Nynorsk, takk

For tida rullar debatten om det er rett at staten årleg gjev 1,3 milliardar i momsfritak til avisene i Noreg utan å stille krav til at mottakarane opnar for nynorsk. I Noreg er nynorsk og bokmål formelt likestilte, men nynorsk er langt mindre synleg. Det handlar ikkje alltid om at det er få som brukar nynorsk, eller at nynorsk ikkje er ynskt av vanlege folk. Staten sponsar rett og slett aviser som ikkje tillet nynorsk med fleire hundre millionar i året, og er dimed den direkte grunnen til at det er mogleg for storavisene å halde fram med denne språkpolitikken. Dei store avisene går hardt ut mot styret i Språkrådet som ynskjer å knyte momsfritaket til at avisene opnar for nynorsk. Hovudargumentet deira er redaksjonell fridom. Dette er eit synspunkt vi sjølvsagt deler. Vi meiner likevel Språkrådet har eit betre poeng når dei peikar på at nynorskkravet til NRK, TV2 eller P4 aldri har vore debattert som ei knebling av den redaksjonelle fridomen. Ingen vil nekte redaksjonar å ytre seg fritt. Men bør redaksjonane kunne nekte journalistar å ytra seg på meir enn berre bokmål? Dette handlar om kva staten skal bruke pengane sine på. Redaktørane svarer ikkje på dei viktigaste spørsmåla: Kvifor er det så viktig for dei å halde nynorsken ute? Kvifor skal staten halde fram med å sponse tabloidaviser som stengjer hovudmålet til 600.000 nordmenn ute? For oss verkar dette som ei utdatert haldning. Verda endrar seg, men storavisene syner ingen vilje til fornying.