Nye SV

SVs politikk var frå først av tufta på motstand mot blokkpolitikken under den kalde krigen og interessekamp for arbeidarklassen. No er den kalde krigen slutt, og norske industriarbeidarar er ikkje underprivilegerte, tvert imot. SV kan trygt fornye seg.

I Dagbladet 14. juli får Knut Kjeldstadli, historieprofessor og radikal SV-ar, støtte frå SVs «usual suspects» (inkludert nestleiar Audun Lysbakken og stortingsrepresentant Hallgeir Langeland) når han slår til lyd for eit nytt SV. Håpet hans om dette er basert på at utbrytarar frå Ap i lag med folk i tidlegare AKP, i RU og «i gode stunder om lag halvparten av SV» kan finne saman og erstatte dagens SV. Her bør eg nemne at eg sjølv i snart 25 år har vore medlem av SV – som del av den andre halvparten.

Knut Kjeldstadli er interessant i norsk politikk som den fremste ideologen til venstrefløya i SV. Slik eg sjølv ser det, er Kjeldstadlis og venstrefløya si politikkforståing utdatert. Det som verre er, er at styrken til den tradisjonelle venstrefløya hindrar ei reell fornying av venstresida i norsk politikk (artikkelen til Kjeldstadli kan lesast på dagbladet.no). Dersom dei høyrer nokon seie til dømes marknad eller EU, ser dei straks raudt.

For det første, Kjeldstadli meiner at det nye partiet skal ha ein fot i arbeidarklassen og ein fot i dei utanomparlamentariske rørslene. På same måten som for dei klassiske sosialistpartia, skal politikken skapast nedanfrå. Det han kallar for «det reelle partiet» skal formidle den antikapitalistiske kampen slik han går føre seg i folks kvardag. I 1930-åra hadde ei slik politikkforståing noko for seg. Då trong fagrørsla talerør i det parlamentariske systemet, og då kjempa utanomparlamentariske grupperingar gradvis fram saker som anten ikkje var kjende, eller var nekta tilgong til maktas sentrum. I dag er situasjonen nærast motsett. Fagrørsla har faste sete i regjeringspartias styrande organ, sakene til interesseorganisasjonane er tatt hand om av eigne kontor i departementa. Dei såkalla sosiale rørslene består av eit fåtal aktive tillitspersonar i LO, Attac, SU, RU, Natur og Ungdom og Fredsinitiativet – dei gjer ein stor innsats der dei sit i kvarandres styrer (jamfør til dømes AU-medlemmene i Attac, sjå attac.no). Lagnaden på SVs landsmøte for den einaste reelle utanomparlamentariske grupperinga med eit kunnskapsgrunnlag utanfor etablerte maktkorridorar, er typisk nok. Synsmåtane frå dei prostituerte sin eigen organisasjon vart jo møtt med dauve øyrer av venstresida under kriminaliseringsdebatten.

Dersom ein skreller vekk retorikken til Kjeldstadli, står ein igjen med følgjande kjerne: Ein gjeng radikale ungdomar i Oslo bør i saman med industriarbeidarar i privat sektor få meir makt i SV. Lokalpolitikarane og det ordinære medlemsdemokratiet vil då måtte få mindre å seie. Men dette er jo inga oppskrift for fornying. Det er nostalgi på vidvanke.

For det andre: Kjeldstadli hevdar feilaktig at Kristin Halvorsen ikkje kan kallast sosialist. Ein måte å skilje ulike sosialistoppfatningar er ved å dele inn i tradisjonell sosialisme kontra sosialistisk reformisme. For Kjeldstadlis allierte i SVs ungdomsorganisasjon, SU, betyr sosialisme «å erstatte beslutningene til det blinde markedet med bevisst planlegging til alles beste». Sosialismen Kjeldstadli impliserer, synest å gjelde endringar internt på arbeidsplassane. Venstrefløyas tradisjonelle sosialisme er då, om eg forstår det rett, anten ein sosialistisk planøkonomi eller ei avskaffing av kapitalismen ved å innføre arbeidarfleirtal i styreromma til verksemdene.

Jamvel om SV-leiar Kristin Halvorsen kanskje sjølv ville protestere, karakteriserer eg hennar sosialismeoppfatning som sosialistisk reformisme. Vi kan ikkje gamble med folks liv, sa Kristin Halvorsen nyleg som forklaring på hennar forsiktige bruk av oljepengar for å hindre ytterlegare renteoppgang. Dersom du i den økonomiske politikken ikkje er villig til å gamble med folks liv, vert sosialismeoppfatninga å forstå som reformistisk. Ho inneber ikkje ei brå samfunnsendring.

Sett no at SV vart det dominerande partiet i ei fleirtalsregjering etter stortingsvalet i 2009. Då ville spørsmålet oppstå: Bør Halvorsen-doktrinen om å ikkje gamble med folks liv framleis vere retningsgjevande for finansdepartementet? Eller burde heller eit mål om meir planøkonomi eller med arbeidarfleirtal på bedriftene, gradvis gjennomførast? Sosialistisk reformisme eller tradisjonell sosialisme?

Svaret er temmeleg opplagt, meiner eg. For dersom sosialismen kom til å innebere lågare levestandard, ville han ikkje vere i stand til å vinne støtte ved dei komande vala. Sosialisme må difor byggjast innafor ein regulert, berekraftig marknadsøkonomi, som sikrar vekst, der etterspurnaden er bestemmande for vareproduksjonen. Ein blandingsøkonomi er meir effektiv enn planøkonomi. Og kanskje viktigare: planøkonomien har historisk synt at i staden for å spreie makt, skjer det motsette. At meir sosialisme i demokratiske samfunn nødvendigvis må gå føre seg gradvis for å sikre oppslutnaden, vil innebere forsøksordningar som må prove at meir demokratiske styrings- og eigeformer i økonomien verkar godt i tillegg til at dei er rettferdige, før dei kan innførast i ein større skala.

SV treng fornying, men i ei anna retning enn det Kjeldstadli skisserer. Eit radikalt parti i dag tar innover seg at sosial dominans og undertrykking ikkje berre er av økonomisk art, men at ho også kan vere etnisk, kjønnsmessig og seksuelt basert. Og ein radikal økonomisk politikk tar høgd for at dei økonomisk marginaliserte ikkje er norske industriarbeidarar, men innvandrargrupper og dei som står utanfor produksjonen. Meir økonomisk demokrati må innførast gradvis.

Alle parti treng kontinuerlege nytolkingar av kva partiets verdigrunnlag skal bety i ei omskifteleg verd. Det gjeld for SV òg. Til dømes er eg sjølv, på same vis som 30–40 prosent av SVs veljarar, tilhengjar av EU. At SV har grunnar til å vere mot, er lett å forstå. Men at det i leiarskapen til SV, blant alle stortingsrepresentantane og blant alle sentralstyremedlemmene til partiet ikkje finst ein einaste EU-tilhengjarar, er vel nettopp eit symptom på manglande fornyingsevne og eit delvis defekt medlemsdemokrati. I si tid sa Einar Gerhardsen om Arbeidarpartiet at dersom ikkje partiet hadde hatt ein EU-motstandar, burde partiet ha skaffa seg ein. Med motsett EU-forteikn gjeld det same for SV.

Det er nostalgi på

vidvanke.