«BEVAR NRK»:  «Eg vil sjå at vi bevarer og utviklar NRK. At vi står opp for noko viktig, godt og typisk norsk», skriv Bård Vegar Solhjell.  Foto: Nina Hansen/Dagbladet
«BEVAR NRK»: «Eg vil sjå at vi bevarer og utviklar NRK. At vi står opp for noko viktig, godt og typisk norsk», skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: Nina Hansen/DagbladetVis mer

NRK er Noreg på sitt beste

Eg vil ikkje ha eit strupt, barbert eller svekka NRK. Eg vil sloss for eit sterkt NRK, fordi det er viktig for norsk språk, kultur og kunnskap.

Meninger

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men NRK er ein av dei tinga eg verkeleg likar med Noreg. Eg er storbrukar. Som så mange andre. 88 prosent av alle nordmenn nyttar oss av tilbodet. Det er likevel ikkje kanalane og programma eg likar best med NRK. Det er kva NRK er i samfunnet vårt; Ein allmennkringkastar, og folkeopplysar. I ei tid der dette ordet er nesten gløymt.

NRK har ein dobbel funksjon. På den eine sida tilbyr den felles kunnskap, opplevingar og underhaldning som alle eller dei fleste treng, eller ønskjer. Værmeldinga, dagsrevyen, barne-tv, laurdagsunderhaldninga og fotball-VM. NRK er med på å binde Noreg saman. Men samstundes tilbyr NRK oss eit mangfaldig virvar av ulike tilbod i det daglege. Alle mulige slags sære program. Fjernsynsteater, etikk, pubertal humor, klassisk musikk, filosofi og jazz (til og med i same program). Og desse to eigenskapane - det breie og det smale, om du vil - er tett og udeleleg knytt saman, vil eg hevde.

Det smale NRK formidlar norsk kultur, tradisjon og språk til oss i ei tid der dette er under sterkt og aukande press. Det formidlar kunnskap og innsikt som ikkje har betalingsvilje hos annonsørane til TV2 og P4, eller kundane til Netflix. Det gjer oss tilbod til barn og eldre, til samiskspråklege og hørselshemma. Men dette NRK finst i lengda ikkje utan eit anna NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen

For NRK er også leverandør av felles opplevingar som nesten heile nasjonen har teke del i. Felles underhaldning, som Grand Prix og gullrekka. Felles nyhende, når ei nasjonal katastrofe rammar. Kvar generasjon finn fellesskap i si tids program. For min del; barne-tv på 80-talet, den nye humoren på 90-talet. Arne Scheies eufori - «pulsen er i 410» - då Kjetil Rekdal tok «det viktigste sparket på en fotball i Norges Fotballforbunds historie». Kongens stemme som brist under Nasjonal minneseremoni, då han seier «Som deres konge føler jeg med hver og en av dere». Dei store seierane og tragediane vi som nasjon deler. Eg ser det same for mine barn; kvaliteten på NRK super har i vår heim utkonkurrert Disney Channel. Det er betre, og det er det venar ser. Felles opplevingar for ein ny generasjon.

Skal NRK oppfylle sitt mandat om å formidle kunnskap, kultur og utvikle norsk språk, må det nå mange. Sjølv ideen med ein allmennkringkastar er at den er allmenn, er for alle menn (og kvinner). Difor er det avgjerande viktig at NRK ikkje berre er kvalitativt gode, men også kvantitativt store, om dei skal oppfylle sitt samfunnsoppdrag.

Men det er også denne breie profilen som gjer det smale levedyktig og viktig på NRK. Eit døme: Ingen reklamefinansiert kanal ville sendt ein tur med Bergensbanen minutt for minutt. Ein smalare minimumsversjon av NRK kunne aldri fått nasjonen til å oppdage at vi elskar det. Å samle Noreg til ein tur med hurtigruta, krev at folk flest ser på NRK som ein relevant fjernsynskanal.

Kjenneteiknet ved ein moderne allmennkringkastar er at den kan ta noko viktig og i utgangspunktet litt sært, og formidle underhaldande så det når mange. Det er moderne folkeopplysning. Både P4 og TV2, begge allmennkringkastarar, gjer det av og til. Berre NRK har det som sin kjerneidé.

