MER POPULÆR HJEMME: Ikkje alle nordmenn vender tommelen ned for Donald Trump. Målingar viser at syv til åtte prosent av de spurte her til lands kunne tenke seg nettopp han i presidentstolen, skriver spaltist Jarl Wåge. REUTERS/Carlo Allegri      TPX IMAGES OF THE DAY
MER POPULÆR HJEMME: Ikkje alle nordmenn vender tommelen ned for Donald Trump. Målingar viser at syv til åtte prosent av de spurte her til lands kunne tenke seg nettopp han i presidentstolen, skriver spaltist Jarl Wåge. REUTERS/Carlo Allegri TPX IMAGES OF THE DAYVis mer

Om Donald Trump hadde vært norsk

Han hadde trolig ledet et realityshow på TVNorge og vært æresmedlem i mannegruppa Ottar.

Meninger

I USA har dei skaffa seg ein presidentkandidat som både i nominasjonsprosessen og den pågåande kampen om Det kvite hus har gjeve store delar av verdas folk måpande hakeslepp. I ovundring stiller vi stadig spørsmål om kvifor millionar av amerikanarar absolutt vil gjere ein utilrekneleg mann, tilsynelatande totalt utan impulskontroll, til ein av verdas aller mektigaste personar.

Ikkje alle nordmenn vender tommelen ned for Donald Trump. Målingar viser at syv til åtte prosent her til lands kunne tenke seg nettopp han i presidentstolen. Ein av dei mest framtredande norske støttespelarane er Carl Ivar Hagen. Han uttalte tidleg at han ville ha stemt på Trump om han hadde vore amerikanarar. «Trump og eg har mykje til felles,» uttalte Hagen, «vi tør å vere tydelege og kalle ein spade for ein spade, vi snakkar rett frå levra, og vi utfordrar det politiske etablissementet.» Ein kunne tilføye at begge blir umåteleg lett foruretta. Dei er imot innvandring generelt og muslimar spesielt, tykkjer skatt er noko herk, og økonomisk liberalisme er den einaste farbare økonomiske vegen.

No kunne vi overbêrande trekt på skuldrene av den tidlegare Frp-formannen og unnskyldt han med at Carl Ivar er ein slags avblomstra, haustgul sjuande far i hagen som ikkje lenger har gjennomslagskraft. Ulf Lerstein, noverande stortingsrepresentant for Frp frå Østfold og medlem av justiskomitéen, er ikkje avblomstra enda. Han er den einaste på Stortinget som i ei rundspørring gjennomført av Aftenposten, hevda at han støttar Trump. «Ikkje på grunn av den han er som person, men fordi han likar politikken han vil føre.» Sånn sett imponerer Lerstein, for det er høgst uklart kva slags politikk Trump vil føre.

Hagen og Lerstein uttrykte støtte til Donald Trump før det eksploderte i media at presidentkandidaten ikkje har halde grisepraten sin for seg sjølv. Ja, det er visst ikkje berre praten han ikkje har klart å halde for seg sjølv. Han har hatt ein tendens til å grafse og klå i fylgje damer som har opplevd Trump-hender på stader der dei ikkje hadde noko å gjere.

Både Hagen og Lerstein står last og brast med sin sjelefrende på andre sida av dammen også etter at verda fekk høyre Trump uttale seg om korleis han i kraft av sin kjendisstatus føler at han fritt kan tafse på kvinner. «Dette er ikkje verre preik enn det alle menn ein og annan gong er involverte i,» påstår Carl Ivar. I fylgje ferske meiningsmålingar kan det sjå ut som om Trump, som Hagen, berre blir nesten-president. Går det skeis, får han trøyste seg med at det sit ein våpenbror i Noreg og veit kor smerteleg det er å ikkje stå løpet ut.

Lat oss tankeeksperimentere litt og tenkje oss at Donald Trump hadde gjort nordmann av seg i staden for amerikanar. Kva slags rolle kunne han ha spelt i det norske samfunnet?

På privatfronten hadde han omgjeve seg med flotte kvinner. Han hadde vore «gefundenes Fressen» for tabloidaviser og Se og hør. Med sansen for griseprat hadde han heilt sikkert følt seg heime i Mannegruppa Ottar. Kanskje hadde han blitt æresmedlem. Han hadde i alle fall aldri fått oppleve det vidunderlege ved å bli kasta ut der i frå.

Businessmessig hadde han vore stor på eigedom. Han hadde truleg leia reality-show på TVNorge. Sjølvsagt hadde han vore missegeneral og arrangert konkurransar som kårar Noregs vakraste kvinner.

Politisk hadde han stemt blåblått. Milliardær, kapitalist, oppteken av marknadskreftene sitt frie spel, skatteakrobat. Det hadde ikkje vore noko anna alternativ her til lands. I ei fireårsperiode med blåblå regjering, kunne han ha putta omlag femti millionar skatteletta kroner i lomma (eller kvar ein no puttar femti millionar). Kjærleg helsing Siv og Erna og deira omsorg for rikingar flest.

Som rik blåmann hadde han òg gjeve milde gåver attende til regjeringspartia. Men i motsetnad til våre etniske norske, rike onklar, som har ein tendens å gje mest til Høgre og la det drype litt på Frp, hadde nok Trump gått motsett veg og latt det renne flest trumpske kroner inn i Frp si partikasse.

Om Trump skulle trenge nye utfordringar, kunne han satse på politikk. Då ville han nok opp og fram utan å måtte bruke tid på å klatre i partiapparatet. Statsminister hadde dog ikkje vore uaktuelt. Det norske folk hadde ikkje stemt han heilt til topps. Men Frp-statsråd? Slett ikkje umuleg. Finansminister? Neppe. Då måtte han utkonkurrere partileiar Siv Jensen. Inngjerdingsminister kanskje? Dele innvandringsfeltet med Sylvi Listhaug? Kanskje han kunne få byggje muren han truleg aldri får byggje mellom USA og Mexico, langs norskegrensa. Anders Anundsen har starta gjerdebyggjinga, men 200 meter har berre minimal, nesten pinleg, symboleffekt Med si amerikanske legning for å sjå stort på det, kunne han kanskje klare å gjere Noreg hermetisk lukka mot verdas ondskap.

Og ein vakker dag, når Trump trekkjer seg attende og vil nyte sitt otium, kan han klimaflykte og søkje tilflukt blant Frp-sympatisørar i Torrevieja. Der kan han og bestisen, Carl Ivar, sitje på strandpromenaden med eit glas vin, nyte synet av halvnakne soltilbedarar og slå av ein skikkeleg mannfolkprat om hine hardare dagar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook