MILPÆL: Jenter får rett og plikt til å verna fædrelandet, døy og drepa for det når det blir krævet. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB Scanpix
MILPÆL: Jenter får rett og plikt til å verna fædrelandet, døy og drepa for det når det blir krævet. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB ScanpixVis mer

Også vi når det blir krevet

Er det noen som husker Vidar Helgesen?

Kommentar

DENNE VEKA har Stortinget gjort det viktigaste vedtaket om likestilling sidan stemmerett for kvinner i 1913. Det er ein milepæl at kvinder selv skal slutta å græde, men stå opp og stræde, som de vare mænd. Jenter får rett og plikt til å verna fædrelandet, døy og drepa for det når det blir krævet, for dets fred, dets fred slår leir. Nå er det bare brune statsborgarar med foreldre frå land Norge (og USA) ikkje har sikkerhetssamarbeid med, som blir nekta allmenn verneplikt.

EIN KRAFTKAR i norsk politikk, Finn Lied, er død. Dagsrevyen kunne opplysa at kraftsosialisten frå det militær-industrielle komplekset var statsråd i Trygve Lies første regjering. Interessant påstand, for det er mange som vil ha det til at Trygve Lie og Jens Chr. Hauge sto bak og styrte det meste i oljelandet, langt inn i Trygve Brattelis tid. La oss minnast Brattelis svar på spørsmålet om kvar slags ettermæle han trudde han kom til å få som partileiar og statsminister: «Godt, i den grad det kan skade min etterfølger.»

HAN GJEKK HARDT UT og låg langt under skjema. Det enda med total sprekk, feilskjær og to fall i siste runde. Men stadig er det noen som husker Erik Vea fordi han prøvde noe han umulig kunne greia. Og etter at Jo Nesbø og Di Derre spurte om noen vet hvor han egentlig ble av, dukkar han opp både her og der, som verdensmester på skøyter for veteranar og som spesialkonsulent for kultur i Stomperud-kommunen Sørum.

MEN ER DET NOEN som minnest Europaminister Vidar Helgesen når Erna Solbergs Segway-regjering fyller eit år? Han gjekk tøft ut, reiste til Brussel og forsikra EU om at ostetollen skulle fjernast og nordmenn få billigare franske ostar. Men han hadde gløymt å sjekka om han hadde kontroll på passeringstidene i Stortinget. Det kunne han umulig greia, så etter den åpninga blei han gøymt bort i staben på Statsministerens kontor. Der sonar han stadig med fotlenke.

ER DET FORRESTEN noen som veit kvar det blei av Helgesens forgjengar, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen? Etter at han tapte kampen mot bloggaren Anita Krohn Traaseth om å vera god nok for de svina i Innovasjon Norge.

AFTENPOSTEN demonstrerer nå til stadighet at dei tar Pressens Faglige Utvalgs krav om samtidig imøtegåelse på stort alvor. Gode, men ubereftede rykter vil ha det til dei skal ta den eit hakk vidare for å skilla mellom redaksjonelt stoff, tekstreklame og innholdsmarkedsføring. Som eit første steg skal alle kronikkar av Thorbjørn Jagland utstyrast med ANNONSE. Om ikkje det er nok, kjem dei til også å merka alle Harald Stanghelles kommentarar om Jagland og Nobelkomiteen på same måte.