PÅ KRITIKK: Funkisarkitekturen skal i beste DDR-stil alltid kopierast, skriv innleggsforfattaren i debatten om Hotel Union på Øye. Bilde frå Dresden i 1969.Foto: Wikimedia Commons
SVARAR PÅ KRITIKK: Funkisarkitekturen skal i beste DDR-stil alltid kopierast, skriv innleggsforfattaren i debatten om Hotel Union på Øye. Bilde frå Dresden i 1969.Foto: Wikimedia CommonsVis mer

||| ARKITEKTUR: Kven eig ein sjukdom? Pasientane, lækjarane, sjukepleiarane? Kven eig skulen? Elevane, lærarane, pedagogane, politikarane? Sei det. Som om dei fleste har fått med seg: Kven som bør eiga eit felt, er eit gamalt spørsmål som vi aldri kjem til å få nokon uttømande svar på i eit demokrati.

Vent! Det finst eitt unnatak!
     
I EIT NOKO ureflektert lesarinnlegg i Dagbladet den 4. oktober har sivilarkitekt Øyvind Mo svaret på kven som bør eiga det fysisk uttrykket til bygningsmassen her til lands: Øyvind Mo, og andre arkitektar som meiner det same som han. Dei som hevdar noko anna inkludert underskrivne, er «mer og mer latterlege». Eg er ikkje nett overraska. Mo representerer ei totalitær ideologisk retning innan arkitekturen, nemleg at funksjonalisme alltid er rett, og at alt — korleis det no skal kunne avgjerast — må sjå ut som det er bygd det året det er bygd i. Det tyder enkelt og greitt at all kopiering er forbode.
     
Vent! Også her finst det eitt unnatak. Funkisarkitekturen som oppstod for om lag åtti-nitti år sidan, kan og skal i beste DDR-stil alltid kopierast.

DETTE DOBLE bokhalderiet er diverre såpass ulogisk at det berre hadde vore pinleg om det ikkje var så dominerande og får slik horrible utslag som sist sett ved Hotel Fleischer på Voss.  I staden for å få ei tilbygg i den opphavlege stilen, er det klassiske trehotellet der no øydelagt av ein modernistisk byggjekloss, og det etter krav om historisk «lesbarhet» frå arkitektane hjå fylkeskonservatoren i Hordaland.
     
Mo er elles oppteken av at tre no ikkje er det same som før og at handverksteknikkane som vart brukt før, ikkje lenger finst. Vel, Hotel Union på Øye som er utgangspunktet for ordskiftet, har ei omfemnande treornamentering. Sidan den gamle treornamentering med åra har rotna, er mykje av denne ny, og denne utskiftinga var det notidige handverkarar som gjennomførde og det med nytt tre. I tillegg har hotellet to gonger vorte utbygd i opphavleg stil, med ornamentering og med nytt tre.
 
KVA ER Mos framlegg til løysing på dette dilemmaet som han typisk nok ignorerer i lesarinnlegget sitt: Skal ein ikkje kunne byta ut gamalt med nytt tre? Skal ein eventuelt nytta eit anna byggmateriale? Eller skal ein kopiera når ein vedlikeheld, men ikkje når ein byggjar nytt? Kva gjer vi til dømes med Den Norske Opera som med tida vert oppeten av saltvatn? Byter vi ut materialet der med eit anna materiale?
     
«Vi gir oss aldri!», fortel Mo om seg og sine arkitektkollegaer.

Det same sa Eric Honnecker, ein annan kar som berre ville ha modernistisk arkitektur.      

STRIDENS KJERNE: Hotel Union på Øye.Foto: Oddmund Lunde
STRIDENS KJERNE: Hotel Union på Øye.Foto: Oddmund Lunde Vis mer