Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Nymoralistiske vrengjebilete

SAMFUNN: Det norske systemet har vore skreddarsydd for globaliseringas tidsalder, og den universelle velferdsstaten er ei næringspolitisk suksessoppskrift, meiner artikkelforfattar Svein Tuastad.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det vil alltid vere nokon som triumferande peikar på teikn på det dei meiner er fallande samfunnsmoral. «Fysikarar, kjemikarar, geometrikarar, astronomar, poetar, målarar og musikarar har vi nok av. Det er den gode borgaren vi ikkje har blant oss lenger,» skreiv Jean-Jacques Rousseau for godt over to hundre år sidan. Denne typen moralisering er ein aktivitet som følgjer av moderniteten og tyder ikkje nødvendigvis at det faktisk skjer eit forfall. Nyleg har kulturpessimistisk samfunnsdiagnostisering frå konservativt (Torbjørn Røe Isaksen) og - paradoksalt nok - liberalistisk hald (Heidi Nordbye Lunde) vorte brukt som springbrett til åtak mot den universelle velferdsstaten i Dagbladets debattspalter. Men er det noko i påstandane deira?Det er viktig å diskutere borgarånda - for alle samfunn. Velfungerande politiske system treng sosial kapital og at samfunnsmedlemmene syner offervilje og samarbeidsevne. Spørsmålet er altså ikkje om eit samfunn treng borgarånd eller ikkje - for det er det sjølvsagt at alle samfunn treng. Det som er spørsmålet, er: Bør vi rope varsku no? Er det verkeleg sant at det no skjer eit forfall når det gjeld folks personlege ansvarstaking? Eller er slike påstandar ikkje anna enn karikaturar av det verkelege livet?

LEIAREN I Unge Høgre, Torbjørn Røe Isaksen, gjentek i Dagbladet 18. juli tidlegare påstandar om moralsk forfall. Han skriv at «velferdsstatens ekspansjon har bidratt til å underminere sentrale verdier i samfunnsmoralen». Det har ført til at «alt er lov» all den tid «velferdsstaten har fortalt oss at vi kan leve som konsekvensløse mennesker». Så nemner han, omsider, nokre konkrete døme. Det eine dømet hans gjeld dugnadsinnsatsen i idretten, det andre frivillig omsorg i velferdssamfunnet. I Røe Isaksens framstelling er det slik at folk tidlegare - i motsetnad til no - kunne rydde i skogen for å lage ein bane utan å ha det offentlege i ryggen. Men i dag er idretten eit av dei felta der ein for raskt forventar at det offentlege skal gje pengestøtte, meiner han. Eit anna døme som er konkret nok til at påstanden hans kan granskast, er når Røe Isaksen skriv at velferdsstaten «forstyrrer sammenhengen som finnes mellom personlig ansvar og det å hjelpe andre». I staden for å ville hjelpe andre, vil folk no heller at staten trør til, slik han ser det.Eg har dei siste åra vore fotballtrenar. Som tusenvis av andre foreldre har eg stilt med ballnettet, strødd banar, flytta på mål og prøvd å smi nokre gutungar, inkludert min eigen, om til ronaldinhoar. Nærare to millionar menneske er som meg sjølv med i idrettslag. Det statistikken syner, er at to tredelar av desse medlemmene gjer gratisarbeid for laget sitt. I motsetnad til slik Røe Isaksen framsteller det, består ikkje idrettsnoreg av ein gjeng bortskjemde og giddalause foreldre. Det består av tusenvis av menneske på dugnad kvar dag.

NÅR DET GJELD frivillig innsats i velferdsstaten, syner eit kjapt blikk på sosial statistikk at talet på menneske som uløna hjelpte sjuke, funksjonshemma eller eldre utanfor eigen heim vart dobla utover på 1990-talet samanlikna med eit tiår tidlegare. For som tilfellet er med idretten: Frivillig innsats og offentleg støtte er ikkje gjensidig utelukkande fenomen, men typar av innsats som forsterkar kvarandre.Dei to døma indikerer eit vesentleg, generelt poeng om den typen samfunnsdiagnose Røe Isaksen gjev: Om ein går påstandar om at folk ikkje toler meir fridom etter i saumane, syner det seg oftast at påstandane er nymoralistiske vrengjebilete. Vi kan stole meir på folk enn kva kulturpessimistar til alle tider har villa ha det til.

LIBERALISTEN Heidi Nordbye Lunde (Dagbladet 17. juli) har også velferdsstaten som målskive for kritikken sin. Som Røe Isaksen kritiserer ho særleg universalismen i den norske velferdsstaten. Nordbye Lundes kritikk er todelt. For det første meiner ho at manglane i velferdsstaten er for mange. For det andre meiner ho at velferdsstaten undergrev innovasjon i næringslivet.Men: Det er veldokumentert at Noreg og dei skandinaviske samfunna er mellom dei landa som har likast løn og likast tilgong til velferdsgode. Det er på grunn av og ikkje på trass av universalismen at samfunnet vårt er egalitært. Som mellom anna samfunnsøkonomen Kalle Moene har vist, har dessutan den universelle velferdsstaten verka i tospann med det norske lønsfastesettingssystemet på ein måte som har ført til eit komparativt sett svært omstillingsdyktig næringsliv med incentiv til å tilsette fleire høgutdanna enn konkurrentane. Det norske systemet har rett og slett vore skreddarsydd for globaliseringas tidsalder. Den universelle velferdsstaten er ei næringspolitisk suksessoppskrift.Røe Isaksen og Norbye Lunde ynskjer derimot ein meir selektiv sosialpolitikk. Men ein sosialpolitikk berre for dei fattige, gjev ein fattig sosialpolitikk. Når rike og fattige er del av dei same ordningane, som til dømes ein felles skule, vert dei velståande garantistar for kvaliteten - dei finn seg ikkje i dårleg kvalitet. I den grad rike ikkje får noko igjen for å bidra til finansieringa av velferdsgoda, vil det oppstå politisk press for separate ordingar for rike og fattige. Skjer det, kan vi vere sikre på ein ting. Kvaliteten på tenestene til dei rike vert høgare enn kvaliteten på tenestene til dei fattige. Torbjørn Røe Isaksen og Heidi Nordbye Lunde rakkar ned på universalismen. Men kan dei nemne eit land i verda med ein selektiv velferdsstat som har betre ordingar for låginntektsgrupper enn kva vi har i universelle velferdsstatar?

DEN ØKONOMISKE globaliseringa har gjeve auka velstand. Men samstundes har ho ført til eit politisk underskot. Dei nymoralistiske vrengjebileta representerer ei avsporing i høve til vår tids verkelege politiske utfordringar. For problemet i dag er ikkje for mykje velferdsstat og politisk regulering. Problemet er at maktbalansen mellom arbeid og kapital er forskyvd i kapitalens retning. Vi saknar ein global politisk arkitektur og kosmopolitiske institusjonar som på ein betre måte enn i dag kan kontrollere kapitalkreftene når dei hastar vidare over landegrensene. Til dømes har den politiske impotensen i høve til aukande, illegitime økonomiske skilnader samanheng med dette. I tillegg til arbeidet med å inkludere nye folkegrupper betre i det liberale demokratiet, er det her den store, politiske utfordringa ligg.