EQUAL PAY DAY: Også i Norge — et av de mest likestilte landene i verden — trengs ei «Equal Pay»-markering, mener Unio-leder Anders Folkestad. Foto: Bjørn Langsem / Dagbladet.
EQUAL PAY DAY: Også i Norge — et av de mest likestilte landene i verden — trengs ei «Equal Pay»-markering, mener Unio-leder Anders Folkestad. Foto: Bjørn Langsem / Dagbladet.Vis mer

Også i Norge trenger vi likelønnsdagen

Frå i dag - 21. oktober - jobbar mange av Unios medlemmer gratis. Det er inga rettferd i å halde fram med det.

Meninger

Lønnsgapet mellom kvinner og menn minskar ikkje. Framleis tener ei kvinne i gjennomsnitt 85 øre for kvar krone ein mann tener. For gruppene med høgare utdanning er gapet endå større. Det inneber at frå i dag - 21. oktober - jobbar mange av Unios medlemmer gratis.

Sett på spissen: Likelønnsgapet tilseier at kvinnene denne dagen kunne lagt ned arbeidet, gått heim og tatt fri resten av året. Konsekvensen ville vere dramatisk.

Men likevel lar samfunnet denne uretten gå vidare.

Kvinner må kunne forsørgje seg sjølve. Det er leietråden for det likestillingspolitiske arbeidet til Unio. Likelønn handlar om å verdsetje det som i dag er typiske kvinnejobbar betre. Tradisjonelt er mannsjobbane i privat produksjonssektor, mens kvinnejobbane er i helse, omsorg og utdanning i offentleg sektor. Samfunnet er avhengig av begge delar, og dei må derfor verdsetjast likt.

Skilnaden mellom lønna til kvinner og menn er standhaftig. For kvar krone mannen tener, tener kvinna 85 øre. For gruppene med høgare utdanning er det verre. Då tener kvinna 80 øre for kvar krone mannen tener. Unio meiner at likelønnsgapet er ei av dei store utfordringane samfunnet står overfor.

Verda over blir «Equal Pay Day» arrangert for å markere den globale uretten som ligg i at kvinner tener mindre enn menn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv paven har reagert på mangelen på likelønn og har tatt til orde for at kvinner og menn må betalast likt.

Også i Noreg - eit av dei mest likestilte landa i verda - trengst ei «Equal Pay»-markering.

Både politikarar og andre må minnast om den lønnsmessige uretten kvinner blir utsette for, nasjonalt og globalt. Unio har valt å markere «Equal Pay Day» 21. oktober som eit symbol på at mange av våre medlemmer frå denne datoen og ut året jobbar utan lønn dersom dei samanliknar seg med dei mannsdominerte gruppene med like lang utdanning.

Likelønn i Noreg strekkjer seg lenger enn lik lønn for likt arbeid.

Dei mannlege og kvinnelege sjukepleiarane som møtest i korridoren på sjukeheimen eller sjukehuset, følgjer den same lønnsstigen. Og lærarane som treffer kvarandre på lærarrommet, kan godt synast dei får for lite betalt for jobben dei gjer, men dei har i alle fall omtrent den same lønna.

Likelønn handlar om at dei kvinnedominerte yrka, og då primært velferdsyrka i offentleg sektor, blir betalte lågare enn dei mannsdominerte yrka i privat sektor.

I offentleg sektor har to av tre tilsette, som stort sett er kvinner, høgare utdanning. I privat sektor berre ein av fem. Men blant utdanningsgruppene tener kvinnene berre om lag 80 prosent av mennene. Dette viser at utdanning, trass alt, blir betre verdsett i privat sektor enn i offentleg sektor. Derfor snakkar vi om at kvinner i offentleg sektor opplever verdsetjingsdiskriminering.

Dei får mindre utteljing for utdanninga si.

Kvinnelege studentar har lenge vore i fleirtal ved universitet og høgskular. No er det også kvinnene som tar flest doktorgradar. Med sin kunnskap og kompetanse vil utdannings-gruppene vere i front når Noreg skal omstillast og fornyast. Kvifor skal dei danne baktroppa når det gjeld lønn?

Inga regjering, verken blå, raud eller raudgrøn, har prioritert å minske lønnsgapet. Og det sjølv om det er tverrpolitisk semje om at Noreg står framfor store utfordringar når det gjeld framtidig yrkesdeltaking, og at utfordringane med rekruttering til helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren (der dei kvinnelege tilsette dominerer) er store.

Innan 2030 vil Noreg ifølgje Statistisk sentralbyrå mangle 50.000 lærarar og pedagogar og 55.000 pleie- og omsorgsarbeidarar.

Lønn er det viktigaste verkemiddelet for å lokke dei unge til å utdanne seg til desse yrka. Og aller helst skulle vi ha sett fleire menn i barnehagane, på skulane og i helseinstitusjonane.

I 2003 tente ein tilsett i offentleg sektor med høgare utdanning (meir enn fire år) cirka 130.000 kroner mindre enn ein med like lang utdanning i privat sektor. I 2013 hadde dette gapet auka til 187.000 kroner.

Og likevel undrar politikarar seg over rekrutteringsproblema.

Dette gapet er eit likelønnsgap i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden vår ikkje kan halde fram. Fordi:

•Likelønn er viktig for at kvinner skal kunne vere sjølvstendige.

•Likelønn er viktig for forholdet mellom mann og kvinne og for dei vala som blir tekne for å vareta omsorgspliktene og oppgåvene i heimen.

•Likelønn er velferdsstatens redningsplanke i ei tid der rekrutteringsproblem i mange yrke kan føre til nedbygging av sentrale velferdsgode.

Sjølv i nedgangstider i næringslivet har lønnsgapet halde seg nokså stabilt og stort.

Om dette vil gjelde etter nedturen i oljesektoren står att å sjå. Men store delar av eksportindustrien går så det susar, så det er ingen grunn til å tru at likelønnsgapet forsvinn av seg sjølv.

Politikarane sit med nøkkelen, men prøver å unndra seg ansvaret ved å late som om likelønnsspørsmålet er noko partane i arbeidslivet skal handtere i lønnsoppgjera.

Likelønn sit i strukturane, ikkje ved forhandlingsbordet. Det som likevel kan seiast er at industrioppgjeret, eller det såkalla frontfaget, er ein hemsko i likelønnskampen. Kombinasjonen mellom frontfagsmodellen og budsjetta er med på å låse kvinner i eit lønnsnivå som er lågare enn for menn. Fråværet av likelønn i Noreg er eit av dei mest fundamentale brota på ideen om ein solidarisk lønnspolitikk i Noreg.

Jakta på system, politikk og vilje som betre ivaretar likelønn må halde fram.

I år legg ikkje Unio-medlemmene ned arbeidet 21. oktober. Men det er freistande å gjere det.

For det er inga rettferd i å skulle halde fram med å jobbe gratis.