AKTUELL: Kendrick Lamar slapp nettopp albumet "Damn". Foto: faksimile
AKTUELL: Kendrick Lamar slapp nettopp albumet "Damn". Foto: faksimileVis mer

Kendrick Lamar: "Damn" og låta "DNA"

Om att og om att og om att

Gjentakingar er ein viktig byggekloss i musikk, også i rapp.

Lat meg starte med ein grov parafrase frå eit vagt minne om eit intervju med det amerikanske bandet Primus, som eg las ein gong for lenge sidan. Dei snakka om korleis dei lagar låtar, og korleis dei skriv dei ofte litt skeive og aparte riffa sine. Gitaristen, Larry LaLonde, sa at han som regel berre speler nokre litt tilfeldige tonar på gitaren sin. Så gjentek han det nokre gongar, slik at folk skal forstå at det faktisk skal vere slik.

For det er det me vil ha, alle i hop: repetisjonar og mønster. I musikk er gjentaking ein av dei aller mest basale byggeklossane. Rytme er per definisjon ei rekke med gjentakingar. Melodilinjer og akkordar er også ofte gjentakingar, og variasjonar over det same. Refreng er gjentaking. Også det å høyre favorittsongen din om att og om att er ei musikalsk gjentaking. Gjentakingar er ikkje berre viktig i rytmisk musikk, klassisk musikk er også fullt av det. Og om du likar «pling-plong» eller frijazz, betyr det ikkje at du er urørt av dette behovet for mønster. Då er nettopp eit av poenga fråveret av gjentakingar, eller kanskje du likar at jakta på meining vert vanskelegare og annleis.

På Coachella: Kendrick Lamar. Foto: Scanpix
På Coachella: Kendrick Lamar. Foto: Scanpix Vis mer

All musikk i heile verda har gjentakingar, og alle likar gjentakingar. Det har vorte gjort fleire forskingsforsøk som også har bevist det. Om ein til dømes tar ein litt aparte samansetning av tonar, som i eit riff av Primus, så vil alle like den tonesamansetninga betre om dei har høyrt henne før, sjølv når dei ikkje veit at dei har høyrt henne før.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Der er mange meiningar om kvifor det er slik, og det finst mykje forsking, frå Leonard Meyers filosofiske tilgang allereie på femtitalet til dagens meir kliniske hjerneforsking med hjerneskannarar og måling av dopamin i hjernen, og dei fleste meiner at det handlar om forventningar som vert oppfylde (eller ikkje), og at me som lyttarar får lov til å spele med. Når me forstår gangen i musikken, og forstår kva som skal skje, kan me spele med, dikte med, me kan til og med danse til det.

Når eg les om denne typen forsking på musikk og interaksjon med lyttaren, handlar det nesten alltid om instrumental musikk, også kalla absolutt musikk. Kanskje fordi det er enklast å forske på. Tom Service påstår til og med at gjentaking som verkemiddel ikkje fungerer i ordkunsten, for når ein gjentek eit ord nok gongar, misser det tydinga si. Han viser til avantgardeforfattarar som Gertrude Stein, og trekk fram Steve Reich som laga musikk ved å loope ord eller setningar i det uendelege, slik at det mista all tyding, og vart rein musikk. Absolutt musikk.

Eg steilar sjølvsagt når nokon påstår at gjentakingar ikkje er eit verkemiddel i ordkunsten. Eg meiner at dei gløymer rimet. Eit rim er òg ei gjentaking. No rimar rett nok ikkje «rose» på «rose», for eit rim er to like ordlydar som ikkje er det same ordet. Men eit rim er ei gjentaking, for det er ei gjentaking av ein lyd. Når ein rimar, er altså ikkje gjentakinga 100% identisk med det det gjentek, men det er det no aldri likevel ifølgje komponisten Thomas Adès, som meiner at den heilt presise gjentakinga er umogleg, mellom anna fordi tida har gått sidan du høyrde lyden fyrste gong. Altså meiner også han at lyttaren er med på å forme musikken, at lyttaren er ein medspelar.

