Norskeksamen og regjeringsansvaret

NYNORSK: Motstanden mellom elevar og lærarar mot ny norskeksamen i ungdomsskolen er både stor og prega av indignasjon. Over heile landet protesterer elevar, lærarar og foreldrar. Dette er det god grunn til, for på ein dag skal elevane no både skrive innafor fleire sjangrar og tekstar på nynorsk og bokmål.

Det kan dokumenterast at regjeringa som tok over i 2005, har forsømt seg grovt i denne saka. Alt før jul i 2005 hadde Nynorsklaget møte med statssekretær Rugtvedt der vi la fram problemet. Ingen ting skjedde og i 2007 hadde vi møte med Djupedal sjølv om same sak. Han bestemte at eksamen skulle vere som vedtatt i det førre stortinget, og sa jamvel at han ikkje trudde den nye eksamensforma ville gå utover verken skrivedugleik eller nynorsken. I brev til den nye statsråd Solhjell i 2007, peika vi atter på kva eksamenskatastrofe regjeringa ville bli ansvarleg for. Han ville la eksamen gå som planlagt, men la Utdanningsdirektoratet evaluere han etterpå.

Skolefolk og andre skal vite at problemfeltet norskeksamen primært handlar om språkpolitikk, dvs. nynorskmotstand. Delar av Arbeidarpartiet har ei lang historie med å heller skygge unna målstrid enn å ta ansvar for nynorsken. Sentralt står ei viss redsla for moglege populistiske verknader av Unge Høgre sine åtak mot nynorsk (jf. brosjyrar med tittelen «La dem raute på målet bare vi slipper», brenning av nynorske ordliser og skjorter med påskrifta «Jeg hater nynorsk»). Innan SV finst ein tradisjon der det er viktigare å vere mot karakterar og eksamen enn å vere for nynorsk. Dette kan forklare regjeringa sin mangel på å bruke makt til å styrke nynorsken der han treng det mest av alt; i skolen.

Regjeringserklæringa lovar satsing på norsk språk, og spesielt nynorsk. SV skulle rydde opp etter Clemet i Kunnskapsdepartementet. I det førre Stortinget klarte Clemet å forhandle seg fram til redusert (ny)norskeksamen, endå det faktisk ikkje var fleirtal i Stortinget for det. Både DNA, V og Krf blei pressa med på eit kompromiss. I dag er det den raudgrøne regjeringa som sjølv syter for at Sp, SV og DNA – saman med V og Krf. – framleis er knebla av Clemet sin nynorskpolitikk. Regjeringa har framleis høve til gjere norskeksamen betre både i ungdomsskolen i og i den vidaregåande skolen i 2009. Det er enkle lov- og forskriftsendringar som skal til. Dersom Utdanningsdirektorat får bruke månader på å oppsummere, vil derimot løpet vere kjørt fro 2009 òg. Statsråden har ansvaret for å setje nødvendige tidsfristar.