DEBATT

Solberg-regjeringen

«Nytt på nytt» kan ta seg nokre veker pause

Danning av ny firlingregjering byr på underhaldning frå øverste hylle.

Kabal: Aldri har «regjeringskabal» til dei grader levd opp til namnet som no, skriv spaltist Jarl Wåge. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Kabal: Aldri har «regjeringskabal» til dei grader levd opp til namnet som no, skriv spaltist Jarl Wåge. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Når verkelegheita overgår den politiske satiren, er det nesten så «Nytt på nytt» kan ta seg nokre veker pause. Danning av ny firlingregjering har i alle fall bydd på underhaldning frå øverste hylle.

Aldri har «regjeringskabal» til dei grader levd opp til namnet som no. Og Erna Solberg har vist seg å vere ein slu kaballeggjar. Kvar gong ho gjekk tom for kort og såg at kabalen ikkje kom til å gå opp, laga ho like godt nokre ekstra og konstruerte nye statsrådar. Den mest originale er digitaliseringsminister Nikolai Astrup frå Høgre.

Allereie då den fyrste lekkasjen kom frå regjeringsdanninga, hausta Solberg imidlertid rabalder. Kjell Ingolf-dreg-du-den-så-dreg-du-den-Ropstad skulle bli familie- og likestillingsminister. Etter at Sylvi Listhaug måtte trekkje seg som justisminister, har det vore merkelg fredeleg frå den kanten. No har vi fått ein minister med tilsvarande evne til å provosere og skape sinne.

Ja, det er i sanning Listhaugske dimensjonar over Ropstad sin: «Kan ei kvinne bêre fram eitt barn, kan ho også bêre fram to». Hans tidlegare utsagn frå 2011 om at det er betre at kvinner bêr fram barnet og adopterer det bort enn at dei tar abort, pirrar og temperamentsløkane.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer