Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Nye soger frå Indreeide

Ei bok som er vanskeleg å fanga, varierande både i tema, sjanger og kvalitet.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Med høgdepunkt som «Vinkel i vind» (1987) og «Bilde og bein»(1992) har Erling Indreeide markert seg som ein poet med kontinuitet, forstand og ein frisk biletskapande energi. Det reflekterande har etter kvart gripe meir og meir inn i tekstane hans og sprengt sjangergrensene, slik at seinare bøker har undertitlar som «soger» og «gåter og dikt».

Den nye boka har undertittelen «nye soger» og er ei blanding av dikt og prosa. Her tek han oss inn i ei merkeleg verd, der utsiktspunkta er Indreeidsdalen og Roma. Me vert fanga inn av koordinatsystem og diskusjonar om verba sine bøyingsformer. Merkelege dialogar har stor plass og kan, med sitt akademiske språk og si avantgardistiske og omstendelege form, verta tunge og driva lesaren mot ei kjensle av keisemd. Dette prøver Indreeide å vega opp ved å ta nokre av dei abstrakte dialogane ut i det surrealistiske, burleske og barokke og ved å nytta si evne til å fletta inn spontane sprang og muntre konkrete bilete. Av og til lykkast han svært godt med dette, og får fram fascinerande stemningar. Og det underliggjande stoffet i desse diskusjonane er verdt ein tanke. Men av og til kjem det inn noko affektert og symbolsk som gjer at språket ber tungt. Eller parodiane vert fanga inn av det dei parodierer og tappa for kraft: «Generasjonsomkostningane / var redusert til ein antesipert graviditet som frir / makta frå metabolismen.»

Let ein seg ikkje skræma av litt motstand, vil ein i ei bok som utforskar lesemåtane av verda med ein erfaringas arkeologi, arkeologiens psykologi og teologiens grammatikk, også finna vakkert stoff: «Vi steig til sides, ut / av våre liv, reidde ei seng / av myrull, og avla eit barn / som slo seg til der (...).», og ei moltemyr med litterære peikarar mot folk som Dante, Blake og Ibsen.

Hele Norges coronakart