Rappmusikken er ein sjanger som er fødd ut av ein idé om den heilt identiske gjentakinga; frå dj-ens oppdaging av at ein kunne gjenta eit trommebreak igjen og igjen ved hjelp av to identiske plater på platespelarane, til trommemaskinen, og vidare til samplaren, som kan loope musikkstykke i det uendelege. Opp på denne tilnærma identiske gjentakinga la rapparen seg, med sin ikkje-identiske gjentakingskunst, altså rimet. I tillegg til rimet, nyttar rapparen som regel gjentakingar av rytmiske mønster i flowet sitt. Mange rapparar er til og med enormt monotone. Dei fleste rapparar likar også å gjenta seg sjølv, altså ved å bruke sine heimelaga «catch phrases», eller berre referere til noko ein har sagt i ein tidlegare låt.

Endeleg er mange av dei beste rapp-refrenga svært enkle og repetitive. Eg kan, på grunn av erfaring, avsløre at nokre refreng vert laga på følgande måte: Rapparen speler inn eit par ord eller ei setning som fungerer, går bort til datamaskinen, finn fram lydfila han nettopp har spelt inn, og trykker copy, paste, paste, paste, paste. Refreng ferdig. Det er altså ikkje berre rim, men også mykje tilnærma identisk gjentaking i rapp – utan at eg meiner at orda mistar tydinga si.

Det verkar på ein måte svært logisk og naturleg for meg at rapp er så fullt av gjentakingar, nettopp fordi rapp i si grunnform er ei så basal form for musikk og kommunikasjon. Dei to grunnelementa i rappmusikk er dei to opphavlege instrumenta: stemma og tromma. Og det er eigentleg dét. Resten er krydder.

Vekas vers er opningsverset på Kendrick Lamar si heilt nye plate, «Damn.». Låten heiter «DNA.», og verset har 32 takter (eigentleg 64 takter i høgt tempo, men det gir mest meining for teksten å handsame det som 32). Men før fyrste takt, høyrer me denne introen på ei halv takt: «I got, I got, I got, I got». Den repeterande og insisterande stilen er lagt allereie før låten har begynt. Og det Lamar insisterer på i denne låten, er sjølvsagt at han er den beste rapparen. Dette er rein battlerapp, og eg ser ikkje nokon grunn til å analysere teksten meir enn det. Men Lamar gjer mykje spennande med gjentakingar, som han ofte gjer, og dét skal me sjå litt på. Om ein høyrer dette verset berre éin gong, kan det høyrest ut som éi lang enerverande, monoton, men merkeleg fengande form for babling, der han berre rimar DNA på DNA – som om det var eit rim.

Om me kikar litt nærmare på teksten, ser me at ingenting her er tilfeldig.

Om att og om att og om att

Lamar har tydelegvis delt verset opp i fire bolkar. I dei tre fyste bolkane avsluttar han kvar av dei fyrste fire linjene med «DNA». Ikkje før den fjerde og siste linja i tredje bolken, kjem det etterlengta brotet med forventningane, når han i staden seier «I gauge», som kan omsetjast til noko sånt som «reknar eg med». Dette er eit prosaisk og kvardagsleg uttrykk som han bruker for å punktere det høgtflygande bablet om DNA – og dette er også fyrste gong i teksten at han faktisk rimar eit ord på 'DNA'.

Noko anna som gjer det tydeleg at han har tenkt det som fire bolkar, er at dei fyrste linjene i kvar bolk er dei einaste linjene som faktisk begynner på taktas fyrste slag. Dei andre begynner på slutten av føregåande takt. Dessutan har me desse gjentatte skilja mellom bolkane, som fungerere som eit slags pusterom: «I got, I got, I got, I got» og «you's a, you's a, you's a». Men også dette mønsteret får eit brot siste gongen, for det manglar mellom bolk tre og fire. Til gjengjeld startar han fjerde bolk men noko tilsvarande: «yeah, yeah, yeah, yeah». Tru meg, det er ikkje fordi han ikkje fann på noko å seie i den linja.