Det er her utspel av Regjeringspartia sine kulturpolitikarar Svein Harberg (H), Kårstein Løvaas (H) og Ib Thomsen (Frp) kjem inn. Dei argumenterer for:

- Å legge mindre vekt på bredde og sjåartal for NRK. Altså eit smalare NRK.

- Å beskjære NRK sitt oppdrag til «hovedkanalar for radio og TV». Altså halde nett, andre radionanalar, sosiale medier og andre tenester utanfor kjerneverksemda.

- Å redusere NRK sine inntekter ved å fordele den til fleire, og ikkje la NRK bli større.

Dagens Næringsliv oppsummerer det greitt: «Høgre og FrP vil barbere NRK»

Eit NRK som først og fremst skal gjere det ingen andre vil gjere, eller kan tene pengar på, blir som ein restemiddag. Andre står for hovudretten, medan NRK får dei restane ingen vil ha. Eit slikt NRK vil over tid miste både innovasjonskraft og legitimitet. Det vil fort bli vanskeleg å halde oppe løyvingar til eit NRK som stadig færre ser på, og som med god grunn kan stemplast som eit elitetilbod for dei få. Om NRK ikkje var størst, ville dei ikkje hatt den same krafta til innovasjon. Dyktige programskaparar og journalistar ville trekke mot andre kanalar, fagmiljøa bli mindre. Og utan innovasjon ville NRK hatt status som ein stiv og aldrande statskanal.

Eg har lese nøye gjennom intervjua med Harberg, Løvås og Thomsen. Det mest spesielle med intervjua er at ord som kultur, kunnskap og språk - ord ein skulle tru kulturpolitikarar ville bruke om eit av våre viktigaste kultur- og mediepolitiske instrument - er fråverande. Orda blir ikkje brukt. Kulturpolitikken er blitt borte i snakket om korleis NRK forstyrrar mediemarknaden. Eit sterkt NRK er bra for norsk språk, kultur og kunnskap. Men sidan det i følgje H og FrP ikkje er bra for mediemarknaden, må det slankast. Som om Noreg først og fremst var ein marknad, ikkje ein nasjon.

Enno meir absurd blir det, då det viser seg at det vi har av uavhengig kunnskap på dette feltet tydar på at NRK ikkje trugar mediemangfaldet, og ikkje gjer det vanskelegare for andre aktørarar på nett! To rapportar frå ulike kunnskapsmiljø peikar i denne retning. Men denne kunnskapen er dei ikkje interessert i. - Det er med respekt å melde bare tull, seier Løvaas.

I fall du er i tvil: Eg er glad i NRK. Det bedyrar også dei nemnde herrane frå regjeringspartia at dei er - glad i NRK. Det vert sagt at kjærleik gjer blind, men det får vere grenser. Det er faktisk ikkje mogeleg å tru at tiltak som så openbart og målretta vil svekke og undergrave NRK, er meint som kjærlege klapp på skuldra. Ein skal vere forsiktig med å mistru andre sine motiv, men eg trur ikkje på dei. Eg trur dei pakkar inn standpunkta sine i ei grunngjeving som ikkje er reell.

For ikkje berre er det ulogisk å styrke NRK gjennom å svekke same institusjon. Mange har sagt rett ut at dei vil svekke institusjonen. Minerva-Høgre sin kulturideolog Kristian Meisingset skreiv rett etter stortingsvalet kommentaren «Strup NRK», der han tok til orde for at NRK må konsentrere seg om «stoff av den typen som andre medier ikke tilbyr fordi det ikke er stort nok marked for det».

Om kort tid kjem stortingsmeldinga om NRK. Ein aktør sa at «vi nærmar oss ei løysing». Sjølv har eg sjeldan følt meg fjernare. Eg vil ikkje at vår felles allmennkringkastar, NRK, skal gå litt i feil retning, medan vi ventar på 2017. Vårt språk er dagleg utfordra, våre medier opplever enorme endingar, vår kunnskap og kultur fortener forbetring.

Eg vil sjå at vi bevarer og utviklar NRK. At vi står opp for noko viktig, godt og typisk norsk.