NYNORSK I AVISANE: Den 3. mars skreiv leiarane i AUF, SU og Senterungdomen at staten ikkje lenger må gje momsfritak til aviser som ikkje let journalistane deira skrive på nynorsk. Samstundes meiner dei at dei støttar redaktørane sin redaksjonelle fridom og at ingen vil nekte redaksjonar å ytre seg fritt.
Når avisene fyrst får eit momsfritak, kan ikkje staten setje som vilkår for denne stønaden at dei skal skrive slik staten ønskjer. Slike krav høyrer heime i diktaturstatar. Avisene ligg heilt i den private sfære. Å krevje gjennom lov at avisene trykkjer saker på ein språkform avisa sjølv ikkje vil ha er eit klårt inngrep i den redaksjonelle fridomen. Det er en openbar motsetnad mellom trykkefridom og eit statleg pålegg om kva slags språk avisa skal nytte.
Journalistane kjenner godt den språklege lina avisa dei jobbar i har lagt seg på. Om dei absolutt må skrive nynorsk, kan dei jobbe i til dømes Klassekampen, Bergens Tidende eller Firda. Kan hende den siste avisa burde ha ein fastsett del bokmål? Staten kan da ikkje halde fram med å sponse aviser som stengjer hovudmålet til 4,5 millionar nordmenn ute?
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger