Khujo: Rappar om kampen for tilværet. Foto: NTB scanpix
Khujo: Rappar om kampen for tilværet. Foto: NTB scanpixVis mer

Vekas Vers:

Om alkohol, sigarettar, våpen og vald

Må rapp rime?

Det er ikkje lett å definere rappmusikk no til dags. Kodane, kjenneteikna, verkemidla; alt ser ut til å vere i oppløysing og oppe til (til dels illsint) debatt. For kva skal til for å få merkelappen «rapp»? Korleis ein rappar, kva ein rappar om, over kva slags musikk ein rappar, eller om ein i det heile tatt rappar – alt er uvisst.

Det einaste kjenneteiknet me heilt sikkert framleis har, er rimet. Rapp nyttar seg av alle typar rim, men det viktigaste er enderimet, det er sjølve fundamentet. Det er mange tiår sidan den tradisjonelle poesien slutta med det, men både rapp-, pop- og rocktekstar svergar stadig til dette ur-rimet. Både fordi det fungerer musikalsk – like lydar lyder godt! – og fordi rima gjer det lettare å tru på det som vert sagt, for me søker sanning i estetikken, det skjønne. Det gjer det òg lettare å svelge teksten når emnet er stygt eller ubehageleg. Rim er musikk, og rim er sanning. ‘Rim’ er til og med eit synonym for ‘tekst’ i ein rappars daglegtale.

Mens mange rapparar likar å vise ferdigheitene sine med å rime så mykje og så intrikat som mogleg (me har mellom anna skrive om Kendrick Lamar her før), har andre utforska kor lite det er mogleg å rime. Ei rappgruppe som har eksperimentert mykje med dette, er Goodie Mob frå Atlanta, Georgia. Saman med OutKast la dei grunnen for Atlanta si stolte og store hip-hopscene, som i dag utgjer eit slags overherredøme i amerikansk hip-hop. Goodie Mob heldt ikkje koken like godt som venene i OutKast, men dei finst enno, og debutalbumet «Soul food» frå 1995 er framleis knallsterkt. Plata er ein dyster og tankevekkande time i lag med fire ungdommar som fortel om vanskeleg oppvekst, psykiske problem og sosial ulikskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På låten «Fighting» handlar det – igjen – om kampen for tilværet, og me skal kike på Khujo sitt vers. Ja, kike; prøv å lese teksten utan å høyre musikken. Du kan ikkje sjå at dette er ein rapptekst. Stilen er som i eit knastørt og hardkokt prosadikt. Og innhaldet kunne vere eit kapittel frå Jack Kerouac sitt beat-meisterverk «On the road»: kvilelaus farting, marihuana og alkohol, bilar og busstopp, bensinstasjonar og liquor stores, sigarettar, kjønnssjukdomar, tøffe stadnamn, våpen og vald.

Verset er som ei lita novelle på tretti takter. Det begynner in media res, persongalleriet er lite, og slutten er open. Khujo køyrer bil mens han blør frå nokre stikksår. Han er i tillegg blakk og sur. Heile dagen har vore elendig. Han bur heime med mor si, og ho har sine problem som held han vaken om natta. Han vil innom ein butikk for å kjøpe ein sigar så han kan rulle seg ein blunt. Butikken er stengd, han køyrer vidare. På veg til bensinstasjonen ser han dama som gav han herpes. Nokon skyt, og nokon døyr. Kanskje dama. Khujo vert arrestert, men døyr sjølv av blodmangelen frå stikksåra. Kanskje. Forteljestilen er såpass kaotisk at det er vanskeleg å seie sikkert kva som skjer. Det beklagar Khujo òg i løpet av verset: «(…) pacin’ back down memory lane / feelin’ strange, can’t explain, so bare with me please».

Tretti takter ville vanlegvis bety om lag tretti enderim, men her er det berre fire. Det er ikkje fordi han ikkje kan å rime, og det betyr ikkje at han ikkje bryr seg om rim og lydar. Han rimar inne i linjene, og han bruker gjentakingar. For det er neppe avgjerande for historia at det berre er «thirty-five cents» han har i lomma, at klokka er «eight fifty-five», at våpenet vart avfyrt «four-five» gongar, og at han mista «five pints» med blod. Han likar å seie five, og det høyrest bra ut når han gjer det.

Han vil ikkje vere umusikalsk, men uskjønn. Når han unngår enderima, tar ha merksemda vekk frå det harmoniske og skjønne, og mot det ekte livet – som snart er over. Så han berre pratar og fortel, og smett inn nokre innrim her og der når det passar han. Han lever og leverer med ein desperasjon som gjer at han begynner og sluttar linjer på dei mest merkelege plassane.

Han vil ikkje lulle oss inn med korrekte linjer og pene rim; stilen er stygg, for livet er stygt. Derfor er rima skeive og kjem på overraskande plassar. Dei er uføreseielege, akkurat som livet hans er.