Økologisk song om sauebonden

Sauebonden vert her Vaage sin mann. Denne ungkaren som ikkje temte villsauen, men som bygde sauehus som gjekk så i eitt med landskapet at ingen sau kunne verta redd. Men òg ein figur som er litt på sida, litt utanfor, ein som «dei andre» ikkje tek kontakt med.

Sauebondens liv ville definitivt ikkje eigna seg på reality-tv som «Sauefarmen».

Vaage spelar på mange tydingar av ordet rom, og blandar desse effektivt saman. Abstrakte og konkrete rom møtes i umogelege byggverk av snø og spiker:

«Du treng ikkje byggja / noko til meg / Eg bygde mine rom sjølv» heiter det om det å skapa sitt eige livsrom, ha sitt eige bilete av verda. Teksten illustrerar dette med ei suveren blanding av språkleg leik og alvor.

Men djupast og mest gjennomtrengjande oppfattar eg nok dette andre rommet som «oikos», den økologiske samanhengen me står i, naturen og livsvilkåra våre. Hjå Vaage kan «lungene veksa til rabarbrablad» og byen liggja framfor ein «som varm hud». Det vakre og sterke diktet om skogen der «eg kjenner botnen under meg / så mjuk og lett» fører oss via assosiasjonar til «Manhattan bada i sol».

Vaage held fram noko som har vore, eit bilete som lett kan verka nostalgisk, men som ikkje gjer det. Han viser dei tynnslitne trådane attende til ei livsform meir i samspel med naturen, og skriv: «Sauebonden dyrka jorda varsamt / han let enga bli like gammal som / minnet om sommar». Det viktige er at boka er gjennomsyra av denne haldninga, og Vaage løfter lesaren inn i dette samspelet på ein overtydande måte med poesiens magiske grep: «Korleis kunne husa hans / sveva over åsen / eller stundom bli tråkla inn / i skuggane av småskog».

Det skjer noko med lesaren gjennom denne boka. Ein kjem ut att med ein trong til å få vita det som støv og søppel veit.

<B>IKKJE AKKURAT REALITY-TV:</B> «Sauebonden dyrka jorda varsamt / han let enga bli like gammal som / minnet om sommar». Det skjer noko med lesaren gjennom boka tilVaage, meiner vår anmeldar.