Om å forstå poesi

Ei samansett bok som gjev leseglede og undrande skepsis.

BOK: Det er tre ulike lagnader Jan Erik Vold løftar fram i boka «P x 3». Han inntek ein audmjuke posisjon i forordet, der han viser til det heller sjølvsagte at dette er hans forsøk til forståing.

I eit fengjande og velskrive essay løfter Vold så Prøysen fram som ein poet som tek småfolk sitt parti i tekstar om kvarmanns kamp for kjærleiken, sjølvrespekten og overlevinga. Han får fram det store ja til det levande hjå Prøysen, og sender nokre polemiske fintar til Den Fine Poesiens teoretikarar. Vold viser òg til Prøysen sitt skarpe blikk for menneskeleg veikskap og dei mørke undertonane i mangt han skreiv og løftar dette inn i eit litteraturhistorisk rom der Firma Prøysen, som han kallar det, etter Vold si meining kan hevda seg blant dei store poetar.

På Mjøsa

Hovuddelen er nærlesinga av teksten til «Så seile vi på Mjøsa». Med vanleg kunnskap om detaljar går Vold spørjande gjennom linje for linje og ender opp med den lite oppsiktsvekkjande tanke at songen handlar om livets seilas mot døden.

Elles er det litt underleg at ikkje nettopp Vold ser det taoistisk avslappa i visa; slik «æillt er hipp som happ» og «Gyng oss dit det passe, så tæk vi øss en blund» peiker så tydeleg på.

Vold slutta etter eige utsegn å spela Prøysen og annan «tullemusikk» på gitar etter å ha høyrt Dylan. Nå stiller han Prøysen opp med dei store namna i litteratursoga: Dante, Wergeland og Rimbaud. I nærlesinga kan ein kjenna at Vold av og til går over kanten til det parodiske, men Prøysens tekst er slitesterk og tek ikkje skade av det. Velmeint som det er, kan det faktisk få litt av den motsette verknaden. Skal visediktaren m.m. inn i eit hierarkisk system? Må han flyttast «opp»? Er ikkje Prøysen god nok som den Prøysen han er? Er det mindre stort å ha eit publikum av barn enn av litteraturprofessorar?

Haikudikt

Tomas Tranströmer, glimrande svensk poet, vert presentert via essay, sjølvbiografisk tekst og nye gjendikta haikudikt. Sjølv om ein har lese «Minnena ser mig» før, er her stoff nok til ein god runde med Tranströmer. Poeten sin prosa er ikkje språkleg fascinerande som hans poesi, men den er avvæpnande direkte og viser oss interessante samanhengar mellom skulen, heimen og einebarnet sitt sinn. Også svensk nazisme vert merkeleg levande, sett gjennom augo til dette barnet. Vold lagar fine norske versjonar av haikudikta, og fleire av desse er gode Tranströmer-dikt som det gjer godt å lesa.

Det er positivt å få ein større presentasjon av Wallace Stevens på norsk. Ergerleg for den grundige Vold må det vera at to linjer av originalteksten til Wallace Stevens' «The Man with the Blue Guitar» har falle ut på dikt 5 (s. 85). Vold sin presentasjon av dette langdiktet er sjeldan kost. Vold hevdar sjølv at det bare er omsett til italiensk før, men det kom faktisk også ei gjendikting til tysk i 1995 av Hans Magnus Enzensberger og Karin Graf.

Forenkling

Vold lagar i mindre grad Vold-versjonar enn han har gjort med andre, men her skjer av og til forskyvingar som det verkar vanskeleg å forstå grunnlaget for. Mange rim og halvrim er borte, det komplekse vert forenkla, som når «fargede glass» erstattar «fertile glass» i nummer 39, og når det lite dialektiske «rett eller galt» står for det inkluderande «right and wrong» i nr 4. For ikkje å snakke om «sterkt eller svalt» for «weak and strong»!

Men uansett, det er eit langt og spesielt dikt av ein stor poet Vold gjev norske lesarar høve til å gjera seg kjent med. «The Man with the Blue Guitar» tek med utgangspunkt i eit måleri av Picasso opp tilhøvet mellom tinga som dei er og tinga som mennesket ser dei for seg, og korleis dette forholdet ytrer seg i poesien. Ikkje minst er Stevens' eigne kommentarar til diktet som Vold presenterer i norsk omsetjing, svært interessant lesing.