Debatt: Israel og Golanhøydene

Okkupasjon og statsborgarskap II

Ei kvar okkupasjonsmakt vil rettferdiggjera seg sjølv, og kalla dei som ikkje finn seg i å bli okkupert for terroristar. Det må rettsstaten sjå forbi. Å sjå på enkelte grupper som «likare» enn andre, er like farleg som det er å tildela kollektiv skuld.

Jørgensen påstår at eg vil ta frå han statsborgarskapet. Det eg argumenterte for, var at dersom nokon kan missa statsborgarskap p.g.a. av deltaking i okkupasjon, så bør alle okkupantar vurderast etter den same lova, skriv innsendaren. Her holder president Trump and Israel's statsminister Benjamin Netanyahu opp erklæringen fra 25. mars, der USA anerkjenner Golahøydene som israelsk territorium. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB Scanpix
Jørgensen påstår at eg vil ta frå han statsborgarskapet. Det eg argumenterte for, var at dersom nokon kan missa statsborgarskap p.g.a. av deltaking i okkupasjon, så bør alle okkupantar vurderast etter den same lova, skriv innsendaren. Her holder president Trump and Israel's statsminister Benjamin Netanyahu opp erklæringen fra 25. mars, der USA anerkjenner Golahøydene som israelsk territorium. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB ScanpixVis mer
Meninger

21. mars tek forfattar Geir Olav Jørgensen til motmæle mot mitt innlegg som var inspirert av hans artikkel i Dag og Tid, «Eg ein okkupant», om livet hans på Golanhøgda, ein del av Syria, okkupert av Israel.

Gunnar Løkkebø.
Gunnar Løkkebø. Vis mer

Ein okkupasjon er når eit land tek kontroll over landområde tilhøyrande eit anna land, og varer til okkupanten trekker seg tilbake eller det blir inngått avtale om fred. I fylje folkeretten er okkupert land å rekna som krigssone, og okkuperande makt har ikkje lov til å oppretta busetjingar i krigssona. Jørgensen budde per definisjon i ein krigssone saman med familien sin, og som okkupant sto han over eit okkupert folk.

Norsk straffelov er skjerpa, og det er no straffbart for norske borgarar å reisa ut i verda og kriga, med mindre dette er under leiing av norske styresmakter. Lova gjeld også oppmoding til og finansiering av ulovlege handlingar. Det medfører at også støttespelarar, som sit langt borte bak skjerm og tastatur kan straffast. Lova er generell, og skil ikkje på kva «isme» ein støttar.

For kort tid sidan såg eg ein BBC dokumentar der Louis Theroux følgde Israelske nybyggjarar på Vestbreidda. Han snakka her m.a. med ei gruppe kristne amerikanarar som var med å plukka druer på dugnad, noko dei meinte var ei god gjerning. Å jobba gratis er å bidra økonomisk.

Kan norske statsborgarane gjera som desse amerikanarane, utan å bryta norsk straffelov?

Jørgensen skriv at «slikt vil eg ha meg frabedt», og påstår at eg vil ta frå han statsborgarskapet. Det eg argumenterte for, var at dersom nokon kan missa statsborgarskap p.g.a. av deltaking i okkupasjon, så bør alle okkupantar vurderast etter den same lova.

Ei kvar okkupasjonsmakt vil rettferdiggjera seg sjølv, og kalla dei som ikkje finn seg i å bli okkupert for terroristar. Det må rettsstaten sjå forbi.

Å sjå på enkelte grupper som «likare» enn andre, er like farleg som det er å tildela kollektiv skuld.

Den Israelske historikaren Yuval Noah Harari skriv i boka «21 tanker for det 21. århundre»: «..nostalgiske drømmer som blander nasjonalistisk tilknytning med religiøse tradisjoner underbygger regimer i India, Polen, Tyrkia og utallige andre land. Ingen steder er disse fantasiene mer ekstreme enn i Midtøsten, der islamister vil kopiere det samfunnet profeten Muhammed etablerte i Medina for 1400 år siden, mens fundamentalistiske jøder i Israel overgår selv islamistene og drømmer om å gå 2500 år tilbake, til bibelsk tid.» (side 33)

«Sionismen helliggjør eventyrene til omtrent 0,2 % av menneskene og 0,005 % av jordens overflate i et ørliten tidsrom. Den sionistiske historien tillegger ikke de kinesiske dynastiene, stammene i Ny-Guinea, Andromedagalaksen eller noen av de utallige evighetene før Moses, Abrahams eller evolusjonen av apenes eksistens, noen som helst betydning.» (side 281)

Så lenge finansiell og anna støtte til okkupasjon kan marknadsførast som «å gi bonuspoeng» for dødsriket, og ikkje har konsekvensar for bidragsytarane i dette livet, så vil okkupasjon vera god butikk for okkupanten. Då blir fred eit trugsmål mot forretningsdrifta.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.