Oljehårete februarpoet

Kom igjen, Ronny er ikke et pepp-dikt til Ronny. Ronny, han skal nemlig dø.

Månedens dikt:

«Kom igjen Ronny»

Olje håret glipp.

Han voggar med smilande hofter,

taktfast mot verkstaden.

Asfalten gløder, motoren er rå.

Kom igjen Ronny. Ikkje kjenn på lukta,

eller metallblodet.

Det riv i gassen. Eksos.

Me er brør i blod, ikkje sant?

Ikkje redde for daudt metall, me nei.

Ikkje redde for dauden heller.

Me lever i dag. Wild wild west, man.

Rir på Harley Davidson inn i himmelen.

Og i morgon Ronny, ligg du i grøfta.

Livlaus til stille blålys hentar deg.

Aldri meir sexy, aldri meir ekte vener.

Men eg, eg er eit godt menneskje,

så eg skal invitera deg på fest, og når du kjem,

før dei andre, skal eg plassera deg i eit rom

for deg sjølv.

Så skal eg kortslutta den elektriske

rullestolen din. Der skal du sitta,

mens eg kosar meg med dei andre.

Full rulle.

Og ho du tok i frå meg skal ropa

høgare enn alle i hop. Me skal festa.

Hemnen er søt, og du skal sitta

der for deg sjølv. Kor e Ronny? vil dei spørje,

og eg skal sei som det er at du måtte kvila deg.

Dessutan er stolen så tung.

Eg er ikkje laga av jern heller

Eg skal le og dei andre skal le med.

Me skal le av deg Ronny, fordi me elskar deg.

Av indravie

Juryens kommentar:

Ein bitter og sterk historie, dette. Den uventa blandinga; - av kjærleikserklæring og sjalu hemntankar, - av den kameratslege og futuristisk maskinkraft-orienterte songen i opninga, - av den hjarterå planen og den groteske avslutninga. Her er det ei sterk legering av konstruktive og destruktive kjensler slik ein ser i mykje god poesi (og i livet elles), og det er eit driv i språket og eit trøkk i uttrykket som mest vippar juryen av stolane!

Me er i det heile stolte av å kunna visa fram dei utvalde dikta også denne månaden. Så mykje bra, så mange varierte tekstar som på same måten som denne har ei spennande blanding av dei grunnleggjande tinga som gode dikt er bygd opp av.

For juryen,

Helge Torvund