Så er det rima. At han avsluttar mange linjer med 'DNA' betyr ikkje at han er fråteken frå å rime. Han må legge rima andre plassar. Hos Kendrick Lamar ligg det rim overalt. Verset er proppa med innrim, bokstavrim og rim på fleire stavingar.

Her har eg utheva alle orda som er rim og/eller andre former for gjentakingar. 200 av i alt 348 ord er utheva.

Om att og om att og om att

Hos Lamar er det ganske lite som ikkje rimar på den eine eller andre måten. Det høyrest lett ut når han rappar, men dette er sjølvsagt beinhard kirurgi, der han flyttar på stavingar hit og dit for å få det til å gå opp.

Flowet hans er også fullt av gjentakingar. Det er lurt å ha ein slags sjablong eller mønster å putte ord i, når såpass komplekse konstruksjonar skal gå opp i skrivinga. Både bra for han, og for oss som høyrer på og skal ha ein sjanse til å spele med. Derfor er flowet hans eigentleg ganske monotont, noko han bryt opp med å ha ei til tider svært animert form for levering, og ofte ville arrangement i låtane sine. Det er òg ei form for gjentaking som bygger forventningar, som vert brotne.

Også denne låten har eit villt arrangement. Etter det fyrste verset, kjem ei slags bru, og så eit heilt anna slags vers. Her er ikkje refreng, her er nok repetisjonar elles. Eller kanskje dette fyrste verset eigentleg er eitt langt refreng. Eitt refreng på 32 takter, der stort sett alt handlar om gjentaking, utan at her er to identiske verselinjer.

Mykje av musikken som har høg grad av gjentaking, løyser opp mønsteret etter kvart for å gi oss plass til å spele med. Når gjentakingane sit, kan dei fjernast, for dei fortset i oss. Også her. Som me har sett, vert det færre gjentakingar i løpet av verset. Talet på uthevingane mine minkar. Lamar gir oss meir og meir plass. Hadde han halde stilen frå fyrste bolk gjennom heile verset, hadde det vorte for enerverande. Og det er vel det me meiner når me seier at ting er enerverande; det er for lite plass til oss. Vidare er dette pusterommet mellom bolk tre og fire annleis og mindre tydeleg, og aller viktigast: I fjerde bolk manglar desse DNA-linjene i starten. I staden brukar han ord som rimar på DNA, og når du høyrer dei, er eg ganske sikker på at hjernen din speler med, og ropar DNA i bakgrunnen.

No har eg vist korleis ord og tekstskriving i rapp nyttar seg av gjentakingar og brot på gjentakingane på same måte som andre musikkinstrument. Det eg ikkje har vore inne på, er at desse orda faktisk også tyder noko. Og då vert det for alvor komplisert. For på same måte som det aparte gitarriffet av Primus vert betre, meir forståeleg og sant til fleire gongar du høyrer det, så påstår me iallfall det same om ord: viss du seier noko nok gongar, vert det sant. Også rim har denne effekten. Eg trur ikkje det er tilfeldig at mange ordtak og læresetningar er ekstra truverdige om dei rimar.

Det gjer alt mykje meir komplekst når me i diskusjonen om gjentakingar i musikk, dreg inn språket som instrument. For desse orda er både musikk og erkjenning. Ord har innhald som snakkar til intellektet, og lydar som treff oss kjenslemessig. Og når rapparen nyttar gjentakingar på same måte som ein pianist eller ein trommemaskin, bygger han opp forventningar, ikkje berre til kva tonar eller rytme han skal bruke om ein augeblink, men også til kva han skal seie, og derfor kva det skal bety alt i hop. Det er dessutan litt flytande linjer her; det er vel ikkje slik at intellektet er upåverka av kjensler eller omvendt.

Til fleire gongar ein høyrer eit vers, til fleire tydingar kan kome fram, fordi me som lyttarar er medspelarar, og når det gjeld teksten, blir me medforfattarar. Lamar sitt vers er absolutt battlerapp, men her er òg ein del hint om etnisitet, arv og miljø. DNA er vel forresten òg ei form for rytme, kanskje?

Det er battlerapp om ein berre høyrer verset éin gong, men det gjer ein sjølvsagt ikkje.