GJENGEN SIN: Nokre av desse rappar, andre gjer ikkje. (Foto: Øystein Grutle Haara)
GJENGEN SIN: Nokre av desse rappar, andre gjer ikkje. (Foto: Øystein Grutle Haara)Vis mer

Null ego

Hester V75 er eit kollektiv av sedate villhestar. Og dei nemner ingen namn.

Nokre hip-hopgrupper vert kalla kollektiv. Det betyr som regel at dei har mange medlemmar, og er litt lausare organisert enn vanlege grupper. Den kollektive tankegangen har kanskje vore ekstra sterk på den amerikanske vestkysten, med relevante gjengar som Hieroglyphics, Quannum Projects og Freestyle Fellowship.

Det gode med kollektiv, er den store dynamikken ein får når mange stemmer og flow møtest. For mange er det òg givande for kreativiten å ha mange leikekameratar, og kollektiva er ofte flinke til å utvikle sine eigne mytologiar med tilhøyrande sjargong; dei lagar sine eigne verder. Dette er mest vellukka når døra inn til verda står på gløtt. Som lyttar skal ein ikkje forstå alt med éin gong, men ein må få lyst — og lov — til å gå inn.

Det mest kjende og suksessfulle hip-hopkollektivet av alle, er Wu-Tang Clan frå New York. Dei har om nokon utvikla sin eigen mytologi, og dei har mildt sagt dynamikken i orden. Men dei er òg ein nokså infantil flokk med enorme ego, som heile tida konkurrerer, både med og mot kvarandre, og kjempar om å rope namna sine høgast.

Wu-Tang Clans antitese heiter Hester V75, og er eit relativt nytt namn på den norske rapscena. Dei har gjort noko ganske uhøyrt i hip-hopsamanheng, også i såkalla hip-hopkollektiv: Dei har fjerna egoet. Eg veit ikkje om nokon av dei har MC-namn eingong.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg veit i det heile tatt lite om Hester V75 frå før. Eg veit at dei er frå Bergen, og at dei er mange, men at ikkje alle rappar. Nokre lagar beats, og éin driv med heilt tredje ting. Og så veit eg at dei kallar seg Hester, men slengde på V75 så det skulle vere lettare å google. Dét er dét.

Frå før har eg berre høyrt nokre få Hester-låtar, og kjent på ei god stemning. Det er noko som både høyrest gammalt og nytt ut i uttrykket deira. No høyrer eg den nye plata, «115 drømmer», som kom for ein god månad sidan.

Hester V75 opnar plata med å oppsummere kva ho handlar om. Me høyrer regnet i Bergen, og ein melankolsk saksofon, og så: «Det eg sliter med for tiden, e å tenke litt for mye / mann, eg tenker litt på gjengen min, eg tenker litt på byen». Og det handlar altså heile plata om; einsemd, byen (Bergen), og gjengen min — eller «min gjeng» som dei oftare formulerer det. Bergen og gjengen er so pass gjennomgåande og viktige tema at dei smeltar i hop i ordspela: «for det regner ned, det bare regner ned / eg e en du kan regne med».

Det regnar mykje i Bergen, men Hester klarer likevel å høyres ut som ein lang sommar. Det er gammaldags og samplebasert hip-hop av den varme og sakte slagsen, oppdatert med dagens leikande hi-hattar, og skarptrommer som melodisk element. Vokalen har mange koringar og ekstra spor, som for å harmonere med dei breie synthflatene. Det er stemninga og det gode og melodiske flowet som er i sentrum.

Det er noko sjølvsagt og tilgiveleg over den bergenske sjølvgodskapen. Og når Hester har fjerna egoet frå mytologien sin, får denne enormt sterke bergenske sjølvkjensla noko endå meir kollektivt og dragande over seg. Dessutan får ho kvile godt der ho høyrer heime, og der ho i stor grad kjem frå: nemleg språket. Bergenserar snakkar annleis enn alle oss andre. Finst det andre plassar i landet ein seier 'min mor'? Bergenserane har òg mykje gammal og ny slang som dei får ha for seg sjølve. Som her, i løpet av fire linjer er det minst fire heilt typiske bergenske ord: «Slippe nedsig, kanskje finne på no utflipp igjen / men ka e d eg rømmer fra no / eg e forelsket i hon tøsen man alt e jo kool / hun e så mat og vi to e så søte sammen»

Sjølv om egoa og namna er droppa, er alle vers skrivne i fyrste person eintal, og eg-personen er ein vanleg ung middelklasse-kis. Han er ikkje rik, men han er grei: «Denne her går ut til alle dokkar jentar / eg hakkje mye geltar, men kan låne deg min gensar». Han er ofte sliten fordi han både må ha ein vanleg jobb og må jobbe hardt for at Hester V75 skal kome seg opp og fram. Han grublar mykje, og føler seg aleine når han ikkje er i lag med gjengen sin. Sjølv om stemma skiftar kvar gong ein ny rappar tar over, er det som om det er den same eg-personen heile vegen.

Ein hest er ein sterk individualist som ofte går i flokk. Hester V75 er kanskje som ein flokk villhestar med kvar si stemme, men det er tydelegvis forma på flokken som er viktigast. I stadenfor å oppnå den store dynamikken, bruker Hester dei mange stemmene til å skrive fram éin stor kollektiv eg-person. Plata nærmar seg ferdig, og den einaste som har sagt namnet sitt, er platas einaste gjesterappar, Onge $ushimane.

Hester V75 seier ikkje så mykje, til tider går tekstane litt på tomgang. Men dei lagar stemning — og det er ei stemning som gir deg lyst til å gå inn døra, og vere med i gjengen. Og det er ei stemning som gir deg lyst til å lengte.

Det er regn, men det er òg sommar — for alltid. Du er aleine i verda, men du har din gjeng — for alltid. Dette er det romet som Hester V75 har bygd. Det er ein fin plass å vere, og det krev ikkje allverda av deg.

Når plata er slutt, er det framleis ingen som har sagt namnet sitt, og eg anar framleis ikkje kor mange av hestane som rappar.