Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ope brev til Vossa Jazz-styret

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

VOSSAJAZZ: «Budsjett er noko drit!». Slik opnar ein e-post vi i si tid fekk frå avgått leiar i Vossa Jazz, Lars Mossefinn. Det byrjar å bli ei stund sidan no. For snart eit halvt år sidan hadde vi gleda av å framføre avbestillingsverket «Flesk» på Vossa Jazz. Det var ei stor ære for oss, og forestillinga blei ein publikumssuksess, med to smekkfulle hus på Fleischers Hotell.Honoraret skulle vi få utbetalt rett etter festivalen. Vi ventar framleis. Og vi veit at fleire andre musikarar gjer det same. I følgje Dagbladet har heller ikkje Trygve Seim, som skreiv sjølve tingingsverket, fått betaling for stykket han brukte eit halvt år på å skrive.

INFORMASJON frå festivalen har det og vore sparsamt med. 27. april fekk vi ein e-post frå Mossefinn og styreleiar Trude Storheim der det sto at festivalen hadde fått eit «overraskande likviditetsproblem rett etter påske». Men det er sjølvsagt ikkje noko problem. Det tek berre lenger tid. Etter dette har vi stort sett måtta nøya oss med avisene. Der har vi mellom anna lese at den avgåtte festivalsjefen skal få ei etterløn verd 400 000 kroner.Tre av oss er utruleg nok ikkje eingong registrerte som kreditorar enno. Dei som har vore så heldige å havna på lista over folk festivalen skuldar pengar, blir i eit brev bedne om å delta i ei frivillig gjeldssanering. Kort sagt skal vi få ein brøkdel av honoraret. Og seier ein av oss nei til dette, går festivalen konkurs. Det er med andre ord eit tungt ansvar styret i Vossa Jazz no legg over på artistane sine skuldre.Difor har vi ein del spørsmål, som vi gjerne vil ha svar på. Kor mange artistar har ikkje fått oppgjer?Kvifor har nokon artistar fått oppgjer, medan andre ikkje har fått?Kva kriterier låg til grunn når festivalen plukka ut kven som fekk betalt?Kor vanleg er det å betala ut «fallskjermar» i organisasjonar som i stor grad er bygd opp på offentleg støtte og frivillig innsats?

LARS MOSSEFINN har utan tvil gjort ein stor innsats for Vossa Jazz. Og det er forståeleg at han må ha ein viss kompensasjon for å slutte i jobben. Men likevel: I følgje Bergens Tidende frå 17.08, skal hovudkreditor Voss Veksel- og Landmannsbank ha stilt som ultimatum at Mossefinn måtte gå av, dersom banken skulle vurdere å berge festivalen frå konkurs. Er det då rimeleg at Mossefinn skal få ei etterløn verd 400 000 før alle artistane får sine honorar?Er fallskjermen, eller det Mossefinn i Bergens Tidende kallar «paraplyen», avhengig av at vi kreditorar nøyer oss med ein liten del av honoraret?Dette handlar sjølvsagt om langt meir enn våre pengar. Dette handlar framfor alt om prinsipp. Meiner styret v/styreleiaren at det er rimeleg å forlange dugnadsinnsats av artistane, medan den avgåtte leiaren får etterløn?Og er det rett at ansvaret for festivalen si framtid skal lessast over på kvar enkelt musikar? I tillegg til store private utlegg, sit vi att med gode minne om det fantastiske festivalpublikummet på Voss. Tanken vår var å levere eit avbestillingsverk, ikkje å legge ned heile festivalen. Kjære Vossa Jazz, lat oss sleppe det.