Olje mot utvikling

U-HJELP: «Miljølandet» Norge kan om kort tid bli ein svært sentral støttespelar for starten på omfattande øydeleggingar i dei biologisk rikaste områda i Afrika. Fattigfolks levebrød og unik natur kan bli ofra på olje- og gassindustriens alter, tilrettelagt med norske skattekroner. For om kort tid skal GIEK (Garanti-instituttet for eksportkreditt) avgjera om det skal gje garanti i milliardklassen til bygging av eit ureinande tungoljekraftverk inne i verneområdet Kabwoya i Uganda. Gjer GIEK det, kan det bli ein skamplett både for miljøvern- og utviklingsminister Erik Solheim, Garanti-instituttet sjølv og for Norad-programmet «Olje for utvikling». Andre naturperler kan og bli råka av norske kroner. WWF krev at det ikkje gjevast garanti for kraftverk i verneområdet og at norske styresmakter sørger for grunnleggjande omsyn til folk og natur under «Olje-for–utvikling-programmet».

Det relativt ukjende GIEK, underlagt statsråd Sylvia Brustad, vurderer no saka. Tungoljekraftverket skal byggast av eit norsk firma. På same tid støttar «Olje for utvikling» ugandiske styresmakter i utviklinga av olje- og gassektoren midt i Afrikas rikaste, men berre delvis kjende, biologiske skattkammer, den vestre Riftdalen (Albertine Rift). Her lever mange plante- og dyreartar som ikkje fins andre plassar på kloden. Først står slaget om Kabwoya, så kjem turen til turistmagnetane Murchison Falls og Queen Elisabeth nasjonalpark. Vidare omsyn til samfunn og berekraftige inntekter gjennom turisme, fiskeri, m.m. ser ikkje ut til å bli vektlagt, stikk i strid med slagorda for norsk oljebistand.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Like viktig som miljøet er fattigfolks interesser. Men kven veit kva folk i Uganda vil sitte igjen med etter eit kortsiktig oljeeventyr, utover negative miljø- og helsekonsekvensar og tapte inntektsmoglegheiter på sikt? I Uganda veit ein det i alle fall ikkje. Avtalane mellom staten og internasjonale oljeselskap, som fordeler inntekter mellom oljeselskapa og Uganda, er ikkje offentlege - verken for folket eller dei folkevalde. Norske styresmakter bidreg til å legitimere dette. Kan norske styresmakter gå gode for at dette ikkje blir ei vidareføring av det som systematisk har skjedd i andre afrikanske oljenasjonar - at fattigfolk utruleg nok taper på utvinning av oljerikdomane?

Verken norske styresmakter eller WWF vil eller kan stoppe oljetoget i Uganda. Men Norge kan bidra: For det første bør vi kun gi GIEK-garanti for tungoljekraftverk utanfor verneområdet, mellom anna av prinsipp- og presedensomsyn. For det andre bør opptrapping av norsk oljebistand gjennom statlege og ikkje-statlege aktørar i Uganda bidra til ein heilheitleg forvaltningsplan som basis for petroleumsutviklinga. Den må sørga for at grunnleggande miljømessige og sosioøkonomiske omsyn blir vege opp mot petroleumsprofitt. For det tredje bør energi- og bistandsnasjonen Norge løfte fram fornybare og klimaansvarlege energikjelder, som kan bidra med mange gongar meir energi i Uganda enn dei begrensa mengdene olje som er påvist i desse områda. For ingen tviler på at Uganda treng meir energi.