Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ny psykiatrilov- mindre tvang

Framover våren har det vore ei rekkje innlegg i avisene om framlegget til ny psykiatrilov. Dei fleste av innlegga har kommentert kapitel 3 i lovteksten om bruk av tvang i psykiatrien. Nokre av innlegga har hatt som hovudtema kva for grupper som skal ha det faglege ansvaret for behandling under tvang og som kan vurdera om vilkåra er til stades for å setja i verk tvangsbehandling.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I den noverande Lov om psykisk helsevern er det berre høve til å setja i verk behandling med tvang overfor pasientar som er innlagde i psykiatriske sjukehus eller som har vore innlagde og det under opphaldet har blitt sett i verk tvangstiltak som skal gjelda etter utskriving, såkalla tvunge ettervern (paragr. 13.1)

I den nye lovteksten heiter det at «tvungent psykiask helsevern kan også skje uten døgnopphold i institusjon hvor dette er et bedre alternativ for pasienten». (utheva her)

Mot dette framlegget har det kome ei rekkje protestar med vekslande grunngjeving, der hovudkonklusjonen er at denne lovteksten vil opna for meir tvang i psykiatrien. Med utgangspunkt i at ein må gå ut frå at dei som skal setja i verk så alvorlege behandlingstiltak som det her er tale om, er seriøse og ansvarlege fagfolk, vil etter mi vurdering det motsette vera tilfelle. Etter den nye lovteksten kan det setjast i verk tvangsbehandling som enten skal hindra at utsiktene til «helbredelse eller vesentlig bedring» i betydeleg grad blir redusert, eller som skal hindra at vedkomande representerer ein alvorleg fare for eige eller andre sitt liv og helse.

Heile tida skal det haldast klårt for auga at ramma for behandlingsopplegget skal vera det som til kvar tid er til det beste for pasienten. Derfor skal tvunge psykisk helsvern utan døgnopphald i institusjonen berre skje når dette er ei betre løysing enn innlegging. Den siste delen av lovteksten som er utheva ovanfor, ser det ut til at dei fleste som har engasjert seg i debatten mot den nye tvangsparagrafen, har oversett. For einkvar fagperson som driv psykiatrisk behandling, må det som til kvar tid tener pasienten best, vera retningsgjevande for alle behandlingstiltak.

Det er ikkje vanskeleg å finna døme frå den praktiske behandlingskvardagen på at pasientar som blir stilte på val mellom tvangstiltak i og utanfor institusjon, vil føretrekkja det siste. Jamvel om et personleg berre unntaksvis behandlar pasientar med alvorlege sinnslidingar i min noverande arbeidssituasjon, har eg arbeidd så lenge i dette faget at eg kjenner mange tilfelle der motførestellingar mot innlegging og medfylgjande tvang i institusjon var så store at pasientane langt heller ville føretrekkja tvangstiltak utan innlegging som det minste onde. Dette sjølv om heller ikkje dette tiltaket var noko å ynskja seg.

Her skal eg illustrera dette med eit typisk eksempel, som mange behandlarar vil kjenna seg at i.

Det gjeld den unge schizofrene 25-åringen som eit par gonger tidlegare har vore innlagd i det regionale psykiatriske sjukehuset 30 mil frå heimen. Han har kome seg godt under siste opphald på nye medisiner som han får i tablettform. Han blir så bra at han kan utskrivast, den første tida rett nok etter tvunge ettervern etter noverande paragraf 13.1 etter lova. Månader og år går med ei tilfredsstillande utvikling i helsetilstanden, og hans ynskje om å sleppa tvunge ettervern blir etterkome.

Så går det atter nokre månader, og dei pårørande merkar no at han blir meir uroleg, dei er i tvil om han tar sine medisiner som føreskrive. Også behandlande leg ser at utviklinga går feil veg, og han føreslår for pasienten overgang til depot-medisinering i sprøyteform kvar 2. til 3. veke. Dette nektar pasienten, då han kjenner seg frisk. Han vil heller ikkje innleggjast, og det føreligg då heller ikkje enno så avlorlege symptom at det er grunnlag for drastisk innleggingstiltak.

I denne situasjonen vil pasientens primærlege ha kontakt med psykiatrisk poliklinikk eller sjukehus, slik at vidare aktuelle tiltak kun bli vurderte i fellesskap. I fyljge lovframlegget er det institusjonen som skal ha ansvar for dei tvangstiltak som blir sette i verk, også utanfor institusjon.

For vår pasient kan det bli aktuelt å bli stilt framfor val mellom på den eine sida å dra 30 mil heimanfrå til det psykiatriske sjukehusets lukka avdeling, eller på den andre sida gjennom ei form for «frivillig tvang» å akseptera å få ein injeksjon kvar tredje veke, noko som i mange tilfelle vil retta opp situasjonen dersom har har late vera å ta tablettane sine dei siste veker eller månader. Og det er klårt at behandlingspersonalet med eit heilt anna tyngd kan setja det siste tiltaket i verk med ein lovheimel i ryggen.

I praksis blir mange pasientar stilte på tilsvarande val og under press som skissert ovanfor, også i dag, men med tvilsam lovheimel. Eit tvangstiltak av denne kategorien vil kunna setjast i verk på eit tidlegare tidspunkt i sjukdomsutviklinga av di det er langt mindre drastisk enn ei tvangsinnlegging vil vera for mange pasientar.

Ein «stikk i enden» blir av mange oppfatta som eit «mildt» tiltak i høve til transport i sjukebil 30 mil med eskorte til ei avdeling der dørene blir lukka bak ryggen. Heller ikkje er det alltid så svært aktive behandlingstiltak pasienten får tilbod om innanfor sjukehusveggene.

I ei rekkje tilfelle er det å få den rette medisinen til rett tid, det som trengst i tillegg til vanlege ettervernstiltak for å få ein pasient som er komen ut av sporet, på fote att.

Er det tale om ei førstegongsinnlegging, bør ein og ha i tanken at det dessverre framleis er eit faktum at i Rogaland er det traumatisk for mange å ha vore pasient på Dale, i Nordland på Rønvik, i Buskerud på Lier o.s.b. Det er leit at det enno er slik, men det er fakta som me ikkje kan oversjå under vurderinga av kva som er det beste alternativet for pasienten. Etter mitt syn representerer ikkje den nye tvangsparagrafen nokon fare for auka bruk av tvang i norsk psykiatri, under føresetnad av at han blir praktisert etter intensjonane, slik lovteksten seier. Tvert om kan han gi rom for mindre omfattande inngrep i pasientens liv og personlege integritet.

Det har i debatten blitt hevda at pasientar etter det nye lovframlegget kan bli utsette for tvang i sin eigen heim, slik at heimen ikkje lenger blir nokon fristad.

Til det er å seia at det dessverre ikkje er noko nytt at pasiantar kan bli utsette for tvang i eigen heim, og det er noko det aldri er mogeleg å koma bort frå. Til no har tvangen i heimen vore første steg i samband med innlegging i sjukehus. Heimen vert ikkje i mindre grad ein fristad om det nye lovframlegget vert vedteke. Henting av pasient til poliklinisk behandling skaper ingen skilnad i høve til henting for innlegging. Den nye lova vil i beste fall føra til nokre færre innleggingar.

Konklusjonen på desse refleksjonane vil derfor vera at mykje av støyen omkring den nye tvangsparagrafen er å sjå på som «storm i eit glas vatn».