Kvifor berre skildre? Er det ikkje betre at litteraturen kokar over, at det ramlar inn usannsynlege episodar, spør kronikkforfattaren. På bildet Karl Ove Knausgård på besøk hos Skavlan. Foto: Håkon Eikesdal
Kvifor berre skildre? Er det ikkje betre at litteraturen kokar over, at det ramlar inn usannsynlege episodar, spør kronikkforfattaren. På bildet Karl Ove Knausgård på besøk hos Skavlan. Foto: Håkon EikesdalVis mer

Norskesjuka

Må litteraturen tenke og skildre så smått heile tida?

Forfattarsleppet i Bergen aktualiserte det som her er kalt «norskesjuka». På fleire opplesingar var det lengre skildringar. Eit stjerneeksempel på det redaktørar seier til forfattarane sine, og lærarane på våre mange skriveskular til elevane, show - don't tell. Dette er den moderne skrivingas hellige ku. Du skal ikkje fortelje at «Rigmor vart glad». Du skal vise: «Rigmor gjorde eit plutseleg byks, klappa i hendene og byrja å synge».

Forfattaren skal ta lesaren på alvor, lesaren må sjølv trigge relevant respons. Litteratur som fortel, som tell'ar i staden for å showe, kan opplevest som gamaldags og påståeleg. Eit anna tips som redaktørar og skrivelærarar gir, gjerne i samanheng med instruks om show'ing, er å sette verba i presens slik at det oppleves meir levande, eit godt råd for å unngå stivt språk. Og i norsk litteratur er det skildring, showing og presens over ein lav sko, på begge målføre. Kva er så problemet? Når det blir kjedeleg, fordi skildrarane ikkje har noko å telle.

Kan alt skildrast? Kan det vere lyden bestemora høyrer frå stova, medan ho står på kjøkkenet og vaskar opp for hand, og spring inn i stova for å undersøke, for å oppdage at barnebarnet har velta ein leikebil ned på golvet? Ja. Men kvifor, kor er verdien? Igjen og igjen har eg lest skildringar i norsk samtidslitteratur av episodar frå kvardagslivet. Ingen episode er for liten til å skildre, ingen er for liten til å ikkje bli innkjøpt av Kulturrådet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle bøker som er gode nok, skal bli innkjøpte, det er flott, men det virkar som dei med det meiner dei som er gode nok i skildringane. Som oftast er det kvardagen som blir skildra, det er viktig, då kan lesarane kjenne seg igjen. Det med å kjenne seg igjen er eit ufråvikeleg krav til god litteratur, på skriveskulane, forlagskontora og i avisene. Så lenge skildringane er presise, i presens, henta frå kvardagslivet til vanlege folk som helst bør vere fanga i tidsklemma mellom barnehage, jobb eller sjukeheim, då blir det toppkarakter. Då kan alle kjenne seg igjen, og språket lever, i presens, det er, på alle måtar, nær oss. Nært, og lunt, og litt sårt. Men er det spennande?

Historia i botnen i ei bok må ikkje vere forankra i kvardagen, ho kan ha noko anna. Ikkje nødvendigvis mord og elendigheit som i krim, berre noko anna, noko rart som vi ikkje klarer å plassere. Nagel i Hamsuns Mysterier har lite med kvardagen å gjere, spring rundt i skrikande gul dress enten det er kvardag eller helg, noko forklaring får vi eigentleg ikkje. Kor er verdien, viss ein høyrer lydar når ein står og vaskar opp, i at ein tenker tilbake på ei bok der det same skjer? Er det så viktig å kjenne igjen sin eigen kvardag når ein les, slik ein fint må i dei fleste norske bøker?

Noreg er eit lite land, men må ein tenke, og skildre, så smått heile tida, små situasjonar, små nyansar? Er det ikkje betre at det kokar over, at det ramlar inn usannsynlege episodar, er det ikkje slik at bøker primært er underhaldning, enten dei kjem i elektronisk format på lesebrett og iPad eller ikkje, og ikkje sobre, millimeterpresise observasjonar om ein kvardag vi uansett ikkje blir kvitt?

Faren med å bli ekspert, er at ein blir for sneversynt, ein ser ikkje skogen for berre tre. Med det norske fokuset på show, kan det virke som historia, tellingen, ikkje lenger er så viktig, og sjølv om han er der, er han vanskeleg å få auge på. Det å observere, og det å gjenfortelje det ein ser på ein presis måte, er ein ettertrakta kvalitet, for eksempel i arbeidslivet. Kva skjedde i denne saka, kan du skrive rapport til sjefen?

Kanskje burde vi hatt eit eige fag i skulen, gjerne som del av norsk, som heitte «skildring». Elevane vart nok både i grammatikk og tenkemåte meir strukturerte og systematiske. Men særleg spennande vart det ikkje for læraren som skulle rette, eller for elevar og oss andre med fantasi og ønske om spenning, ikkje kvardag.

KRONIKKFORFATTAREN: Olav Kristiseter.
KRONIKKFORFATTAREN: Olav Kristiseter. Vis mer