
Som mor, lærar, lærarutdannar og forskar, med eiga erfaring med pysisk sjukdom og med eit positivt forhold til både kognitiv terapi og mindfullness:
Eg er glad for at NRK gjennom sin nye serie med filmsnuttar for barn «Kort fortalt – livsmestring», vil hjelpe barn til å sette ord på og bearbeide det som foregår i tankar og kjensler. Serien vert av fleire også sett på som ein undervisningsressurs.
Men for meg kjem nokre av desse filmsnuttane med ein vond bismak som gjer dei vanskelege å svelge.
Det er den same bismaken eg kjenner kvar gong «livsmeistring» vert heia fram som satsingsområde i skulen. Mykje godt skjer i dette omgrepet sitt namn – det er likevel problematisk dersom signalet er at livskvalitet er noko som barnet først og fremst har ansvar for å «få til». Barnet skal «takle» vanskelege kjensler og tankar og heller fokusere på dei positive. Ein ser ut til å gløyme at dei vonde tankane ikkje nødvendigvis er det verkelege problemet, men eit symptom på noko som ligg bak som må gjerast noko med.
Ein av filmane handlar om psykisk helse, og ein viser til WHO sin definisjon: … «en tilstand av velvære der individet kan realisere sine muligheter, håndtere normale stressituasjoner i livet, arbeide på en fruktbar og produktiv måte og har mulighet til å bidra overfor andre og i samfunnet».
Programleiar seier: «Eller vi kan si det litt enklere, psykisk helse handler om hvordan vi greier å håndtere det som oppstår i hverdagen.» Bodskapen er altså at dette handlar om kva barnet «får til».

Føler de ødelegger sine nærmeste
WHO understrekar korleis psykisk helse handlar om korleis samfunnet tek ivare innbyggarane sine rettar, og korleis psykisk helse heng saman med oppleving av å få anerkjenning og å høyre til. Samfunnet har altså hovudansvaret, ikkje enkeltindividet. Dette perspektivet ser NRK ut til å ha gløymt.
Når livet kjennest vanskeleg skal barna ifølge filmsnuttane fokusere på dei gode tankane: «Selv om du ikke kan styre tankene som kommer, kan du likevel påvirke hvilke tanker som skal få plass, eller hvilke du vil fokusere på. Tankene dine hjelper deg å bearbeide det du opplever. Det er derfor vanlig at du har både lyse og mørke tanker. De lyse tankene bør få størst plass. Det gjør livet lettere og gir deg glede. De skaper utvikling og fremdrift.»
I ein annan episode får barna råd om å sette av grublinga til ei bestemt tid på dagen slik at resten av dagen er bekymringslaus og kan brukast til «gode tankar»
Det serien ikkje tek høgde for, er at statistisk sett sit det fleire barn i kvart klasserom som vert utsett for ting barn aldri skal måtte oppleve. I alle fall bør dei sleppe å høyre at løysinga først og fremst er å tenke positive tankar, slutte å gruble så mykje , og slik sjølv sørge for livsglede og «fremdrift». Dei treng ikkje fleire steinar til byrda.

Jeg vil takke Innafor-redaksjonen
Eg forstår at NRK vil kommunisere til barn og forenklar. Eg berømmer også NRK for i kvar episode å seie at dersom ein ikkje blir kvitt tankane bør ein søke hjelp. Normalisering av det synes eg er viktig, og eg trur NRK kan bidra.
Likevel: Eg har ikkje sett at det blir gjort klinkande klart for barna at når du blir utsett for vonde opplevingar som gjev deg vonde tankar er det viktigaste at dei vaksne ordnar opp i det, ikkje at du lærer deg å tenke på ein betre måte. Eg skulle ønske at NRK i kvar episode også kunne seie noko så enkelt som til dømes at «noen ganger opplever barn at det blir gjort vonde ting mot dem som gjør at de får vonde og vanskelige tanker. Da skal man fortelle om dette til noen voksne slik at man får hjelp til å få de vonde tingene til å slutte å skje.»
For nokre barn er dette kanskje overflødig informasjon, men nokre treng å få høyre akkurat det. Det ville koste lite, men bety mykje. Det burde NRK forstå og ta ansvaret for.