I fleire saker i sommardebatten har økonomar gjort seg framande for folk flest. Økonomiske tankesett om klimapolitikken legg vekt på at vi får mest for pengane om CO{-2}-utsleppa vert redusert i andre land enn Noreg. Mange meiner likevel at vi må bruke ressursar på å redusere utsleppa her heime.
Mellom økonomar er eit vanleg synspunkt at styresmaktene må vise stor varsemd i omgangen med næringslivet, jamvel i selskap der staten har store aksjepostar. Ei like vanleg oppfatning i opinionen er at regjeringa har rett til å påverke strategiar for vekst og verdiskaping i selskap med statleg eigarskap.
Økonomar flest går gode for bonus og opsjonar som del av lønspakken for toppleiarar. Men når utbetalingane kjem, rykker det til i rettferdskjensla hjå alminnelege folk. I skotlina for denne meiningsbrytinga flakkar politikarane som skremde duer.
Kvar og ein av oss legg merke til korleis økonomiske analysar grip om seg – i næringslivet, i politikken, og jamvel for aktivitetar i hushaldet. Styrken ved økonomiske analysar er velkjent for politikk og samfunnsdebatt, medan innvendingar, svakheiter og manglar får mindre merksemd.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger